1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under administrasjon, luftfartsformål, vegformål, jernbaneformål og post.

Sakene fordeler seg under dei ulike programkategoriane som følgjer:

Under administrasjon:

  • Forslag om å gjere om to stillingar (2-årsheimlar som avdelingsdirektør og rådgjevar) som Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet 1997, til to rådgjevarstillingar, tidsavgrensa til 2 år. Bakgrunnen for forslaget er endringar i ansvarsområda og dermed arbeidsoppgåver i Samferdselsdepartementet.

  • Forslag om å overføre eigedomane Skjalgheim og Solvang i Sola kommune frå Samferdselsdepartementet til Ellen og Axel Lunds stiftelse.

Under luftfartsformål:

  • Forslag om at Samferdselsdepartementet skal kunne avtale rentekompensasjon for utsett oppgjer ved statleg overtaking av regionale lufthavner.

  • Forslag om å auke låneramma for 1997 til Oslo Lufthavn AS til finansiering av fleire kommersielt lønsame prosjekt.

Under vegformål:

  • Orientering om oppfølging av vedtak om gassdrift i ferjesambandet i Boknafjorden.

  • Orientering om investeringar i Lier i samband med ulemper som vegnettet i ytre Lier blir påført pga. Kjellstadbommen på E-18 i Lier.

  • Orientering om rettingar i rekneskapen til Statens vegvesen for 1996 av tidlegare feil ved føringa av tilbakehald av betaling til entreprenørar.

Under jernbaneformål:

  • Forslag om endringar i vedteke budsjett for 1997 for kap. 1350 Jernbaneverket. Bakgrunnen for framlegget er auka utgifter til meirverdiavgift pga. at køyrevegen og trafikkdelen i det tidlegare NSB no er formelt skilde, og at trafikkdelen er etablert som eit sjølvstendig rettssubjekt.

Under post:

  • Forslag om at den statlege garantien for innskot i Postbanken skal falle bort frå 1. januar 1997 fordi banken no er medlem av Forretningsbankenes sikringsfond, og at inntektsløyvinga for 1997 som gjeld garantiavgift til staten, også skal falle bort.