St.prp. nr. 35 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 vart vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) i EØS-avtala. Endringa vart gjord ved at det i vedlegg XXII etter nr. 10 vart lagt til eit nytt nr. 10a, som viser til rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) (TEF L 294 av 10.11.2001, s. 1). Det vert vidare presisert at for føremålet med EØS-avtala skal føresegnene i forordninga gjelde med følgjande tilpassingar for Noreg sin del: i vedlegg I til forordninga vert nemninga «allmennaksjeselskap» lagt til, og i vedlegg II til forordninga vert nemningane «allmennaksjeselskap og aksjeselskap» lagde til.

Føremålet med forordninga er å leggje til rette for og betre tilhøva for føretak som driv verksemd på tvers av landegrensene innanfor EØS-området.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002.

Avgjerda i EØS-komiteen og forordning (EF) nr. 2157/2001 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.