St.meld. nr. 62 (1996-97)

Kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Til innholdsfortegnelse

2 Allmenne utviklingstrekk

2.1 Sjåar-, lyttar og lesartal. Utviklinga i samla mediebruk

Det samla biletet av mediebruken i Noreg syner at han er relativt stabil. Den totale gjennomsnittlege mediebruken fall frå 1995 til 1996 frå 334 til 312 minutt per dag. I 1996 brukte nordmenn 117 minutt til fjernsynssjåing. I 1995 var dette talet 124 minutt. Tid brukt på radio fall frå 1995 til 1996 frå 99 til 84 minutt. Gjennomsnittleg tid brukt på aviser fall svakt frå 40 til 38 minutt i same periode. Bruken av heime-PC auka frå 9 til 11 minutt. Også videosjåinga auka noko. Tala for mediebruk avviker noko frå dei som vart omtalte i St. meld. nr 12 (1996-97) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v. Dette heng saman med at departementet tidlegare har basert seg på tal frå NRK. For ettertida vil departementet leggje til grunn tal frå Statistisk Sentralbyrå. Tabell 2.1 viser utviklinga i gjennomsnittleg mediebruk dei seinare åra;

Tabell 2.1 Tid brukt på ymse massemediar ein gjennomsnittsdag. 1991-96. Minutt

19911992199419951996
Avis3939394038
Fjernsyn114108113124117
Radio10691969984
Plate/kassett/CD4032383130
Vekeblad87766
Bøker1413111212
Tidsskrift65555
Teikneserieblad33332
Heime-PC10911
Video87857
Minutt totalt338305330334312

Kilde: Kjelde: Norsk mediebarometer - SSB

2.2 Endringar i marknadsdelar - kringkasting

Tabellane 2.2 og 2.3 syner korleis marknadsdelane var fordelte på dei ulike kringkastingskanalane i 1996:

Tabell 2.2 Marknadsdel av den samla lyttartid - radio (%)

19931994199519961997 1.halvår
NRK6860606061
P4627293030
Lokalradio2412111110

Kilde: Kjelde: NRK Forskningen

Av tabell 2.2 ser ein at den sterke auken til P4 ser ut til å ha stoppa opp. P4 har sidan etableringa i 1993 kvart år vunne oppslutnad først og fremst frå lokalradioane, men lyttartala ser no ut til å ha stabilisert seg.

Tabell 2.3 Marknadsdel av samla sjåartid - fjernsynet (%)

19931994199519961997 1. halvår
NRK15551454342
NRK212
TV21924303232
TVNorge88878
TV366667
Andre1111121110

Kilde: Kjelde: NRK Forskningen

NRK Fjernsynet mister framleis marknadsdelar til dei andre kanalane. Tilbakegangen ser likevel i hovudsak ut til å ha stogga. Voksteren til TV2 ser òg ut til å ha flata ut. Dei kommersielle kanalane som blir formidla over satellitt og kabel har om lag same marknadsdelar som i åra før.

2.3 Marknadsutvikling - dagspresse

Når det gjeld avismarknaden vart det ved utgangen av 1996 gitt ut 220 ulike aviser i Noreg. Dette er to fleire enn året før. Dette er fjerde år på rad at det samla talet på aviser veks. Samla dagleg opplag for desse avisene var i 1996 om lag 3,14 millionar eksemplar, noko som ligg nær talet for 1995.

Tendensen i utviklinga mellom dei ulike avistypene var at landsdelsavisene styrkte sin posisjon på kostnad av laussalsavisene. Opplaget til dei lokale dagsavisene var om lag uendra frå 1995 til 1996.

På eigarsida var det relativt få endringar med omsyn til eigarkonsentrasjon i dagspressa frå 1995 til 1996. Tabellen 2.4 syner utviklinga frå 1990. Tala gjeld berre aviser der dei tre største eigargruppene hadde meir enn 50 % av aksjane.

Tabell 2.4 Dei tre største eigargruppene sine delar av samla opplag (%)

19901993199419951996
Schibsted2627272726
A-pressa1716161717
Orkla Media38101010
Dei tre store i alt4651535454
Alle aviser100100100100100

Kilde: Kjelde; IJ-rapport 2/97

Schibsted og A-pressa eig i tillegg større aksjepostar i mellom anna TV2. Samstundes eig TV2 ein større aksjepost i TVNorge. Dette inneber at desse konserna spelar ei meir sentral rolle på eigarsida i det norske mediebiletet enn tabellen kan gi inntrykk av.