St.prp. nr. 48 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 13/98 av 6. mars 1998 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

2 EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSAVGJERD nr. 1400/97/EF av 30. juni 1997 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram for helseovervaking i samband med innsatsen for folkehelsa (1997-2001)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 129,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,( 1)

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet,( 2)

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet,( 3)

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten( 4), på grunnlag av det felles framlegget frå Forliksutvalet av 16. april 1997, og

ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av artikkel 3 bokstav o) i traktaten skal verksemda til Fellesskapet medverke til at det vert nådd eit høgt nivå for helsevern. Det går uttrykkjeleg fram av artikkel 129 i traktaten at Fellesskapet har kompetanse på dette området, ettersom det skal medverke ved å oppmuntre til samarbeid mellom medlemsstatane og, om naudsynt, ved å støtte verksemda deira.

2) I resolusjonen sin av 27. mai 1993 om den framtidige innsatsen i samband med folkehelsa( 5) meinte Rådet at i førebuinga av framtidige program er det svært viktig å betre innsamlinga, analysen og distribusjonen av helsedata, samstundes som dei tilgjengelege opplysningane får ein betre kvalitet og vert lettare å jamføre.

3) I resolusjonen sin om politikken for folkehelse etter Maastricht( 6) streka Europaparlamentet under kor viktig det er å ha tilstrekkelege og føremålstenlege opplysningar til rådvelde som grunnlag for utforminga av fellesskapstiltak i samband med innsatsen for folkehelsa. Europaparlamentet oppmoda Kommisjonen om å samle inn og granske helsedata frå medlemsstatane med sikte på å analysere kva verknader politikken for folkehelse har på helsetilstanden i Fellesskapet.

4) Det er ønskjeleg å gjere ei føregransking med sikte på å skipe ein fast struktur for overvaking og vurdering av helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet.

5) I meldinga si av 24. november 1993 om rammene for innsatsen i samband med folkehelsa meinte Kommisjonen at eit auka samarbeid med sikte på standardisering og innsamling av helsedata som kan jamførast og samanliknast, er ein føresetnad for å skipe ei ramme for å støtte politikken og programma til medlemsstatane. Helseovervaking, medrekna helsedata og helseindikatorar, vert rekna som eit prioritert område for utforming av framlegg til fleirårige fellesskapsprogram på området folkehelse.

6) I resolusjonen sin av 2. juni 1994 om ramma for fellesskapsinnsatsen for folkehelse( 7) gjorde Rådet merksam på at innsamling av helsedata bør prioriterast, og oppmoda Kommisjonen om å gjere framlegg om føremålstenlege tiltak. Rådet meinte at dei opplysningane og indikatorane som skal nyttast, òg bør omfatte tiltak som har samanheng med livskvaliteten til borgarane, fullnøyande vurderingar av kva helsetiltak som trengst, overslag over kor mange dødsfall som kan unngåast ved førebygging av sjukdom, sosio-økonomiske helsefaktorar blant ulike folkesetnadsgrupper, og der det er føremålstenleg og dersom medlemsstatane ser det som naudsynt, helsestøtte, medisinsk praksis og verknaden av reformer.

7) Helseovervaking på fellesskapsplan er svært viktig for planlegginga, overvakinga og vurderinga av fellesskapstiltak i samband med innsatsen for folkehelsa, og for overvakinga og vurderinga av dei helsemessige verknadene av fellesskapspolitikken på andre område.

8) På grunnlag av den kunnskapen om folkehelsa i Europa som vert skaffa til vegar som følgje av skipinga av ei europeisk ordning for helseovervaking, vil det verte mogleg å overvake utviklinga og definere prioriterte område og mål innan folkehelsa.

9) I denne avgjerda omfattar helseovervaking fastsetjing av helseindikatorar og innsamling, spreiing og analyse av helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet.

10) Under overskrifta «Statistikk over helse og sikkerhet» i vedtak 93/464/EF av 22. juli 1993 om rammeprogrammet for prioriterte tiltak på området statistiske opplysninger 1993-1997( 8) har Rådet fastsett at analyse av dødstal og sjukdomstal etter årsak er eit prioritert tiltaksområde under sektorprogramma for sosialpolitikk, økonomisk og sosial utjamning og forbrukarvern.

