St.meld. nr. 3 (2008-2009)

Statsrekneskapen for 2008

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2008.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane vert det òg vist overført løyving frå 2007 til 2008 og overført løyving frå 2008 til 2009. Kapitalrekneskapen syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 gjev ein nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen av dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2008 er 1 182,6 mrd. kroner, medan utgiftene er 778,6 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 415,9 mrd. kroner, fordelt med 437,7 mrd. kroner i inntekter og 21,8 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond – Utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 744,9 mrd. kroner, medan utgiftene er på 756,7 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 11,8 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2008 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 8,4 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond – Utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kapittel 5800. Statsrekneskapen for 2008 vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,4 mrd. kroner. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med vel 0,1 mrd. kroner, medan utgiftene auka med knapt 3,6 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2008. Medrekna petroleumsverksemda auka inntektene med vel 0,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med knapt 1,0 mrd. kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2008 er no rekna til 72,2 mrd. kroner. Dette er 4,6 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2008, der det strukturelle underskotet i 2008 vart rekna til 76,8 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda på 415,9 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet på 8,4 mrd. kroner, syner rekneskapen for Statens pensjonsfond 103,1 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte, fordelt med 97,8 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond – Utland og 5,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond – Noreg. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 510,6 mrd. kroner i 2008. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond – Utland 505,3 mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjort opp med eit overskot på 507,2 mrd. kroner i 2008.

Ved utgangen av 2008 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond – Utland 2 279,6 mrd. kroner. Det er 261,1 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2007. Forutan overskotet på 505,3 mrd. kroner med fråtrekk for realiserte tap på 102,9 mrd. kroner og urealiserte tap på 630,2 mrd. kroner, auka verdien av fondet grunna svekka kronekurs med 506,2 mrd. kroner. Statens kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA for til saman 17,1 mrd. kroner reduserte kapitalen tilsvarande.

Frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008 vart kapitalen i Statens Pensjonsfond – Noreg redusert med 29,6 mrd. kroner, frå 117,3 mrd. kroner til 87,8 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 5,3 mrd. kroner og 34,9 mrd. kroner i samla kurstap på aksje- og renteplasseringane.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vert det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond – Utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det faktiske, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men òg av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i avkastninga av Statens pensjonsfond – Utland, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville vere etterspørselstimulerande i gode tider og etterspørseldempande i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk. For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga avvik frå trendnivåa. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Det vert korrigert for skilnaden mellom normalnivåa for staten sine renteinntekter og renteutgifter, og for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rad andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er basert på meir aggregerte berekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2008 er bruken av petroleumsinntekter i 2008 no rekna til 72,2 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er 4,6 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2008, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2008 vart rekna til 76,8 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland i 2008 er rekna til 80,7 mrd. kroner, eller om lag 8,6 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 4,2 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som vart foreslått i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2008, innebar at talet for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart redusert med 2,9 mrd. kroner til 73,9 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2008 til nysaldert budsjett for 2008 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet redusert med 1,1 mrd. kroner til 72,7 mrd. kroner, mellom anna som følgje av ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til 72,2 mrd. kroner, drygt 0,5 mrd. lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2008
Oljekorrigert underskot på statsbudsjettet11 797
– Overføringar frå Noregs Bank ut over berekna trendnivå6 010
– Netto renteinntekter. Avvik frå berekna trendnivå-7 545
– Særskilde rekneskapshøve-107
– Aktivitetskorreksjonar-58 733
= Strukturelt, oljekorrigert underskot72 173

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gjev ei samla oversikt over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjennom 2008.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 113,7 mrd. kroner, frå 393,5 mrd. kroner i 2007 til 507,2 mrd. kroner i 2008. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med 52,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 62,7 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet auka med 10,5 mrd. kroner frå 2007 til 2008.

Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda auka med 99,5 mrd. kroner, frå 316,4 mrd. kroner i 2007 til 415,9 mrd. kroner i 2008, i hovudsak grunna høgare oljepris. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond auka med 24,7 mrd. kroner, frå 78,4 mrd. kroner i 2007 til 103,1 mrd. kroner i 2008.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2008 (tal i mill. kroner):

    Rekneskap 2007Saldert budsjett 2008Nysaldert budsjett 2008Rekneskap 2008
1.Statsbudsjettet
A Inntekter i alt1 030 1241 036 7591 182 1301 182 631
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda337 446328 073437 340437 705
A.2 Inntekter utanom petroleumsverksemda692 678708 686744 790744 927
B Utgifter i alt715 077771 404777 601778 563
B.1 Utgifter til petroleumsverksemda21 05626 30024 44121 839
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemda694 021745 104753 160756 724
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-1 342-36 418-8 370-11 797
+Overført frå Statens pensjonsfond – Utland2 81036 4188 3708 370
=Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar1 46800-3 427
2.Statens pensjonsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond – Utland316 389301 773412 899415 866
Overført til statsbudsjettet2 81036 4188 3708 370
+Renteinntekter og utbyte i fondet178 40978 60084 200103 119
=Overskot i Statens pensjonsfond391 988343 955488 729510 615
3.Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond
Samla overskot393 456343 955488 729507 188

1 For 2007 var renter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland 74,3 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond – Noreg 4,1 mrd. kroner. For 2008 var tala 97,8 mrd. kroner og 5,3 mrd. kroner.

