St.meld. nr. 12 (1998-99)

Kringkasting og dagspresse 1997

Til innholdsfortegnelse

3 Lokalkringkasting

Det er Statens medieforvaltning (SMF) som har ansvaret for å gje konsesjonar til å drive lokal kringkasting. SMF har òg ansvaret for å følgje opp konsesjonærane i høve til reglane m.a. om reklame. Årsmeldinga for 1997 frå Statens medieforvaltning, jf. uprenta vedlegg, gir eit godt oversyn over stoda og utviklinga for lokalkringkastinga i Noreg. Departementet syner til denne når det gjeld detaljar, og gir her berre eit stutt oversyn over stoda på området.

Tildelinga av konsesjonar til lokalradio vart avslutta i 1997, og ved utgangen av 1997 var det 312 lokalradiokonsesjonærar. Dette er fire fleire enn året før. Auken har samanheng med at nokre søkjarar som opphavleg fekk avslag på søknadene sine, fekk konsesjon etter klagehandsaminga i departementet. Etter tildelinga av konsesjonar fekk Statens medieforvaltning til saman 46 klager. Av desse vart 31 sende til Kulturdepartementet, som gav Statens medieforvaltning medhald i 27 av sakene, medan fire av vedtaka til Statens medieforvaltning vart omgjorde.

Også tildelinga av konsesjonar til lokalfjernsynvart avslutta i 1997. Ved utgangen av 1997 var det til saman 35 konsesjonar til å drive lokalfjernsyn i Noreg. 30 av desse konsesjonane gjeld allment lokalfjernsyn sendt frå bakkesendarar, ein konsesjon gjeld kabelsend kommunal informasjon, medan fire gjeld lokalt undervisningsfjernsyn sendt frå bakkesendarar. I tillegg til desse konsesjonane kjem dei særskilte konsesjonane som er gjevne til livssynsorganisasjonar til å sende over bakkesendarane til NRKTO. Til saman er det gitt 18 slike konsesjonar.

Statens medieforvaltning har gjort ei undersøking kring økonomien i lokalkringkastinga i Noreg. Undersøkinga syner at bransjen går med underskott. Den samla omsetninga i lokalfjernsyn var om lag 152 mill. kroner, medan utgiftene var om lag 197 mill. kroner. Berre fire selskap hadde positivt driftsresultat i 1997. I lokalradio var omsetninga om lag 202 mill. kroner, medan utgiftene låg på 225 mill. kroner. Undersøkinga syner at 140 av dei konsesjonærane som tok del i undersøkinga hadde positivt driftsresultat, medan 123 selskap gjekk med underskott.

Departementet legg til grunn at det ikkje er aktuelt å opprette eigne særskilte støtteordningar for drift av lokal kringkasting i Noreg ut over den støtta som blir gjeve frå Audiovisuelt produksjonsfond. Departementet syner her til at det lenge har vore brei semje om at denne bransjen må basere verksemda på marknaden.