11) I vedtak 94/913/EØF av 15. desember 1994 om vedtaking av eit særprogram for forsking og teknologisk utvikling, medrekna demonstrasjon, på området biomedisin og helse (1994-1998)( 9) har Rådet fastsett at samordning og jamføring av europeiske helsedata frå dei ulike medlemsstatane, medrekna opplysningar om næringspørsmål, skal vere ei særskild forskingsoppgåve under det aktuelle forskingsprogrammet.

12) Ved hjelp av helseovervaking på fellesskapsplan bør det vere mogleg å utføre målingar av helsetilstand, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar, å planleggje, overvake og vurdere fellesskapsprogram og -tiltak og å gje medlemsstatane helseopplysningar som dei kan nytte i utviklinga og vurderinga av sin eigen helsepolitikk.

13) For at krava og forventningane på dette området skal kunne stettast fullt ut, bør det skipast ei fellesskapsordning for helseovervaking som omfattar fastsetjing av helseindikatorar, innsamling av data, særleg dei som er naudsynte for å kome fram til helseindikatorar som kan jamførast, skiping av eit nettverk for overføring og fordeling av helsedata og helseindikatorar, og utvikling av kapasiteten for analyse og spreiing av helseopplysningar.

14) Dei vala og høva som ligg føre når dei ulike delane av ei fellesskapsordning for helseovervaking skal utviklast, medrekna slike som kan styrkje dei eksisterande rådgjerdene, bør granskast nøye med omsyn til kva resultat, fleksibilitet, kostnader og nytte som kan påreknast. Det krevst eit fleksibelt system som kan innarbeide element som alt er vortne vurderte som verdfulle, samstundes som det kan tilpasse seg nye krav og andre prioriteringar. Eit slikt system bør òg omfatte ein definisjon av dei helseindikatorane som skal nyttast i Fellesskapet, og innsamling av dei dataa som er naudsynte for å fastsetje slike indikatorar.

15) Helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet bør byggje på eksisterande europeiske data og indikatorar, t.d. dei som finst i medlemsstatane, og/eller dei som medlemsstatane sender over til internasjonale organisasjonar, slik at dobbeltarbeid kan unngåast.

16) Situasjonen med omsyn til innsamling av data varierer frå ein medlemsstat til ein annan. Fellesskapet kan gje støtte til tiltak i medlemsstatane, medrekna tiltak som har samanheng med datainnsamling innan ramma av ei fellesskapsordning for helseovervaking, når slik støtte kan skape ein tilleggsverdi for Fellesskapet.

17) Skipinga av eit telematikknett for innsamling og fordeling av helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet vil vere nyttig for ei fellesskapsordning for helseovervaking.

18) Fellesskapsordninga for helseovervaking bør gjere det mogleg å skaffe fram data for førebuing av jamlege rapportar om helsetilhøva i Fellesskapet og analysar av utviklingstrekk og helseproblem, og å medverke til å skaffe fram og spreie helseinformasjon.

19) Det er eit vilkår for skipinga av ei fellesskapsordning for helseovervaking at ho stettar føresegnene om vern av opplysningar og innføring av tiltak for å sikre fortruleg handsaming og tryggleik i samband med slike opplysningar, som t.d. føresegnene i europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF av 24. oktober 1995 om beskyttelse av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger( 10), og i rådsforordning (Euratom, EØF) nr. 1588/90 av 11. juni 1990 om oversendelse av fortrolige statistiske opplysninger til De europeiske fellesskaps statistikkontor.( 11)

20) For å gjere det mogleg å skipe ei framtidig fellesskapsordning for helseovervaking og høvelege måtar å vurdere det på, bør det setjast i verk eit fleirårig program i samband med innsatsen for folkehelsa i Fellesskapet.

21) I samsvar med nærleiksprinsippet kan tiltak i samband med saker som ikkje høyrer inn under einekompetansen til Fellesskapet, t.d. tiltak som gjeld helseovervaking, setjast i verk av Fellesskapet berre dersom dei på grunn av omfanget sitt eller verknadene sine kan gjennomførast betre på fellesskapsplan.

