St.prp. nr. 23 (1997-98)

Om endringar på statsbudsjettet for 1997 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Til innholdsfortegnelse

0

Kap 0200 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Departementet gjorde i St prp nr 10 (1995-96) greie for eit prosjekt om å skrive historia til departementet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil sjå dette arbeidet i ein større samanhang og vil komme tilbake til ei vidareføring av prosjektet på eit seinare tidspunkt.

Kap 0221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

Det er i 1997 løyvt om lag 39 mill kroner på denne posten. Oppgåver frå utdanningskontora i Nord-Noreg viser at det blir teke ut færre studiepermisjonar enn ein hadde venta. Ein foreslår å redusere løyvinga på kap 0221 post 60 med 12,5 mill kroner i 1997.

Post 63 Tilskott til skulefritidsordningar, kan overførast

Det er i 1997 løyvt 341,4 mill kroner på denne posten. Oppgåver frå statens utdanningskontor viser at det for 1997 vil bli eit mindrebehov. Årsakene til mindrebehovet er at talet på elevar i skulefritidsordninga våren 1997 var lågare enn føresett, og at elevane i gjennomsnitt har noko kortare opphaldstid enn ein hadde venta. Ein foreslår å setje ned løyvinga under kap 0221 post 63 med 10 mill kroner.

Post 65 Tilskott til undervisning for framandspråklege elevar

Det er i 1997 løyvt om lag 540 mill kroner til tilskott til undervisning for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar. Løyvinga dekkjer tilskott til ekstra norskopplæring, morsmålopplæring, opplæring i asylmottak og integreringstilskottet til kommunane. Ein foreslår at løyvinga under kap 0221 post 65 blir redusert med 42 mill kroner hovudsakleg som følgje av at det har vore færre barn i asylmottak enn lagt til grunn i budsjettet.

Post 67 Tilskott til kommunale musikkskular, omlagløyving

Det er i 1997 løyvt om lag 92 mill kroner til tilskott til kommunale musikkskular. Ein ventar eit mindreforbruk i høve til løyvinga. Årsaka til dette er at det ikkje har vore slik vekst i timetalet i musikkskulane som ein har lagt til grunn i budsjettet. Ein foreslår å redusere løyvinga under kap 0221 post 67 med 7 mill kroner.

Kap 0229 Andre formål i grunnskulen

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga for 1997 er på om lag 13,7 mill kroner og dekkjer utgifter til avgangsprøva o a i grunnskulen. Det er eit meirbehov på posten hovudsakleg fordi det i budsjettet ikkje var teke med utgiftsdekking knytta til sensur av eigne prøver for vaksne. Ein foreslår å auke løyvinga under kap 0229 post 21 med 1,5 mill kroner.

Post 60 Kompensasjon for investeringskostnader i samband med grunnskulereforma

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 1997 følgjande, jf Innst S nr 295 (1996-97):

«Stortinget ber Regjeringen kompensere for investeringskostnader til alle kommuner som må gjøre bygningsmessige tilpasninger for seksåringer som ikke utløser nye klasser.»

Stortinget løyvde ikkje midlar til dette formålet. Ved kongeleg resolusjon av 27. juni 1997 vart det gitt samtykke til å overskride løyvinga for 1997 med inntil 4,5 mill kroner inntil saka kunne bli lagt fram for Stortinget. Sakshandsaminga knytt til å følgje opp vedtaket i Stortinget er no avslutta. Basert på tilsegner gitt til kommunane er det behov for ei tilleggsløyving i 1997 på kr 2 434 000 av ramma på 4,5 mill kroner. Ein foreslår at løyvinga under kap 0229 post 60 blir auka tilsvarande.

Kap 0231 Tilskott til vidaregåande opplæring

Post 65 Tilskott til ekstra språkopplæring for framandspråklege elevar/lærlingar

Talet på elevar som kjem inn under ordninga med ekstra språkopplæring vart lågare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. Det vil derfor bli eit mindreforbruk på denne posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 0231 post 65 med 4 mill kroner.

