St.meld. nr. 15 (2002-2003)

Statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram St.meld. nr. 15. (2002-2003). Statlege utval, styre og råd som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2001. Departementet fremjar i år melding. Dette er i tråd med Stortinget sitt ynskje frå 1987, då det vart avgjort at ein berre fremjar melding kvart fjerde år. Stortingsmelding nr. 7 vart sist lagd fram i 1998.

Meldinga inneheld berre statlege utval, styre og råd, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa. Som innleiing til oversikta har ein først ei samanlikning med 2000 på endringane hjå dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekke tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2001. Deretter vert det gjort greie for regjeringa sin politikk på området. Til slutt fylgjer ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei. Samansetjinga av utvala er ajourført pr. 31. desember 2001, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av 2002, er ikkje tekne med. Oversikta byggjer på opplysningar frå departementa og Statsministerens kontor. Innsamling og handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilretteleggjing er utført av Statens forvaltningsteneste. Anonymiserte data vil vere tilgjengelege for forskingsformål hjå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste ved Universitetet i Bergen.

Til forsida