St.meld. nr. 62 (1996-97)

Kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Til innholdsfortegnelse

6 Dagspresse

I tidlegare meldingar om kringkasting og dagspresse har departementet gjort relativt detaljert greie for den økonomiske stoda for pressa. Denne omtalen vil frå no bli gitt i budsjettframlegget, slik at økonomiske spørsmål kan sjåast i samanheng med løyvingane på området.

I 1996 vart det fastsett ny forskrift om produksjonstilskott til dagsaviser. Den nye forskrifta stiller fleire krav til organisering og drift av aviser som får produksjonstilskott. Mellom anna blir det stilt krav om at aviser som skal få produksjonstilskott må vere organiserte som aksjeselskap. Dette gjer at reglane i aksjelova om utbytte og konsernbidrag gjeld for alle aviser som får produksjonstilskott. Aviser som inngår i konsern skal vidare gi ein spesifikasjon over vesentlege transaksjonar med andre selskap i konsernet og samtidig stadfeste at transaksjonane er gjennomførte til marknadspris. Desse reglane skal til saman sikre at produksjonstilskottet ikkje går til aviseigarane som utbytte/konsernbidrag. For ytterlegare å sikre at produksjonstilskottet blir brukt til å gi ut ein avis, er det innført ein regel om at tilleggsverksemd som omfattar meir enn 1/3 av omsetninga i avisselskapet må skiljast ut som eige aksjeselskap.

Aviser som søkjer produksjonstilskott må innehalde hovudsakleg allment nyhende- og aktualitetsstoff som gjer at avisa skil seg frå andre typar publikasjonar. Dette er ein skjønnsregel som presseorganisasjonane i lengre tid har ønskt å erstatte med meir objektive reglar. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 1997 slutta Stortinget seg til forslaget i St.prp. nr. 1 (1997-98) om å endre definisjonen av «støtteberettiget dagspresse». Endringa inneber at det ikkje lenger skal setjast krav til det allmenne innhaldet i avisene. Dette vil saman med enkelte justeringar av krava til opplag og talet på utgivingar i kalenderåret, gi klarare reglar enn i dag. Endringa er innarbeidd i forskrifta med verknad frå 1997.

Storparten av produksjonstilskottet går i dag til nr. 2-avisene. Tilskottet til nr. 2-avisene blir rekna ut etter godkjent netto opplag multiplisert med talet på utgivingar pr. kalenderår og blir ytt etter ulike satsar. Aviser i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger får tilskott etter høgaste sats. Såkalla riksspreidde meiningsberande aviser i Oslo og Bergen får eit særskilt ekstra tilskott. Aviser med opplag mellom 1 000 og 6 000 eksemplar får eit fast tilskott etter talet på utgivingar i veka. Nr. 1- og aleineaviser i Nordland, Troms og Finnmark får støtte etter dobbel sats.

I Oslo og Bergen blir det gitt ut fleire enn to aviser. Talet på stadar med to aviser gjekk ned frå 13 til 12 i 1996. To aviser som fikk pressestøtte vart nedlagde i 1996. Begge avisene var nr 2-aviser. Frå 1971 til og med 1996 er 54 aviser i tilskottsordninga avvikla. 35 av desse var nr 2-aviser. I same perioden er 64 aviser komne inn i tilskottsordninga. 16 av desse er nr 2-aviser.

I 1996 vart det gitt produksjonstilskot til 124 aviser. Seks nye aviser kom inn i tilskottsordninga i 1996.

Tabell 6.1 Produksjonstilskotet dei fem siste åra fordelt på avisgrupper ( mill. kr)

19921993199419951996
Aleineaviser24,82827,532,733,8
Nr. 1 aviser1,11,1222
Nr. 2 aviser139,5157,9167,8167,6163,9
Totalt165,7187,2197,3202,3199,7