Kap 0234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

Post 11 Varer og tenester

Departementet har planlagt å utvikle eit system for å ta i mot data om fagopplæring frå fylkeskommunane. Det er sett av midlar til dette over kap 0234 post 11. Det administrasjonssystemet fylkeskommunane har for fagopplæring, Linda-fagopplæring, er enno i ein utviklingsfase. Departementet har på bakgrunn av dette heller ikkje utvikla ferdig systemet for mottaking av data. Det er derfor ikkje behov for heile løyvinga på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 0234 post 11 med 1,4 mill kroner.

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar, kan overførast

I 1997 vart tilskotta til lærebedrifter styrkt med til saman 250 mill kroner. Av styrkingspakka vart 208 mill kroner løyvt over kap 0234 post 70. Tiltaka innanfor denne ramma er utforma med særskild tanke på å stimulere nye og etablerte bedrifter til å ta inn fleire lærlingar. Nye lærebedrifter får eit ekstra tilskott på 25 000 kroner, og etablerte bedrifter får eit ekstra tilskott på 18 000 kroner for kvar lærling dei tek inn ut over det dei har teke inn året før. Det er berre lærlingar som følgjer reforma som utløysar tilskott.

I samband med den utdanningspolitiske utgreiinga fatta Stortinget den 5. juni følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om at stimuleringstilskuddene for å ta inn nye lærlinger beregnes bedriftsvis, uavhengig av om bedriften er tilsluttet et opplæringskontor. Endringene gjøres gjeldende for stimuleringstilskuddene i 1997.»

Med heimel i lov om fagopplæring i arbeidslivet § 4 blir lærekontrakt teikna med lærling og opplæringskontor som partar. Til no har det derfor ikkje eksistert system for registrering av kor mange lærlingar den enkelte medlemsbedrifta i eit opplæringskontor har hovudansvaret for. Med atterhald om tilslutning frå Stortinget har departementet bede fylkeskommunane starte registreringa av lærlingar på den enkelte medlemsbedrift. Det er dermed lagt til rette for at stimuleringstilskotta kan bli rekna ut for kvar enkelt bedrift tilknytta eit opplæringskontor. Departementet foreslår med dette at stimuleringstilskotta for 1997 blir rekna ut for kvar enkelt bedrift, uavhengig av om bedrifta er tilknytta eit opplæringskontor, i samsvar med stortingsvedtaket.

Isolert sett kan forslaget føre med seg auka utbetalingar av stimuleringstilskott til opplæringskontor. Årsaka er at når tilskotta blir rekna ut for kvar enkelt bedrift, vil alle medlemsbedrifter som kan vise til ein netto auke i talet på lærlingar dei har hovudansvaret for, utløyse tilskott. Medlemsbedrifter som har netto nedgang i talet på lærlingar dei har ansvar for, vil ikkje utløyse tilskott. Dersom tilskotta hadde vorte rekna ut for opplæringskontoret samla, hadde medlemsbedrifter med netto nedgang i talet på lærlingar medverka til å redusere den totale utbetalinga til opplæringskontoret.

På den andre sida er det inngått færre lærekontraktar i år enn det som ligg til grunn for løyvinga over posten. Utbetalinga av stimuleringstilskott vil vere avhengig av talet på inngåtte kontraktar. Departementet har derfor ikkje, samla sett, haldepunkt for å foreslå endring i løyvinga på posten.

På grunn av mellom anna det meirarbeidet som fylkeskommunane har hatt i samband med registreringa av lærekontraktar på den enkelte medlemsbedrift i opplæringskontora, er det mogleg at ikkje alle fylkeskommunane greier å rapportere inn i tide til at utbetalinga av stimuleringstilskott kan gjerast i 1997. Departementet ber derfor om at stikkordsfullmakta «kan overførast» blir føyd til denne løyvinga, slik at eventuelle for seint innkomne krav kan utbetalast i 1998, jf forslag til vedtak II.

Post 71 Tilskott til drift av opplæringsråd

Gjennomføringa av Reform 94 er i sluttfasen. Dette har endra oppgåvene til opplæringsråda. Departementet foreslår at løyvinga på kap 0234 post 71 blir redusert med 1,4 mill kroner.

Kap 0235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk

Post 11 Varer og tenester

I samband med at tidlegare statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk er nedlagde eller førte over til kommunesektoren er det rom for å redusere kap 0235 post 11 med 2,5 mill kroner. Med forslaget til parallell nedjustering av inntekter og utgifter under kap 3235 og kap 0235 post 11, jf tabell under, foreslår departementet ein samla reduksjon i løyvinga under kap 0235 post 11, med i alt 4,3 mill kroner.

