St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2004 mv.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Støtteramma for fiskerinæringa for 2003 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 10. desember 2002, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003) og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2002-2003). Avtaleramma var på 70 mill. kroner.

Norges Fiskarlag bad i brev av 30. oktober 2003 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2004. Kravet frå Fiskarlaget var 265 mill. kroner.

Partane forhandla etter dette fram til den 5. november 2003 utan at ein klarte å bli samde. Regjeringa legg med dette fram forslag for Stortinget om støttetiltak for fiskerinæringa med ei ramme på 50 mill. kroner for 2004. I tillegg kjem forslag om endringar i løyvingane knytt til strukturtiltak. Desse forslaga er i samsvar med staten sitt endelege tilbod under forhandlingane.