søkjarane om  tilskot til samlivstiltak           Nr.      ..."> søkjarane om  tilskot til samlivstiltak           Nr.      ...">

Retningslinjer for tilskot til samlivstiltak 2007

Rundskriv Q-07/2006

Til

søkjarane om 

tilskot til samlivstiltak

 

 

 

 

 

Nr.                                                                                                  Dato: 12.01.2007

 

Q-7/06                                                                               

                      

 

 

 

 

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL SAMLIVSTILTAK 2007

 

1. MÅLSETJINGA MED TILSKOTSORDNINGA

 

Midlar til samlivstiltak er løyvde over kap. 0830 på statsbudsjettet.

 

Den overordna målsetjinga med tilskotet er å stø opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing. Tiltak som kan styrkje samlivet kan vere viktige i eit samla førebyggjande familie- og samlivsarbeid. Ei viktig målsetjing er å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna.

 

Tilskotsordninga er oppretta med sikte på eit breitt spekter av søkjarar. Barne- og likestillingsdepartementet ynskjer å oppretthalde engasjementet hjå dei som arbeider på dette området. I ei tid med eit utvida familiebegrep og auka grad av ”nye” familie- og samlivsformer bør tilskotsordninga òg kunne nyttast til nye målgrupper og utvikling av nye metodar og tiltak for t.d. likekjøns-par, framandkulturelle par, ekspartnarar med felles barn,  m.v.

 

I marknadsføring og gjennomføring av alle type samlivskurs er det naudsynt å leggje særleg vekt på at kursa skal appellere til både menn og kvinner, og at begge kjønn skal ha nytte av kursa.

 

Midlane frå tilskotsordninga skal nyttast til to type tiltak:

 

1) lokale samlivskurs/samlinger for par, og

2) utviklingstiltak i samlivsarbeidet.

 

Tiltak som primært fell inn under andre statlege støtteordningar, t.d. midlar til samlivsrettleiing til foreldre med funksjonshemma barn eller tilbod om gratis samlivskurs for fyrstegongs foreldre, vil ikkje verte prioriterte her.

 

Midla skal nyttast på ein høveleg og økonomisk fornuftig måte slik at dei kjem flest  mogleg brukarar til gode. Det er difor viktig at dei administrative utgiftene til kursa vert haldne på eit lågt nivå. 

 

Tilskot vert innvilga etter ei heilskapleg og skjønsmessig vurdering.

 

 

 

2. LOKALE SAMLIVSTILTAK

 

2.1 Nærare om målsetjing og innhald

Samlivskursa har eit førebyggjande siktemål, og skal ikkje ha karakter av behandling. Målsetjinga er å utvikle og halde vedlike eit godt samliv i parforhold, både for ektepar og sambuarar, og slik stø opp om ein varig og stabil familiesituasjon. Kursa må ta opp det ein kan kalle "vanlege” problem i parforhold. Tiltak retta mot meir alvorlege problem eller kriser vert ikkje støtta av ordninga. Dette høyrer inn under andre instansar, t.d. familievernkontor og krisesentra.

 

Vanlege tema på samlivskurs er kommunikasjon, samspel, og konfliktløysing, korleis ein kan ta vare på og utvikle parforholdet, spørsmål kring samarbeid og arbeidsfordeling og andre sider ved samlivet.

 

Det er ei målsetjing at samlivskursa er av høg kvalitet, at dei vert haldne av kvalifiserte kursleiarar og at kursa vert tilpassa flest mogeleg brukargrupper.

 

 

2.2 Kven kan søkje

Frivillige organisasjonar og andre som har som målsetjing å stø opp om og styrkje parforhold/familien, kan søkje midlar til samlivskurs. "Frivillige organisasjonar" kan vera humanitære og religiøse organisasjonar, organisasjonar innan helse- og sosialsektoren, kyrkjelydar, o.a.  Kommunar, familievernkontor og liknande intitusjonar som vil ta opp samliv som tema kan søkje, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar.

