St.meld. nr. 6 (1997-98)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 1996-30. juni 1997

Til innholdsfortegnelse

2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 1997 over konstitueringar i embete og over mellombels oppretta stillingar.

c. Barne- og familiedepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  2. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

e. Fiskeridepartementet

  1. Ein ekspedisjonssjef er konstituert i embete grunna permisjon.

f. Forsvarsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga er tilsett i eit engasjement.

  2. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

d. Finans- og tolldepartementet

  1. Fire avdelingsdirektørar er konstituert i embeta grunna permisjon.

  2. Åtte underdirektørar er konstituert i embeta grunna permisjon.

  3. Ein ekspedisjonssjef er konstituert i embete grunna permisjon.

g. Justisdepartementet

  1. Ein ekspedisjonssjef er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  2. Ein direktør er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  3. Tre underdirektørar er konstituerte grunna omorganisering.

  4. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  5. Ein lovrådgjevar er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  6. Ein dommar i Drammen byrett er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  7. Ein førstestatsadvokat ved ØKOKRIM er framleis konstituert fordi den faste innehavaren har framleis permisjon

  8. Riksadvokaten er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  9. Ein lagdommar ved Gulating lagmannsrett er konstituert i påvente av at vedkommande som er utnemnd ikkje kan tiltre før 1. januar 1997.

  10. Ein dommar ved Toten sorenskrivarembete er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  11. Seks lagdommarar i Borgarting lagmannsrett er konstituerte i embeta for å redusere restansene ved embete.

  12. To statsadvokatar ved Oslo statsadvokatembete er konstituerte fordi dei faste innehavarane er konstituerte i andre embete

  13. Sjefen for politiets overvakingsteneste er konstituert fram til ny sjef for overvakningstenesten blir tilsett.

  14. Ein dommar på Ytre Follo sorenskrivarembete er konstituert i embete grunna mellombels styring av embete.

  15. To avdelingsleiarar/dommarar i Oslo byrett er konstituerte fordi dei faste innehavarane av stillingane er konstituert som lagdommarar i Borgarting lagmannsrett.

  16. Ein dommar i Høgsterett er konstituert i påvente av at ny dommar blir utnemnd.

  17. Ein lagdommar i Agder lagmannsrett er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert som dommar i Borgarting lagmannsrett.

  18. Ein lagdommar i Agder lagmannsrett er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  19. Ein dommar ved Tana og Varanger sorenskrivarembete er konstituert fordi den faste innehavaren er langtidssjukmeld.

  20. Ein dommar ved Ryfylke sorenskrivarembete er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

h. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  2. Ein byråsjef er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  3. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

i. Kommunal- og arbeidsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har fått forlenga sitt engasjement i ei annan stilling.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  3. Ein byråsjef er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga vikarierer i ein annan stilling.

  4. Seks byråsjefar er konstituert i embete fordi dei faste innehavarane av stillingane har permisjon.

  5. Ein byråsjef er gitt forlenga konstitusjon i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har fått forlenga permisjon.

j. Kulturdepartementet

  1. Ein statsarkivar er konstituert i embete fordi den faste innehavaren har permisjon.

  2. Nasjonalbibliotekaren er konstituert i embete fordi den faste innehavaren har permisjon.

k. Landbruksdepartementet

  1. To underdirektørar er konstituerte i embeta fordi dei faste innehavarane har permisjon.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren har permisjon.

l. Miljøverndepartementet

  1. To avdelingsdirektørar er konstituerte i embete fordi dei faste innehavarane har permisjon.

m. Nærings- og energidepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi innehavaren av stillinga har permisjon.

  2. Ein underdirektør er framleis konstituert i embete fordi innehavaren av stillinga tok til teneste att samstundes med at ein anna innehavar av stillinga som underdirektør har permisjon.

n. Samferdselsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga er tilsett i eit anna embete.

o. Sosial- og helsedepartementet

  1. Ein ekspedisjonssjef er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  2. Ein avdelingsdirektør er mellombels tilsett i embete fordi den faste innehavaren av stillinga er konstituert i eit anna embete.

  3. Grunna omgjering av ein ledig stilling frå byråsjef til underdirektør, er ein person mellombels tilsett som underdirektør medan vi ventar på vanleg tilsetjing i embete.

  4. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  5. Tre byråsjefar er konstituerte i embeta fordi dei faste innehavarane av stillingane har permisjon.

p. Utanriksdepartementet

  1. Ein ekspedisjonssjef er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

Til forsiden