Kap 0239 Andre formål i vidaregåande opplæring

Post 21 Særskilde driftsutgifter

På grunn av mellom anna færre eksamenar i vidaregåande opplæring enn forventa, vil det bli eit mindreforbruk på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 0239 post 21 med 7,1 mill kroner.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Tilskottet går til deltaking i utdanningsprogramma LEONARDO og CEDEFOP. Noreg betaler kontingent og administrasjonstilskott til EU for deltaking i desse programma. I tillegg kjem utgiftene til den nasjonale administrasjonen av prosjekta i Noreg. Administrasjonstilskottet og kontingentutbetalinga til EU i 1997 er redusert i forhold til det budsjettforslaget frå EU som låg til grunn for løyvinga. Departementet foreslår på bakgrunn av dette at løyvinga under kap 0239 post 72 blir redusert med 2,3 mill kroner i 1997.

Kap 0240 Private skular o a

Post 70 Tilskott, omlagløyving

Det blir eit mindreforbruk på posten i 1997. Grunnen er mellom anna at tre godkjende grunnskular likevel ikkje kom i gang hausten 1997. I tillegg viser elevtalsoppgåvene frå skulane i inneverande år at elevtalet er lågare enn føresett i budsjettet for 1997. Departementet foreslår etter dette å redusere løyvinga med 18 mill kroner.

Kap 0249 Andre tiltak i utdanninga

Post 73 Tilskott til privateigde skule- og kyrkjebygg

Omfanget av søknader som gir grunnlag for tilskott frå posten er aukande, og heile løyvinga for 1997 har gått med til å dekkje utbetaling av tilskott for søknader frå 1996, jf omtale i St prp nr 1 (1997-98). Det har til no i 1997 kome inn søknader som gir grunnlag for tilskott på om lag 12,6 mill kroner. Departementet foreslår etter dette å auke løyvinga med 12,6 mill kroner, slik at tilskott på grunnlag av søknader i 1997 kan utbetalast i 1997.

Kap 0250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne

Post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar

Oppgåver frå statens utdanningskontor viser at det er eit mindrebehov på 38 mill kroner i 1997. Grunnen til mindrebehovet er m a at det er ein nedgang i talet på flyktningar og asylsøkjarar. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 38 mill kroner.

Kap 0260 Universitetet i Oslo

Kap 0279 Noregs veterinærhøgskule

Post 01 Lønn og godtgjersle

Kjemiundervisninga for veterinærstudentar er frå 1997 ført over frå Universitetet i Oslo til Noregs veterinærhøgskule. Ein foreslår derfor å redusere løyvinga med kr 300 000 under kap 0260 post 01 og å auke løyvinga under kap 0279 post 01 tilsvarande.

Kap 0261 Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen har lagt fram forslag for departementet om å leige areal i eit bygg som Bergens Tidende no eig i Bergen. Leige av desse areala vil gjere det mogleg for universitetet å samlokalisere aktivitetar som no er spreidde. Utgiftene knytte til leigeprosjektet vil bli dekte innanfor eksisterande budsjettrammer, m a ved avvikling av noverande leigeavtaler. Vidare tek universitetet sikte på å nytte midlar frå sal av eigedom til å løyse inn delar av areala i bygget.

Kap 0273 Statlege kunsthøgskular

Post 46 Ombyggingar, utvidingar, ekstraordinært vedlikehald, kan overførast

Kap 0281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskular

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Som følgje av arbeidet med ny lokalisering av kunsthøgskulane har departementet sett det som lite tenleg å bruke midlar til ombyggingar, utviding og ekstraordinært vedlikehald i eksisterande lokale ved desse institusjonane. Departementet arbeider vidare med vurdering av konkrete lokaliseringsalternativ. I den samanhengen foreslår ein å redusere løyvinga på kap 0273 post 46 med 2 mill kroner og auke løyvinga på kap 0281 post 45 tilsvarende slik at midlane kan disponerast i høve til nye lokaliseringsprosjekt.