Kjelde: Finansdepartementet

1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2008 auka med 145,4 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 6,2 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 36,1 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 8,1 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 8,4 mrd kroner i nysaldert budsjett for 2008, noko som er 28,0 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med vesentleg auka skatte- og avgiftsinntekter på 33,0 mrd. kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til konjunktursituasjonen.

Budsjettutviklinga gjennom 2008 fram til nysalderinga er omtala nærare i St.prp. nr. 1 (2008–2009) Statsbudsjettet 2009, St.meld. nr. 1 (2008–2009) Nasjonalbudsjettet 2009, St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008, St.meld. nr. 2 (2007–2008) Revidert nasjonalbudsjett 2008 og St.prp. nr. 30 (2008– 2009) Ny saldering av statsbudsjettet 2008.

1.5.2 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2008 er det oljekorrigerte underskotet 11,8 mrd. kroner. Dette er 3,4 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jf. tabell 1.2. Sett bort frå petroleumsverksemda auka både inntektene og utgiftene. Utgiftene auka med 3,5 mrd. kroner meir enn inntektene.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet slik det vart forventa då. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2008 gjort opp med eit underskot på 3,4 mrd. kroner. Endringa på 3,4 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 0,1 mrd. kroner, frå 744,8 mrd. kroner til 744,9 mrd. kroner. Dei faktiske skattane vart 3,0 mrd. kroner lågare, medan andre inntekter auka med om lag 3,1 mrd. kroner.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 3,6 mrd. kroner, frå 753,2 mrd. kroner til 756,7 mrd. kroner.

Med i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,6 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirutgifter knytt til at overføringane frå 2008 til 2009 vart lågare enn overføringane frå 2007 til 2008 er òg rekna med i dei auka utgiftene frå nysalderinga til rekneskapen.

Endringar i inntektene

Tabellen syner endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter samanlikna med nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg-2 973
+ Aksjeutbyte og renteinntekter, ­medrekna renteinntekter under ­folketrygda og lån til helseføretaka170
+ Andre inntekter, netto1 305
= Auka inntekter utan standard ­refusjonar-1 499
+ Meirinntekter frå standard refusjonar1 635
= Samla auka inntekter136

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. vart samla sett 1,5 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene gjekk ned med om lag 3 mrd. kroner, medan andre inntekter auka med om lag 1,5 mrd. kroner. Av dette syner rekneskapen 0,2 mrd. kroner i auka inntekter frå renter og utbyter, medan meirinntekter på budsjettposter som det er knytte meirinntektsfullmakter til, utgjer om lag 1,3 mrd. kroner. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Brønnøysundregistrene og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert med for 2008. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a. Samla sett auka inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda med 0,1 mrd. kroner frå nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Tabellen syner endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter samanlikna med nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar-379
+ Stønader under folketrygda medrekna utgifter til dagpengar324
+ Tilskot til Statens pensjonskasse-162
+ Meirutgifter motsvara av reduserte overføringar til 20091 724
+ Meirutgifter motsvara av ­meirinntektsfullmakter1 296
+ Andre utgifter-874
= Meirutgifter før standard refusjonar1 929
+ Meirutgifter motsvara av standard ­refusjonar1 635
= Samla auka utgifter3 564

Samla syner rekneskapen meirutgifter på 3,6 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå auka utgifter som heng saman med standard refusjonar, syner rekneskapen 1,9 mrd. kroner høgare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Med i denne netto auken ligg meirutgifter på 1,3 mrd. kroner som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltninga si bruk av meirinntektsfullmakter. Vidare gjekk overføringane frå 2008 til 2009 ned med om lag 1,7 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2007 til 2008, jf. nærare omtale nedanfor.

På dei regelstyrte ordningane i statsbudsjettet var det i hovudsak mindre avvik i løyvingane. Dei største endringane kjem av mindreutgifter til ordninga med momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar, auke i dei samla utbetalingane under folketrygda og reduserte utgifter til pensjonar under Statens pensjonskasse.

