St.meld. nr. 8 (2000-2001)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 1999 - 30. juni 2000

Til innholdsfortegnelse

2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 2000 over konstitueringar i embete og over mellombels oppretta stillingar.

a. Statsministerens kontor

  1. Ein ekspedisjonssjef var konstituert fordi den faste innehavaren hadde permisjon.

b. Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  1. Fylkesmannen i Buskerud er konstituert i embete på grunn av at den faste innehavaren er stortingsrepresentant.

c. Barne- og familiedepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete på grunn av at den faste innehavaren har permisjon.

d. Finansdepartementet

  1. Tre avdelingsdirektørar er konstituert fordi dei faste innehavarene av embete har permisjon.

  2. Fem underdirektørar er konstituert fordi dei faste innehavarene av embete har permisjon.

e. Fiskeridepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren er tilsett i ei anna stilling.

f. Forsvarsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren har permisjon.

g. Justis- og politidepartementet

  1. Fire lovrådgjevarar er konstituert fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i anna embete.

  2. Tre underdirektørar er konstituerte fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i anna embete.

  3. Ein avdelingsdirektør er konstituert på grunn av omorganisering.

  4. Ein ekspedisjonssjef er konstituert grunna omorganisering.

  5. Ein lovrådgjevar er konstituert i samband med oppfølging av Samerettsutvalets utredning NOU 1997:4 Naturgrunnlaget for samisk kultur i Finnmark.

  6. Ein byråsjef er konstituert for å lede restansenedbyggingsprosjektet i Utlendingsavdelingen.

  7. Ein førstestatsadvokat ved Den sentrale eininga for etterforsking og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) er konstituerte fordi dei faste innehavarane er konstituert/tilsett i anna embete eller har permisjon.

  8. Ein førstestatsadvokat ved Oslo statsadvokatembeter er konstituerte fordi den faste innehavaren er tilsett i anna embete.

  9. Fire statsadvokatar ved Oslo statsadvokatembeter fordi dei faste innehavarane er konstituert/tilsett i anna embete eller har permisjon

  10. Ein førstestatsadvokat ved Hedmark og Oppland statsadvokatembeter er konstituert fordi den faste innehavaren er tilsett i anna embete.

  11. Ein statsadvokat ved Hedmark og Oppland statsadvokatembeter er konstituert fordi den faste innehavaren er tilsett i anna embete.

  12. Ein statsadvokat ved Vestfold og Telemark statsadvokatembeter er konstituerte fordi den faste innehavaren er konstituert i anna embete.

  13. Ein statsadvokat ved Rogaland statsadvokatembeter er konstituerte fordi den faste innehavaren er tilsett i anna embete.

  14. Sjefen for Kriminalpolitisentralen, samt politimeistrane i Drammen, Larvik, Kragerø, Nordmøre, Inntrøndelag, Vestfinnmark, Vadsø og Sørvaranger er konstituerte fordi dei faste innehavarane er konstituerte/tilsett i ei anna stilling eller har permisjon.

  15. Politimeistrane i Halden, Sarpsborg, Fredrikstad, Hamar, Østerdal, Sandefjord, Arendal, Hordaland og Vardø konstituert fordi departementet arbeider med regulering av distriktsinndelingane i politi- og lensmannsetaten

  16. Ein dommar er konstituert grunna sjukdom og permisjon.

  17. Ein dommar er konstituert fordi den faste innehavaren er tilsett i eit anna embete.

  18. Ein sorenskrivar er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  19. Ein dommar er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  20. Ein sorenskrivar er konstituert i påvente av ein avklaring av domstolstrukturen.

  21. Ein sorenskrivar er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  22. Ein dommar har fått forlenga konstituert fordi den faste innehavaren har fått ytterlegare permisjon.

  23. Ein dommar er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  24. Ein avdelingsleiar er konstituert for å få ned restansene i domstolen.

  25. Direktøren ved Ullersmo landsfengsel er konstituert på grunn av omorganisering.

h. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  1. Fire underdirektørar er framleis konstituerte fordi dei faste innehavarane har permisjon.

  2. Tre avdelingsdirektørar er framleis konstituert fordi dei faste innehavarene har permisjon.

  3. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

i. Kommunal- og regionaldepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituerte i embeta fordi den faste innehavaren har permisjon.

  2. Ein underdirektør er konstituert i embeta fordi den faste innehavaren har permisjon.

l. Miljøverndepartementet

  1. Ein departementsråd er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  2. Ein ekspedisjonssjef er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  3. Tre avdelingsdirektørar er konstituerte fordi dei faste innehavarane har permisjon.

  4. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

m. Nærings- og handelsdepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embeta da dette er ei tidsavgrensa stilling.

n. Olje- og energidepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embeta fordi den faste innehavaren har permisjon.

p. Sosial- og helsedepartementet

  1. To underdirektørar er konstituerte fordi dei faste innehavarane har permisjon.

Til forsiden