St.meld. nr. 13 (2005-2006)

Kredittmeldinga 2005

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2005.

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og om utviklinga i finansmarknaden. Vidare omtalar ein i kapitlet den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkelt­sakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2005. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2005 (og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken). Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2005. Kapittel 6 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2005. Omtalen i kapittel 4, 5 og 6 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 7 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) og inneheld også ein gjennomgang av IMF si gjennomføring av «Financial Sector Assessment Program» (FSAP) i Noreg i 2005. Formålet med IMF sin FSAP er å fremme robuste finansielle system i medlemslanda. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for 2005 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Til forsida