St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avgjerda til EU om å skipe Det europeiske året for funksjonshemma 2003 vart formelt vedteken 3. desember 2001 gjennom rådsavgjerd 2001/903/EF.

Avgjerda omfattar markering av året i 2003 og samarbeid om førebuingar i 2002, og er meint å skulle støtte opp om verkemiddel som alt finst på området. EU har vedteke eit budsjett for programmet på 12 millionar euro fordelt på 4 millionar euro i 2002 og 8 millionar euro i 2003. Ved norsk deltaking vil Noreg løyve om lag 2 millionar kroner.

Programmet har heimel i artikkel 13 i Amsterdam-traktaten, som gjeld tiltak for å kjempe mot skilnadshandsaming på grunn av kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 artikkel 5 i EØS avtala vert endra. Ettersom norsk deltaking i programmet inneber utgifter av ein viss storleik over to år, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert det lagt opp til at Stortinget gjev sitt samtykke før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Det er venta at avgjerda i EØS-komiteen vert teken under møtet i komiteen 25. juni, men datoen kan verte endra.

Rådsavgjerda og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen er lagde ved i uoffisiell norsk omsetjing som trykte vedlegg til proposisjonen.