22) Den politikken og dei programma som vert utforma og sette i verk på fellesskapsplan, særleg dei som har samanheng med innsatsen for folkehelsa, må vere i samsvar med måla for fellesskapsinnsatsen for helseovervaking. Gjennomføringa av fellesskapstiltak innan helseovervaking bør ta omsyn til og samordnast med aktuell forskingsverksemd innanfor rammeprogrammet til Fellesskapet for forsking og teknologisk utvikling. Prosjekt som gjeld bruken av telematikk på helseområdet innanfor ramma av programmet for forsking og teknologisk utvikling, bør samordnast med fellesskapstiltak for helseovervaking. Tiltak under rammeprogrammet til Fellesskapet for statistiske opplysningar, fellesskapsprosjekt på området telematisk datautveksling mellom administrasjonar (IDA) og G7-prosjekt på helseområdet må samordnast nøye med gjennomføringa av fellesskapstiltak for helseovervaking. Det må takast omsyn til det arbeidet som vert utført av sakkunnige europeiske organ, t.d. Det europeiske senteret for overvaking av narkotika og narkotikavanebruk og Det europeiske miljøvernbyrået.

23) Samarbeidet med internasjonale organisasjonar som arbeider på området, t.d. Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), og likeins med tredjestatar, bør styrkjast. Andre organ, t.d. ikkje-statlege organisasjonar, vil òg kunne spele ei rolle.

24) Ut frå eit operasjonelt synspunkt bør dei investeringane tryggjast og førast vidare som alt er gjorde, både for å utvikle fellesskapsnett og for å samarbeide med internasjonale organisasjonar som tek del i dette arbeidet.

25) Kommisjonen må syte for å gjennomføre dette programmet i nært samarbeid med medlemsstatane.

26) Det kom 20. desember 1994 i stand ein modus vivendi( 12) mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om gjennomføringstiltaka for rettsakter som er vedtekne etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten.

27) For augneblinken er det ikkje mogleg å jamføre dataa på ein tilstrekkeleg måte, og dobbeltarbeid bør unngåast ved felles utvikling av definisjonar, metodar, kriterium og teknikkar for jamføring og samanlikning, ved utvikling av føremålstenlege verktøy for datainnsamling, t.d. granskingar, spørjeskjema eller delar av slike verktøy, og ved spesifisering av innhaldet i helseopplysningane, særleg dei som skal utvekslast ved hjelp av eit telematikknett.

28) For å auke verdien og verknaden av programmet, bør tiltaka vurderast jamleg både på nasjonalt plan og på fellesskapsplan, særleg med omsyn til effektivitet og verkeleggjering av måla, og om det er naudsynt bør programmet tilpassast.

29) I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som i medhald av punkt 1 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995 er det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga.

30) Programmet bør gjelde i fem år, slik at det vert nok tid til å gjennomføre tiltaka og nå måla deira -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Fastsetjing av programmet

1. I samband med innsatsen for folkehelsa vert det for tidsrommet 1. januar 1997 - 31. desember 2001 vedteke eit fellesskapshandlingsprogram for helseovervaking, heretter kalla «programmet».

2. Føremålet med programmet er å medverke til å skipe ei ordning for helseovervaking i Fellesskapet som gjer det mogleg å

  1. måle helsetilstanden, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar i heile Fellesskapet,

  2. lette planlegginga, oppfølginga og vurderinga av fellesskapsprogram og -tiltak,

  3. syte for at medlemsstatane får føremålstenlege helseopplysningar, slik at dei kan jamføre opplysningane og støtte den nasjonale helsepolitikken

ved å oppmuntre samarbeidet mellom medlemsstatane og om naudsynt, støtte innsatsen deira ved å fremje samordninga av politikken og programma deira på dette området, og styrkje samarbeidet med tredjestatar og med internasjonale organisasjonar som tek del i dette arbeidet.

3. Dei tiltaka som skal gjennomførast innanfor ramma av programmet, og dei særskilde måla for dei er førde opp i vedlegg I under desse overskriftene:

  1. Fastsetjing av helseindikatorar for Fellesskapet

  2. Skiping av eit fellesskapsnett for felles bruk av helsedata

  3. Analysar og rapportar

Vedlegg II inneheld ei førebels liste over område som det kan fastsetjast helseindikatorar for.

Artikkel 2

Gjennomføring

1. Kommisjonen skal i nært samarbeid med medlemsstatane syte for at dei tiltaka som er førde opp i vedlegg I, vert gjennomførde i samsvar med artikkel 5.

2. Kommisjonen skal samarbeide med institusjonar og organisasjonar som arbeider med helseovervaking.

Artikkel 3

Budsjett

1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 13,8 millionar ECU for det tidsrommet som er nemnt i artikkel 1.

