St.prp. nr. 42 (1997-98)

Om endring av ein del løyvingar m.v. for 1998 på Samferdselsdepartementets område

Til innholdsfortegnelse

Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 1998 I.

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
1320Statens vegvesen (jf. kap. 4320):
23Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med6 300 000
frå kr 5 100 000 000 til kr 5 106 300 000

Inntekter:

4320Statens vegvesen (jf. kap. 1320):
02Diverse gebyr, blir auka med6 300 000
frå kr 148 100 000 til kr 154 400 000

II.

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Vegdirektoratet kan overskride løyvingane for 1998 på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., tilsvarande meirinntekter på kap. 4320 Statens vegvesen, postane 01 Salsinntekter og 03 Inntekter ifølgje fullmakt - for post 03 likevel eksklusive husleigeinntekter.

  2. Den førre eigaren av Oddernesveien 3 i Kristiansand, Alf Berger, får utbetalt eit vederlag på 100 000 kr i samband med det tidlegare salet av eigedomen, og at beløpet blir belasta Ev 18-prosjektet i Kristiansand.

  3. Innbetalte dagmulkter/konvensjonalbøter og erstatningar på grunn av misleghaldne entreprisar i samband med jernbaneanlegg blir godskrivne det einskilde anlegg, ved at innbetalingane blir posterte i statsrekneskapen på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i lina, som utgiftsreduksjonar.

Til forsiden