St.prp. nr. 15 (1997-98)

Om endring av ein del løyvingar m.v. for 1997 på Samferdselsdepartementets område

Til innholdsfortegnelse

Forslagtil vedtak om endringar i statsbudsjettet for 1997

I.

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
1300Samferdselsdepartementet:
01Løn og godtgjersler, blir redusert med2 500 000
frå kr 50 500 000 til kr 48 000 000
11Varer og tenester, blir auka med4 500 000
frå kr 27 065 000 til kr 31 565 000
1301Forsking og utvikling m.v.:
21Utgreiingar vedr. miljø, trafikktryggleik m.v., blir redusert med2 600 000
frå kr 15 900 000 til kr 13 300 000
51Transportforsking, blir redusert med3 000 000
frå kr 17 800 000 til kr 14 800 000
1310Flytransport (jf. kap. 4310):
70Tilskot til innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311, post 60, blir auka med18 100 000
frå kr 235 000 000 til kr 253 100 000
71Kjøp av flytransporttenester, blir redusert med150 000 000
frå kr 150 000 000 til kr 0
1311Tilskot til regionale flyplassar:
60Tilskot til ikkje-statlege flyplasser , kan overførast, kan nyttast under kap. 1310, post 70, blir redusert med2 500 000
frå kr 72 400 000 til kr 69 900 000
70Overføring til Luftfartsverket, blir redusert med15 600 000
frå kr 106 500 000 til kr 90 900 000
1320Vegadministrasjon (jf. kap. 4320):
01Løn og godtgjersler, blir auka med19 000 000
frå kr 1 011 200 000 til kr 1 030 200 000
11Varer og tenester, blir auka med3 000 000
frå kr 403 700 000 til kr 406 700 000
30Investeringar i vegadministrasjonen, kan overførast, blir redusert med7 000 000
frå kr 53 100 000 til kr 46 100 000
1321Drift av statens vegar m.v. (jf. kap. 4321):
23Vedlikehald og drift , kan overførast, kan nyttast under post 24, blir auka med104 600 000
frå kr 3 782 100 000 til kr 3 886 700 000
1322Statens veganlegg (jf. kap. 4322):
30Riksveganlegg, kan overførast, blir redusert med48 600 000
frå kr 3 872 200 000 til kr 3 823 600 000
1350Jernbaneverket (jf. kap. 4350):
23Drift og vedlikehald , kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med35 000 000
frå kr 1 825 000 000 til kr 1 860 000 000
1371Etablering av Posten Norge BA:
(Ny) 90Eigenkapital, blir ført opp med300 000 000

Inntekter:

Kap.PostFormålKroner
4310Flytransport (jf. kap. 1310):
70Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester, blir redusert med150 000 000
frå kr 150 000 000 til kr 0
5611Renter av lån til NSB BA:
80Renter, blir redusert med164 145 000
frå kr 220 000 000 til kr 55 855 000
5612Renter av lån til Posten Norge BA:
80Renter, blir redusert med32 000 000
frå kr 145 000 000 til kr 113 000 000

II.

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Stikkordet «kan overførast» kan leggjast til kap. 1301 Forsking og utvikling m.v., postane 51 Transportforsking og 52 Telekommunikasjonsforsking.

  2. Unytta løyvingar under vegformål for 1997, som blir godkjend overførte til 1998, blir overførte til nye kapittel og postar i 1998 i samsvar med det nye budsjettsystemet.

  3. Unytta løyving for 1997 på kap. 1320 Vegadministrasjon, post 71 Nord-Norsk Trafikksenter A/S i Lenvik, kan overførast til 1998 til kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, øyremerkt trafikksenteret.

  4. Trondheim kommune får høve til å forskottere 34,0 mill. kr til fylkesvegprosjektet Østre Rosten i Trondheim mot refusjon med framtidige bompengeinntekter, utan renter, i perioden 2002-2007.

Til forsiden