8 Fellesfråsegn frå EU og NATO om Den europeiske forsvars- og tryggingspolitikken (ESDP) 16. desember 2002

Den europeiske unionen og Det nordatlantiske forsvarssambandet

  • helser velkommen den strategiske partnarskapen som er etablert mellom Den europeiske unionen og NATO på krisehandteringsområdet, med grunnlag i felles verdiar, udeleleg tryggleik og eit fast forsett om å løyse utfordringane i det nye hundreåret,

  • helser velkommen den viktige rolla til NATO innan krisehandtering og konfliktførebygging, og stadfester at NATO no som før er grunnmuren i det kollektive forsvaret av medlemmene i organisasjonen,

  • helser velkommen den europeiske tryggings- og forsvarspolitikken (ESDP), som skal utvide det spekteret av verkemiddel som unionen alt har til disposisjon for å handtere kriser og førebyggje konfliktar og såleis støtte opp om den felles utanriks- og tryggingspolitikken, med ei evne til å gjennomføre EU-leidde krisehandteringsoperasjonar, også militære operasjonar der NATO som heilskap ikkje er involvert,

  • stadfester at ei sterkare europeisk rolle vil vere med på å vitalisere Alliansen, særleg på krisehandteringsområdet,

  • stadfester sitt faste forsett om å styrkje sine evner,

og erklærer at tilhøvet mellom Den europeiske unionen og NATO skal vere grunnlagt på følgjande prinsipp:

  • partnarskap for å sikre at krisehandteringsaktivitetane i dei to organisasjonane er gjensidig forsterkande, samtidig som ein erkjenner at Den europeiske unionen og NATO er organisasjonar med kvar si eigenart,

  • effektive og gjensidige ordningar for konsultasjon, dialog, samarbeid og innsyn,

  • likeverd og tilbørleg respekt for Den europeiske unionen og NATO sine interesser og frie rett til å gjere eigne vedtak,

  • respekt for interessene til medlemsstatane i Den europeiske unionen og NATO,

  • respekt for prinsippa i FN-charteret, som ligg til grunn for Traktat om Den europeiske unionen og Washington-traktaten, for å sikre eitt av dei uunnverlege fundamenta for eit stabilt euroatlantisk tryggingsmiljø grunnlagt på forpliktande vilje til å løyse tvistar på fredeleg vis, der ikkje noko land kan skremme eller tvinge noko anna ved å true eller bruke makt, og på respekt for rettar og plikter etter inngådde avtalar og på å avstå frå å handle einsidig,

  • konsekvent, tydeleg og gjensidig forsterkande utvikling av dei militære evnekrava som er felles for dei to organisasjonane.

For å oppnå dette

  • arbeider Den europeiske unionen for å sikre at europeiske NATO-medlemmer utanfor EU kan delta i størst mogleg grad i ESDP idet dei aktuelle Nice-ordningane blir sette ut i livet, som skissert i brevet frå EUs høge representant av 13. desember 2002,

  • støttar NATO ESDP i samsvar med dei relevante vedtaka frå toppmøtet i Washington, og gjev Den europeiske unionen, mellom anna og særskilt, garantert tilgang til NATOs planleggingsevner, slik det går fram av NATO-rådsvedtaka av 13. desember 2002,

  • har begge organisasjonane erkjent behovet for ordningar som sikrar konsekvent, tydeleg og gjensidig forsterkande utvikling av evnekrava som er felles for dei to organisasjonane, på grunnlag av ei open innstilling.