St.prp. nr. 28 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 55/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

5 KONKLUSJONAR OG TILRÅDING

Etter Regjeringa sitt syn er det viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet på likestillingsområdet. Noreg har vore eit føregangsland på dette området, med lange tradisjonar i arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn. Vi har såleis mykje å kome med. Vi ligg mellom anna høgt på statistikken når det gjeld kvinnerepresentasjon i folkevalde organ på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Men Noreg vil òg kunne gjere seg nytte av impulsar frå andre land i Europa, særleg fordi målsetjingane og prioriteringane i handlingsprogrammet er i samsvar med norsk politikk og norske prioriteringar. EU har vore ein pådrivar for likestilling for kvinner i medlemsstatane. Deltakinga i likestillingsprogrammet vil kunne vere ein måte å knyte oss til dei andre europeiske landa på og styrkje samarbeidet over landegrensene.