Rapportering på opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Samla utgjer opptrappingsplanen mot vald og overgrep ei tverrdepartemental satsing på over éin milliard kroner i 2021. Ei oversikt over status på tiltaka viser at arbeidet er godt i gang. Planen ble lagt fram av Regjeringa Solberg.

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep blei lagt fram i oktober 2016 og vedtatt av Stortinget i april 2017. Planen inneheld både tiltak for gi betre hjelp til dei dei gjeld og tiltak for å kunne førebygge at vald og overgrep skjer.

Av dei 88 tiltaka i planen er 45 gjennomførte og 43 er påbyrja. Av desse er 35 løpande, det vil seie at dei går føre seg kontinuerleg – òg utover planperioden.

Det blir rapportert om oppfølging av planen i dei årlege budsjettproposisjonane for Barne- og familiedepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

Sjå rapporteringa per 1. juni 2021 for opptrappingsplanen mot vald og overgrep.