Sett bort frå dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen for 2008 som er forklart ovanfor, er det dermed ein netto utgiftsreduksjon på knapt 0,9 mrd. kroner som fordeler seg på ei rekkje løyvingar.

Overført, unytta løyving til 2009

Overførte løyvingar frå 2008 til 2009, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, vart samla 1,7 mrd. kroner lågare enn overførte løyvingar frå 2007 til 2008. Det er særleg Forsvarsdepartementet som har redusert sine overførte løyvingar. Dei overførte løyvingane går ned med 1,3 mrd. kroner under Forsvarsdepartementet, og dette er i hovudsak knytt til materiell, nybygg og anlegg. Under Arbeids- og inkluderingsdepartementet går overføringane ned med om lag 0,3 mrd. kroner, i hovudsak knytt til NAV reforma og drift av Arbeids- og velferdsetaten. Under Samferdselsdepartementet går overføringane ned med 0,3 mrd. kroner under Statens vegvesen. Samla overføringar under Miljøverndepartementet går ned med 0,2 mrd. kroner, medan overføringane for Statsbygg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet går ned med 0,155 mrd. kroner, i hovudsak knytt til byggjeprosjekt. Nokre departement syner ein mindre auke i overføringane, sjå tabell 1.3, Vedlegg 1 for ei meir detaljert oversikt over endra overføring per departement.

Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner):

ÅrOverført løyvingAuke/nedgang (-) frå førre år
2004–20056 54763
2005–20067 223676
2006–200710 0022 779
2007–20089 010-992
2008 – 20097 287-1 724

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal syne utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for somme rekneskapsmessige høve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gjev uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2008.

I Nasjonalbudsjettet 2008 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2¼ prosent.

I nysaldert budsjett for 2008 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til vel 3 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2008 er veksten rekna til vel 2½ prosent, dvs. ei nedjustering med om lag ½ prosentpoeng sidan anslaget i nysaldert budsjett. I nysaldert budsjett vart meirutgifter motsvara av meirinntekter i 2007 trekt ut av nivået på dei samla utgiftene ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2007 til 2008, jf. tabell 1.4 i St.prp. nr. 30 (2008 – 2009). I 2007 vart desse meirinntektene rekna til 2,5 mrd. kroner. Ved berekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2007 til 2008 er desse utgiftene no rekna med i utgiftsnivået i 2007. Vidare vart utgiftene i rekneskapen for 2008 om lag 3,6 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med meirinntekter i 2008 og lågare overføringar frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Samla sett er dermed den nominelle utgiftsendringa frå 2007 til 2008 om lag den same som lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten med ½ prosentpoeng frå nysaldert budsjett er i hovudsak knytt til høgare løns- og prisvekst enn tidlegare lagt til grunn.

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 syner utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2007 er lånebehovet utanom petroleumsverksemda redusert med 33,8 mrd. kroner, frå 59,4 mrd. kroner i 2007 til 25,6 mrd. kroner i 2008. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 2,2 mrd. kroner høgare enn forventa ved nysalderinga.

Endringane i utlån kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Statens lånekasse for utdanning330
Bustadlån til statstilsette752
Forskot på rammetilskot til kommunar180
Den norske stats husbank177
Innovasjon Noreg747
Andre utlån, netto7
Samla endring utlån2 193

Tilbakebetalingane vart vel 0,2 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (tal i mill. kroner):

Den norske stats husbank-494
Innovasjon Noreg807
Andre låntakarar, netto-63
Samla endring i tilbakebetalingane250

Netto utlån vart dermed 1,9 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Då rekneskapen syner eit underskot på 3,4 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 5,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 5,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

I 2006 gjennomførde Statoil ASA fleire tilbakekjøp av aksjar frå marknaden. Dette medførde at staten fekk utbetalt 2,4 mrd. kroner i 2007. Midlane vart overført til Satens Pensjonsfond – Utland. I 2008 har staten kjøpt aksjar for 17,1 mrd. kroner i StatoilHydro ASA, dekt ved overføring frå Statens pensjonsfond – Utland. Utgiftene til aksjekjøp i StatoilHydro ASA vart noko lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2008 (tal i mill. kroner):

    Rekneskap 2007Saldert budsjett 2008Nysaldert budsjett 2008Rekneskap 2008
Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.m.99 71075 63568 52170 714
Tilbakebetalingar68 46460 74648 29348 543
Statsbudsjettet sitt overskot1 46800-3 427
=Netto finansieringsbehov29 77814 88920 22825 599
+Gjeldsavdrag29 649000
=Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov59 42814 88920 22825 599
Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i StatoilHydro ASA m.m.2 442000
Utlån, aksjeteikning m.m.0018 90017 136
=Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond – Utland2 4420-18 900-17 136