Kap 0281 Bygg og fellesutgifter for universitet og høgskular

Post 01 Lønn og godtgjersle

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget å løyve 15 mill kroner til rekrutteringsstillingar, jf Budsjett-innst S II (1996-97). I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 1997, jf St prp nr 63 (1996-97), vart det spesifisert at midlane skulle nyttast til å opprette 46 post doc-stillingar og 46 stipendiatstillingar.

Departementet opplyste i St prp nr 1 (1997-98) at dei formelle sidene ved tilpassing av stillingskategorien post doc til tenestemannslova enno er under utgreiing. Det har til no ikkje vore grunnlag for å gi midlar til dei nye stillingane. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår derfor at kap 0281 post 01 blir redusert med 8,35 mill kroner på statsbudsjettet for 1997.

Kap 0287 Forskingsinstitutt

Post 50 NOVA

Post 52 Norsk utanrikspolitisk institutt

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) er frå 1997 forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og er sjølve ansvarlege for framtidig dekking av feriepengar.

I samsvar med statleg praksis vart det ikkje sett av feriepengar i 1996 for utbetaling i 1997. Året 1997 vil på grunn av omorganiseringa vere eit overgangsår, der NUPI og NOVA må dekkje feriepengar for 1997 og samtidig setje av midlar for opptente feriepengar som først kjem til utbetaling i 1998.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår etter dette å auke løyvinga med 0,9 mill kroner for NOVA og 1,1 mill kroner for NUPI.

Kap 0288 Internasjonale samarbeidstiltak

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Budsjetta til organisasjonane blir endeleg vedtekne etter at St prp nr 1 er lagt fram. Medlemskontingentar til internasjonale forskingsorganisasjonar vil i tillegg variere noko med endringar i valutakursen, og med at kontingentane frå dei einskilde landa varierer i takt med landa sine brutto nasjonalprodukt. Ei oversikt over innbetalingane for 1997 viser ei innsparing på posten på 16,8 mill kroner. Departementet foreslår etter dette å redusere løyvinga med 16,8 mill kroner.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

Ei oversikt over innbetalingane for 1997 viser at det er ei innsparing på posten. Kontingenten til EUs rammeprogram for forsking blir endeleg vedteken etter at St prp nr 1 er lagt fram. Utbetalingane vil også bli påverka av endringar i valutakursen. Løyvinga på posten kan overførast til 1998, men av omsyn til kravet om realistisk budsjettering foreslår departementet å redusere løyvinga med 35 mill kroner.

Kap 0291 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

Post 73 Tilskott til studentbarnehageplassar

Løyvingsramma i St prp nr 1 (1996-97) gir rom for tilskott til om lag 2 150 studentbarnehageplassar. Ein foreslår at løyvinga blir auka med 3,9 mill kroner for å gi rom for tilskott til fleire studentbarnehageplassar i 1997.

Kap 0294 Kyrkjeleg administrasjon

Post 11 Varer og tenester

Arbeidet med eit kyrkjeleg medlemsregister starta i 1995. Arbeidet er utført i regi av Kyrkjerådet. Eit mellombels medlemsregister låg føre til soknerådsvalet i oktober 1997. Under kap 0299 Opplysningsvesenets fond, post 79 Til rådvelde for felleskyrkjelege tiltak, er det for 1997 sett av kr 1 950 000 til dette arbeidet. Kyrkjerådet har opplyst at dei samla utgiftene i 1997 til arbeidet med registeret ikkje kan dekkjast av den summen som er sett av under kap 0299 post 79. Meirbehovet er av Kyrkjerådet rekna til kr 2 650 000. Da det her gjeld eit tiltak som Kyrkjerådet har ansvar for, er det naturleg at summen blir løyvt over kap 0294 post 11.

Med forslaget til parallell nedjustering av inntekter og utgifter under kap 3294 og 0294, jf tabell under, foreslår departementet ei samla tilleggsløyving under kap 0294 post 11, på i alt kr 2 110 000.