 

For å nytta ressursane best mogeleg og for å opprette nettverk i lokalmiljøet, vil søkjarar som samarbeider lokalt verta prioriterte.

 

Det vert ikkje gjeve midlar til privatpersonar eller tiltak som er drivne på forretningsmessig basis.

 

2.3 Opplysningar i søknaden

Målsetjinga for kurset må gå klart fram av søknaden. Den må gje opplysningar om program og innhald, målgruppe, kursleiar/kurshaldar, tidspunkt og omfang. Planlagte kostnader må gå fram av eit eiga budsjett. Søkjarar som budsjetterar med eigne midlar vil verta prioriterte.

 

2.4 Bruk av midlane og rapportering

Tilskotet kan brukast til å dekke administrative utgifter som honorar, reise og opphaldsutgifter til kursleiarar, innkjøp av kursmateriell, annonsering og lokalleige. Midlane kan ikkje brukast til godtgjerdsle eller tilskot til kursdeltakarane sine utgifter til samlivskurs (reise, opphald, servering, gåver, utgifter til barnepass e.l.). Slike utgifter må dekkast anten av søkjaren/arrangøren eller av kursdeltakarane sjølve. Det er eit mål at deltakarane sine private økonomi ikkje skal utelukke mindre bemidla grupper frå å delta på kursa. Arrangøren skal difor velgje kursstad som ikkje inneber store utgifter til reise og opphald, sidan dette er utgifter som ikkje dekkast av tilskota.

 

Nærare opplysningar om disponering av midlane og rapportering frå tiltaket vert gjeve i brev med melding om tildeling av tilskot. Med tanke på eventuell seinare evaluering eller forskning skal ein i rapporteringa leggje ved ei utgreiing om brukarane sin evaluering av tiltaket.

 

3. UTVIKLINGSTILTAK

3.1 Nærare om målsetjing og innhald

Målsetjinga med utviklingsarbeidet er å styrkje den faglege kvaliteten på samlivskursa og auke kunnskapen om gode samlivstiltak. Dessutan vil det vere ønskjeleg å utvikle samlivstiltak retta mot andre grupper enn dei tradisjonelle målgruppene, jf pkt 1. Tiltak som tek sikte på å få til ei god organisering/spreiing av tilbodet og som kan medverke til at samlivstiltak vert ein integrert og etablert del av det lokale førebyggjande familiearbeidet vil verte prioriterte. Likeins vil utvikling av kurs til nye målgrupper og utvikling av nye metodar og tiltak verte prioriterte, jf. pkt. 1.

 

3.2  Kven kan søkje

Organisasjonar og institusjonar med kompetanse på samlivsarbeid og utviklingsarbeid kan søkje midlar til utviklingsprosjekt. Prosjekta kan dreie seg om ulike sider av samlivsarbeidet som t.d. skolering av kurshaldarar, utvikling av program/materiell for samlivskurs, organisering og samarbeid om samlivstiltak lokalt o.a.

 

3.3 Opplysningar i søknaden, bruk av midlane og rapportering

Prosjektsøknader må gjere grundig greie for bakgrunnen for og målsetjinga med prosjektet, metoden, gjennomføringa og kva ein ventar som resultat. Søknaden må vidare innehalde budsjett og framdriftsplan for tiltaket. Når det gjeld krav til opplysningar i søknaden og bruken av midlane, gjeld óg dei same vilkåra som ved lokale kurstiltak (jf. 2.3 og 2.4).

 

Prosjekta må gje ny kunnskap/røynsle innan samlivsfeltet. Resultata av utviklingsarbeidet må ha overføringsverdi, slik at dei kan medverka til fagleg og/eller organisatorisk utvikling av samlivsarbeidet. Ved prosjektslutt skal det lagast ein kort, skriftleg rapport om resultata.

 

Dei som søkjer om midlar til både lokale samlivskurs og til utviklingstiltak, må sende separate søknader til dei to formåla. Alle søknader sendest til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir.)