St.meld. nr. 45 (2003-2004)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2004 og fisket etter avtalane i 2002 og 2003

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2004, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2004 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 486.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Den bekymringsfulle situasjonen for norsk kysttorsk medførte ein drastisk reduksjon av denne kvoten. Kvoten for 2004 inneber ei halvering av fjorårets kvote til 20.000 tonn.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 130.000 tonn for 2004. Ettersom loddebestanden no er på eit botnnivå blei det derimot ikkje opna for fiske etter lodde i 2004. Noreg og Russland er også for 2004 samde om eit kvotebytte på eksklusive bestandar.

Noreg og Russland har fastsett ein totalkvote på 780.000 kongekrabbar for 2004, fordelt med 500.000 krabbar til Russland og 280.000 til Noreg. I forståing med Russland vil Noreg i 2004 innføre ei vestgrense for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26° austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2004 vil vere arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Partane er einige om å utforma eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten i løpet av fyrste halvår 2004.

Som for 2003, speglar også kvoteavtalen med EU for 2004 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å føre vidare kvotane for torsk og kviting på same nivå som i 2003 då desse vart kraftig redusert. Noreg og EU er også samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk. Som ledd i dette har ein i 2004 innleidd eit samarbeid for å revidere forvaltningsplanane for torsk, hyse, sei, raudspette og sild.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002 og 2004.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Referanse-TAC"en som vart vedteke av dei tre kyststatane vart utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2004. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 52.192 tonn. Både Russland og Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2004 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtaler for 2004 med Færøyane og Grønland. Som fylgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004, har Noreg sagt opp den bilaterale rammeavtalen med Polen. Det er for 2004 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, og Noreg har i 2003 forhandla frem ein ny trepartsavtale med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det er ikkje inngått ei fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2004. Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels bilateral avtale med Russland for 2004. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske 80.000 tonn sild i NØS nord om 62ŦN og i fiskerisona rundt Jan Mayen.

Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ein separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt tolv drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 4.290 tonn i 2004.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet som vert forvalta av NEAFC har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2004 er, som i åra 2001 til 2003, ein totalkvote for begge områdane.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for talet på fartøy som kan delta i fisket og grenser for det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 2004. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2003 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR og ICCAT. Noreg er også medlem i SEAFO.

Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). Rådgjevinga frå ICES blir utarbeidd av Den rådgjevande komitéen for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uavhengig av storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone i tråd med det tidspunkt som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte fartøyet å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte slike fartøy å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62ŦN fullt ut i 2002 og om lag fullt ut i 2003.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2002, medan sei ikkje vart nytta fullt ut i 2002. Det stod att ein rest av både makrell, sild- og seikvoten i 2003. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2002 fiska 225.000 tonn kolmule i internasjonalt område medan det i 2003 vart fiska 465.000 tonn. I 2002 og 2003 vart kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 56 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2002 og om lag 53 % i 2003. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2002 og i 2003.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

I sesongen 2002/2003 og 2003/2004 nytta dei norske fartøya heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2002 og 2003.

Rekefisket ved Flemish Cap vart innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten. Det var elleve fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap både i 2002 og 2003.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra. I 2002 vart det fiska om lag 4.600 tonn, i 2003 om lag 3.200 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ŦN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EU sitt fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 77 % og 70 % i 2002 og 2003.

I 2002 fiska Færøyane nesten heile seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, i 2003 vart berre 35 % av seikvoten i NØS i Nordsjøen utnytta. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2002 og 2003.

Grønland har sidan kvoteavtala vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2002 og 2003 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsida