St.prp. nr. 45 (1996-97)

Pensjonar frå statskassa

Til innholdsfortegnelse

1 Harald Aarsheim

Harald Aarsheim søkte det tidlegare Administrasjonsdepartementet (no Planleggings- og samordningsdepartementet) om pensjon frå statskassa for si teneste som vernepliktig befal i Forsvaret i tida 1946 - 49.

Søknader om pensjon frå statskassa skal først sendast tenesteveg, om fagdepartementet, som skal gje eit utsegn om og eventuelt stadfeste opplysningane i søknaden, før søknaden blir sendt Planleggings- og samordningsdepartementet.

Då dette ikkje var gjort i denne saka, kontakta vi Forsvarsdepartementet for ein stadfesting. I svaret frå Forsvarsdepartementet av 19. mai 1993, blei det opplyst at søkjaren hadde tenestegjort i tida 3. november 1947 til 8. juli 1949. I tida 1946 - 47 var han elev ved befalskolen.

Då hans teneste ikkje fylde kravet om samanhengjande teneste i minst 2 år, som er eit av vilkåra for å kunne få ein slik pensjon frå statskassa, avslo departementet søknaden. Har perioden vært kortare enn 2 år, kan tida likevel gje grunn til pensjon frå statskassa, men tida må då ha vært knytta direkte til anna teneste i staten. Søkjaren har vært registrert som medlem i Statens Pensjonskasse sidan 1971. Tida på befalskolen gjer heller ikkje grunnlag for pensjon frå statskassa, då han ikkje var tilsett i Forsvaret og difor heller ikkje mottok løn.

I brev av 4. november 1994 mottok departementet klage frå Harald Aarsheim på vår avgjerd. Han opplyste då at tenestetida som stod i rullebladet var feil.

Departementet sendte saka på ny over til Forsvarsdepartementet for ein ny utgreiing, saman med rullebladet til søkjaren. I svaret frå Forsvaret blei det på ny opplyst at Harald Aarsheim tenestegjorde i Forsvaret i tida 3.november 1947 - 8. juli 1949. I brevet frå Forsvaret heiter det og at dei sa seg samde i departementet si avgjerd.

Departementet kan ikkje sjå at klaga frå Harald Aarsheim og brevet frå Forsvaret inneheld noko nytt som kan føre til eit endra standpunkt.

Planleggings- og samordningsdepartementet meiner at Harald Aarsheim si teneste i Forsvaret i tida 3.november 1947 - 8. juli 1949 ikkje kan gje grunnlag for pensjon frå statskassa.

Til forsiden