2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 4

Samanheng og komplementaritet

Kommisjonen skal syte for at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som skal gjennomførast innanfor ramma av programmet, og dei andre aktuelle fellesskapsprogramma og -initiativa når det gjeld innsatsen for folkehelsa og særleg rammeprogrammet for statistiske opplysningar, prosjekt på området telematisk datautveksling mellom administrasjonar og rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling, særleg bruken av telematikk.

Artikkel 5

Utval

1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av to representantar for kvar medlemsstat og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

2. Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet utkast til tiltak som gjeld

  1. møteføresegnene til utvalet,

  2. eit årleg arbeidsprogram som syner dei prioriterte innsatsområda,

  3. dei nærmare reglane, kriteria og framgangsmåtane for utveljing og finansiering av prosjekt innanfor ramma av programmet, medrekna prosjekt som omfattar samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, og deltaking av dei statane som er nemnde i artikkel 6 nr. 2,

  4. framgangsmåten ved vurdering,

  5. dei nærmare reglane for spreiing og formidling av resultat,

  6. dei nærmare reglane for samarbeidet med dei institusjonane og organisasjonane som er nemnde i artikkel 2 nr. 2,

  7. føresegner for oversending og konvertering av data, og andre metodar for å gjere det mogleg å jamføre dataa med sikte på å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1 nr. 2,

  8. føresegner for definisjon og utveljing av indikatorar,

  9. føresegner for dei innhaldsspesifikasjonane som er naudsynte for å skipe og drive netta.

Utvalet skal kome med ei fråsegn om dei førnemnde utkasta til tiltak innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som artikkel 148 nr. 2 i traktaten fastset for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den nemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

Kommisjonen skal vedta tiltak som skal setjast i verk straks. Dersom tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet, skal Kommisjonen straks gje Rådet melding om dei. I slike høve

  • skal Kommisjonen utsetje iverksetjinga av dei tiltaka som han har vedteke, i to månader rekna frå den dagen meldinga vart gjeven,

  • kan Rådet med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan den fristen som er fastsett i første strekpunktet.

3. Kommisjonen kan dessutan rådspørje utvalet i alle andre saker som gjeld gjennomføringa av programmet.

Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet, om naudsynt ved røysting, innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar.

Fråsegna skal protokollførast; i tillegg skal kvar medlemsstat ha rett til å be om å få standpunktet sitt protokollført.

Kommisjonen skal ta mest mogeleg omsyn til fråsegna frå utvalet. Kommisjonen skal melde frå til utvalet om korleis han har teke omsyn til fråsegna.

4. Representanten for Kommisjonen skal jamleg gje utvalet melding om

  • den finansielle støtta som vert gjeven innanfor ramma av programmet (sum, tidsrom, spesifikasjon og mottakarar),

  • framlegg frå Kommisjonen eller fellesskapsinitiativ og iverksetjing av program på andre område som har direkte samanheng med verkeleggjeringa av måla for programmet, slik at samanhengen og komplementariteten som er nemnde i artikkel 4, vert tryggja.

Artikkel 6

Internasjonalt samarbeid

1. I samband med gjennomføringa av programmet skal det oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar og internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, særleg Verdshelseorganisasjonen (WHO), Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), og med andre organisasjonar som arbeider med helseovervaking, og samarbeidet skal setjast i verk etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5.

2.Dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (ASSAE) kan ta del i programmet på dei vilkåra som er fastlagde i dei tilleggsprotokollane til assosieringsavtalene som gjeld deltaking i fellesskapsprogram, og som skal inngåast med desse statane. Kypros og Malta kan ta del i programmet på grunnlag av tilleggsløyvingar etter dei same reglane som gjeld for statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA), i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med desse statane.

Artikkel 7

Overvaking og vurdering

1. Kommisjonen skal syte for at dei tiltaka som er gjennomførde, vert vurderte, samstundes som han tek omsyn til dei rapportane som er utarbeidde av medlemsstatane, eventuelt med medverknad frå uavhengige sakkunnige.

2. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein førebels rapport innan 30. juni 2000 og ein sluttrapport når programmet er avslutta, seinast 30. juni 2003. Kommisjonen skal innarbeide i rapporten opplysningar om fellesskapsfinansiering på dei ulike tiltaksområda og om korleis programmet kan jamførast med dei andre programma og tiltaka som er nemnde i artikkel 4 og med resultata av vurderinga som er nemnd i nr. 1. Han skal òg sende rapportane over til Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

3. Dersom det er føremålstenleg kan Kommisjonen, på grunnlag av dei vurderingane som er nemnde i nr. 1, gjere framlegg om at programmet skal halde fram.