Kap 0297 Nidaros domkyrkje o a

Post 31 Vestfrontplassen, kan overførast

Post 31 gjeld løyvingar til nyutforming av vestfrontplassen ved Nidaros domkyrkje og rehabilitering av nye lokale i Bispegata 11 for Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider. Kostnadsramma for desse byggjearbeida, som skjer i regi av Statsbygg, var 36,6 mill kroner per 1. juli 1997, jf St prp nr 1 (1996-97). Nyutforminga av vestfrontplassen var ferdig i mai 1997. Dei rehabiliterte bygningane i Bispegata 11 skal vere ferdige til innflytting seinast ved årsskiftet 1997/98. Den verkstaddrifta som skal lokaliserast i Bispegata 11, stiller krav om særskilde brukartilpassingar som ikkje var tilstrekkeleg kjende då kostnadsramma vart utforma. Desse utgiftene kan ikkje dekkjast av dei løyvingane som er gitt. Meirbehovet er rekna til kr 2 700 000. I tillegg er det behov for i alt kr 560 000 til nedmontering og transport av tyngre utstyr og materiell ved flytting av verkstaden til Bispegata 11, medrekna visse utgifter til sikring av dei bygningane som blir ståande att på vestfrontplassen, og som blir fråflytta når Restaureringa blir lokalisert i Bispegata 11. Departementet foreslår etter dette at løyvinga under post 31 blir auka med kr 3 260 000.

Kap 2410 Statens lånekasse for utdanning

Post 01 Lønn og godtgjersle

Post 11 Varer og tenester

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i St prp nr 1 (1997-98) sagt følgjande:

«Det er nedsatt en arbeidsgruppe som skal vurdere iverksettelse av tiltak for å forbedre inkassosiden i Statens lånekasse for utdanning og redusere tapsomfanget knyttet til misligholdelse av lån i Lånekassen. Departementet vil komme tilbake til resultatet av dette arbeidet.»

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ser det som viktig raskt å kome i gang med å styrkje innkrevjingsarbeidet i Statens lånekasse for utdanning. Eit sentralt problem i dag er at manglande kapasitet gjer at låntakarar som får oppsagt låna sine fordi dei ikkje betaler, først kan bli følgde opp etter om lag 10 månader.

Departementet vil på bakgrunn av dei endelege konklusjonane frå arbeidsgruppa vurdere organisering og finansiering av innkrevjingsarbeidet i Lånekassa i eit meir langsiktig perspektiv. I tillegg vil det i samband med årtusenskiftet bli kravt monalege omleggingar av datasystema i Statens lånekasse for utdanning.

For m a å kunne setje i gang arbeid med dei nemnde tiltaka foreslår Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet at løyvinga på kap 2410 Statens lånekasse for utdanning blir auka med 6 mill kroner på statsbudsjettet for 1997, fordelt med 2 mill kroner på post 01 og 4 mill kroner på post 11.

Post 72 Rentestønad

I samsvar med Innst S nr 91 (1996-97), jf St meld nr 51 (1995-96) Om folkehøgskolane, gjorde Stortinget vedtak om minstestipend til 19-åringar i folkehøgskolane. Vedtaket hadde denne ordlyden:

«Med verknad frå skoleåret 1997-98 skal elevar som vel å ta folkehøgskolen som siste år i eit fireårig løp, ha rett til utvida minstestipend til dei er 20 år.»

Departementet foreslår ei tilleggsløyving på 1 mill kroner på kap 2410 post 72 i 1997 for at desse elevane ikkje berre skal ha det utvida minstestipendet som ligg inne i støttesystemet for søkjarar under alderskiljet for behovsprøving mot foreldreinntekt, men at dei i tillegg skal kunne få lån utan behovsprøving på linje med 19-åringar elles. Dei kan da frå og med skoleåret 1997-98 få lån utan behovsprøving mot foreldreinntekt og -formue. Departementet anslår at kostnadene ved dette på sikt vil utgjere om lag 10 mill kroner per år.

Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar

Parallelle reduksjonar

For nokre av inntektskapitla vil ikkje inntektene på einskilde postar bli så høge ved institusjonane som dei vedtekne inntektsløyvingane. Ein foreslår derfor å setje ned desse løyvingane. Som inndekking for svikten i inntekter foreslår departementet å redusere utgiftsløyvingane tilsvarande. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.

