St.prp. nr. 48 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 13/98 av 6. mars 1998 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

3 EØS-komiteen sitt vedtak

Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 6. mars 1998 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar fellesskapshandlingsprogrammet for helseovervaking. Vedtaket inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga blir det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 i EØS-komiteen sitt vedtak slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1400/97/EF om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram for helseovervaking innan ramma av innsatsen for folkehelsa (1997-2001) skal leggjast til som eit nytt støttepunkt i protokoll 31 artikkel 16 nr. 1.

Artikkel 2 slår fast at EFTA-statane skal delta i dei fellesskapsprogramma og -tiltaka som er nemnde i dei tre første støttepunkta i nr. 1 frå 1. januar 1996, i det programmet som er nemnt i fjerde støttepunkt frå 1. januar 1997, og i det programmet som er nemnt i femte støttepunkt frå 1. januar 1998. I denne samanhengen vil departementet opplyse at dei 3 første støttepunkta gjeld helseprogram som blei innlemma i avtala etter handsaming i Stortinget, jfr St prp nr. 31 og Innst S nr. 126 for 1996-97, medan det fjerde støttepunktet gjeld deltaking i handlingsprogrammet for førebygging av narkotikakmisbruk, jfr St prp 26 og Innst S nr. 86 for 1997-98.

Artikkel 3 slår fast at vedtaket skal gjelde frå 7. mars 1998, under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene frå partane i medhald av sin artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at EØS-komitéen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet for helseovervaking vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i fleire år framover, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 6. mars 1998 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må stettast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.