St.meld. nr. 12 (1998-99)

Kringkasting og dagspresse 1997

Til innholdsfortegnelse

4 Presse

Gjennom ymse tilskottsordningar på statsbudsjettet blir det gitt støtte til produksjon av dagsaviser. Tilskottet i 1997 var på om lag 203 mill. kroner, og vart fordelt på 131 aviser, sju fleire enn i 1996. Det blir òg gitt særskilte tilskott til samiske aviser, til ymse publikasjonar og til medieforsking og etterutdanning. Tilskottsordninga for presskontora til dei politiske partia som er representerte på Stortinget er lagd ned frå og med 1998, jf. Stortingets handsaming av St.prp. nr. 1 (1997-98). Tilskottsordninga til ymse publikasjonar femner òg om publikasjonane til dei politiske partia som er representerte på Stortinget. I samsvar med Stortingets syn har departementet lagt fram forslag til endringar for denne delen av tilskottsordninga, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99).

Departementet syner elles til årsmeldinga frå Statens medieforvaltning når det gjeld detaljar kring fordelinga av tilskott m.m.