(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 3232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå
Post 02 Salsinntekter o a- 2 500 000
Kap 3235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk
Post 02 Salsinntekter o a- 300 000
Kap 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 02 Salsinntekter o a- 1 500 000
Post 60 Betaling frå kommunar og fylkeskommunar- 600 000
Kap 3294 Kyrkjeleg administrasjon
Post 02 Salsinntekter o a-540 000
Kap 3297 Nidaros domkyrkje o a
Post 04 Leigeinntekter- 400 000
Sum reduksjon i inntektsløyvingar- 5 840 000

Departementet foreslår at inntektssvikten blir dekt inn i samsvar med oppstillinga i tabellen nedanfor.

(Beløp i kroner)
Utgiftskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 0232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå
Post 11 Varer og tenester- 1 000 000
Kap 0235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk
Post 11 Varer og tenester- 1 800 000
Kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 11 Varer og tenester- 2 100 000
Kap 0294 Kyrkjeleg administrasjon
Post 11 Varer og tenester- 540 000
Kap 0297 Nidaros domkyrkje o a
Post 11 Varer og tenester- 400 000
Sum reduksjon i utgiftsløyvingar- 5 840 000

Parallelle aukar

For nokre av inntektskapitla vil inntektene på einskilde postar bli høgre ved institusjonane enn dei vedtekne inntektsløyvingane. Det blir derfor foreslått å auke desse løyvingane og å parallelljustere tilsvarande utgiftsløyvingar. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.

(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og postLøyvingsauke
Kap 3250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne
Post 02 Salsinntekter o a+ 1 000 000
Kap 3260 Universitetet i Oslo
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 70 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 40 000 000
Post 51 Inntekter under Observatoriefondet og Tøyenfondet+ 4 000 000
Kap 3261 Universitetet i Bergen
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 50 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 10 000 000
Kap 3262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 70 000 000
Post 02 Salsinntekter o a24 000 000
Kap 3263 Universitetet i Tromsø
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 30 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 6 000 000
Kap 3264 Noregs handelshøgskule
Post 02 Salsinntekter o a+ 1 000 000
Kap 3268 Noregs idrettshøgskule
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 1 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 2 000 000
Kap 3273 Statlege kunsthøgskular
Post 02 Salsinntekter o a+ 1 500 000
Kap 3274 Statlege høgskular
Post 02 Salsinntekter o a+ 20 000 000
Kap 3279 Noregs veterinærhøgskule
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 10 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 6 000 000
Kap 3280 Riksbibliotektenesta
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 2 500 000
Kap 3283 Det norske meteorologiske institutt
Post 01 Inntekter ved oppdrag+ 5 000 000
Post 02 Salsinntekter o a+ 5 000 000
Sum auke i inntektsløyvingar+ 359 000 000

Departementet foreslår ein parallell auke i utgiftsløyvingane i samsvar med oppstillinga i tabellen nedanfor.

(Beløp i kroner)
Utgiftskapittel og postLøyvingsauke
Kap 0250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne
Post 11 Varer og tenester+ 1 000 000
Kap 0260 Universitetet i Oslo
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 28 000 000
Post 11 Varer og tenester+ 12 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 74 000 000
Kap 0261 Universitetet i Bergen
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 7 000 000
Post 11 Varer og tenester+ 3 000 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 50 000 000
Kap 0262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 16 800 000
Post 11 Varer og tenester+ 7 200 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 70 000 000
Kap 0263 Universitetet i Tromsø
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 4 200 000
Post 11 Varer og tenester+ 1 800 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 30 000 000
Kap 0264 Noregs handelshøgskule
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 700 000
Post 11 Varer og tenester+ 300 000
Kap 0268 Noregs idrettshøgskule
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 1 400 000
Post 11 Varer og tenester+ 600 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 1 000 000
Kap 0273 Statlege kunsthøgskular
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 1 100 000
Post 11 Varer og tenester+ 400 000
Kap 0274 Statlege høgskular
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 14 000 000
Post 11 Varer og tenester+ 6 000 000
Kap 0279 Noregs veterinærhøgskule
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 4 200 000
Post 11 Varer og tenester+ 1 800 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 10 000 000
Kap 0280 Riksbibliotektenesta
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 2 500 000
Kap 0283 Det norske meteorologiske institutt
Post 01 Lønn og godtgjersle+ 3 500 000
Post 11 Varer og tenester+ 1 500 000
Post 21 Særskilde driftsutgifter+ 5 000 000
Sum auke i utgiftsløyvingar+ 359 000 000
Til forsiden