Kjelde: Finansdepartementet

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2008 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg utgjorde 680,4 mrd. kroner i 2008, ein auke med 47,6 mrd. kroner eller 7,5 prosent. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsetjinga enn lagt til grunn hausten 2007 har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 30,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2008. Den høge veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi fram til hausten 2008. Skatte- og avgiftsinntektene vart 3,0 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2008, mellom anna på grunn av lågare vekst i inntektene frå meirverdiavgifta mot slutten av året.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 680,4 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2008 utgjorde skatt på inntekt og formue 194,9 mrd. kroner. Frå 2007 til 2008 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 11,9 prosent. Den høge veksten kjem mellom anna av at inntektene frå skattlegging av føretak har auka med drygt 10 prosent. Skatt på opparbeidde forpliktingar i reiarlag har medverka til å auke skatteinntektene til staten med om lag 1,2 mrd. kroner i 2008.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 206,0 mrd. kroner i 2008, ein auke på 11,1 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta vaks med 3,7 prosent til 190,7 mrd. kroner i 2008.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 88,9 mrd. kroner i 2008, som er 0,7 prosent mindre enn året før.

1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond – Utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2008 vel 21,8 mrd. kroner, der 20,0 mrd. kroner var investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå StatoilHydro ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE omfattar i hovudsak driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Inntektene frå petroleumsverksemda vart på 437,7 mrd. kroner i 2008. Netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed på 415,9 mrd. kroner.

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond – Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdi av fondet sine eigedelar.

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta, vart 245,2 mrd. kroner i 2008.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 759 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt arealavgift vart 57,5 mill. kroner lågare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart 7,7 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan inntektene frå avgift på utslepp av NOxvart 8,5 mill. kroner lågare.

Andre inntekter frå petroleumsverksemda

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 150 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2008 er 153,8 mrd. kroner. Utbyte frå StatoilHydro ASA vart i 2008 vel 16,9 mrd. kroner, som er same nivå som lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett gjekk inntektene frå petroleumsverksemda opp med 109,3 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda gjekk ned med 1,9 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda gjekk dermed opp med 111,1 mrd. kroner, frå 301,8 mrd. kroner til 412,9 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland auka med 4,8 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 28,1 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Statens pensjonsfond – Utland med 144 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Reduserte petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift-833
+ Auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå StatoilHydro1 198
+ Reduserte investeringar i statleg ­petroleumsverksemd m.m.2 602
= Netto endring i petroleumsinntekter2 967

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda vart om lag 3 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk opp frå 412,9 mrd. kroner til 415,9 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2/NOx-avgift vart 833 mill. kroner lågare, inntektene frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå StatoilHydro auka med 1,2 mrd. kroner, medan investeringsutgiftene vart vel 2,6 mrd. kroner lågare.

Det er overført 8,4 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet, noko som inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond – Utland for 2008 samla sett er 3 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum med fråtrekk for overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart dermed 407,5 mrd. kroner i 2008.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i Statens pensjonsfond – Utland opp frå 79,5 mrd. kroner til 97,8 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond – Utland dermed 505,3 mrd. kroner i 2008, noko som er 21,3 mrd. kroner høgare enn forventa i nysaldert budsjett.

Ut over overskotet syner fondet ein nedgang på 244,1 mrd. kroner, der kurstap m.m. reduserte fondets kapital med 227 mrd, kroner, medan kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA reduserte kapitalen med 17,1 mrd. kroner. Nedgangen på 227 mrd. kroner kjem av realiserte tap på 102,9 mrd. kroner, urealiserte tap på 630,2 mrd. kroner og 506,2 mrd. kroner i auka verdi av fondet grunna svekka kronekurs.

Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond – Utland auka frå 2 018,5 mrd. kroner ved utgangen av 2007 til 2 279,6 mrd. kroner ved utgangen av 2008.

Overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda.

1.10 Utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008 – 2009) og Innst. S. nr. 12 (2008 – 2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. I proposisjonen vart det varsla at dei budsjettmessige konsekvensane av ordninga i 2008 ville verte behandla i nysalderinga av budsjettet for 2008. I St.prp. nr. 30 (2008–2009) Ny saldering av statsbudsjettet 2008, la Finansdepartementet til grunn at byteordninga ikkje hadde nokre budsjettmessige konsekvensar i 2008, og det vart difor ikkje fremja forslag om endra løyving for 2008 som følgje av ordninga.

I kapitalrekneskapen per 31.12.2008 er mottekne obligasjonar med fortrinnsrett bokført på eigedelssida med til saman 46,0 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytt til ordninga er bokført på gjeldssida med 42,0 mrd. kroner (kontogruppe 8055). Kurs og sikkerheitselement er bokført med 4,0 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).

Til forsida