St.prp. nr. 28 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 55/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

3 EØS-komiteen sitt vedtak

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 28. oktober 1996 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtalen òg omfattar handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner for perioden 1. januar 1996 til 31. desember 2000.

EØS-komiteen sitt vedtak nr. 55/96 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 5 i protokoll 31 til EØS-avtala slår fast at samarbeidet i samband med verksemda til Fellesskapet innanfor sosialpolitikken skal finne stad innanfor rammene av dei fellesskapsrettsaktene som er rekna opp i artikkelen.

Artikkel 1 i EØS-komiteen sitt vedtak slår fast at rådsvedtak 95/593/EF om handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000) skal leggjast til som eit nytt strekpunkt i artikkel 5 nr. 2.

Artikkel 2 slår fast at eit tillegg skal leggjast til i protokoll 31. Dette tillegget slår fast at EFTA-statane skal ta del i handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt for like gode vilkår for menn og kvinner, at dei skal gje finansiell støtte til programmet i samsvar med artikkel 82 nr 1 bokstav a) i EØS-avtala, og at dei skal ta del fullt ut i dei EØS-utvala som hjelper Kommisjonen i forvaltinga, utviklinga og gjennomføringa av handlingsprogrammet. Dette tillegget ligg føre som vedlegg til vedtak nr. 55/96 i EØS-komiteen.

I samsvar med artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala, slår artikkel 3 i vedtaket fast at det ikkje skal ta til å gjelde før det er motteke meldingar frå partane om at dei forfatningsrettslege krava er stetta. For Noreg kan dette først gjerast etter at Stortinget har gjeve samtykke etter reglane i § 26 andre leddet i Grunnlova.

Artikkel 4 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.