Utferda i Luxembourg, 30. juni 1997.

For Europaparlamentet

J.M. GIL-ROBLES

President

For Rådet

A. NUIS

Formann

2A Undervedlegg 1

SÆRLEGE MÅL OG TILTAK

A. FASTSETJING AV HELSEINDIKATORAR FOR FELLESSKAPET

Mål

Fastsetje helseindikatorar for Fellesskapet som kan jamførast, på grunnlag av ei kritisk vurdering av eksisterande helsedata og helseindikatorar, ved å utvikle metodar som gjer det mogleg å skaffe fram helsedata og helseindikatorar som kan jamførast, og ved å utvikle føremålstenlege metodar for innsamling av helsedata som gradvis kan jamførast betre og som er naudsynte for å fastsetje desse indikatorane.

1. Fastlegging, gransking og kritisk analyse av eksisterande helseindikatorar og helsedata både på europeisk plan og i medlemsstatane på grunnlag av data som er godkjende av medlemsstatane, med sikte på å avgjere kor relevante dei er, kor god kvalitet dei har og kor dekkjande dei er med omsyn til fastsetjing av helseindikatorar for Fellesskapet.

2. Fastlegging av eit sett av helseindikatorar for Fellesskapet, medrekna ei undergruppe av primære indikatorar for overvaking av fellesskapsprogram og -tiltak innan folkehelse, og ei undergruppe av sekundære indikatorar for overvaking av annan fellesskapspolitikk og andre fellesskapsprogram og -tiltak, slik at medlemsstatane kan få eit felles grunnlag for jamføring av data. Vedlegg II inneheld ei førebels liste over område som det kan fastsetjast helseindikatorar for.

3. Utvikling av og støtte til systematisk innsamling av helsedata som skal kunne jamførast ved utarbeiding av datakatalogar og av føremålstenlege metodar og reglar for konvertering, saman med andre metodar for å nå det målet som er nemnt i artikkel 1 nr. 2.

4. Medverknad til innsamling av data som kan jamførast, ved å støtte utarbeidinga av granskingar, medrekna granskingar på fellesskapsplan med sikte på å fremje fellesskapspolitikken, eller ved å utarbeide andre godkjende modular eller spørjeskjema som kan nyttast i eksisterande granskingar.

5. Fremjing av samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet, og fremjing av nettverk for utveksling av helsedata som dekkjer særskilde område innan folkehelsa med sikte på å gjere slike data lettare å jamføre.

6. Oppmuntring og støtte til å vurdere om det er mogleg og kostnadseffektivt å utarbeide standardiserte statistikkar over helseressursar med sikte på innarbeide dei i den planlagde fellesskapsordninga for helseovervaking.

7. Støtte til å halde fram den føregranskinga som alt er sett i gang for å vurdere om det kan skipast ein fast struktur for overvaking og gransking av helsedata og helseindikatorar i Fellesskapet.

B. SKIPING AV EIT FELLESSKAPSNETT FOR FELLES BRUK AV HELSEDATA

Mål

Gjere det mogleg å skipe ei effektiv og pålitande ordning for overføring og utveksling av helsedata og helseindikatorar, først og fremst ved hjelp av telematisk datautveksling.

8. Oppmuntring og støtte til skiping av eit nett for overføring og utveksling av helsedata, hovudsakleg ved bruk av telematisk datautveksling og eit distribuert databasesystem, særleg ved fastsetjing av dataspesifikasjonar og framgangsmåtar med omsyn til tilgang, henting, fortruleg handsaming og tryggleik for dei ulike typane opplysningar som skal takast med i systemet.

C. ANALYSAR OG RAPPORTAR

Mål

Utvikle metodar og verktøy som er naudsynte for å lage analysar og rapportar, og gje støtte til analysar og rapportar om helsetilstand, utviklingstrekk og avgjerande helsefaktorar og om verknaden av helsepolitikken.

9. Oppmuntring og støtte til utvikling av analysekapasiteten ved å styrkje den eksisterande kapasiteten og utvikle ny kapasitet til å gjennomføre føregranskingar om moglege nye strukturar, til å utvikle metodar og verktøy for samanlikning og utarbeiding av prognosar, til å prøve ut hypotesar og modellar og til å vurdere ulike scenario og resultat på helseområdet.

10. Støtte til analyse av verknaden av fellesskapstiltak og -program på området folkehelse, og til utarbeiding og spreiing av rapportar der denne verknaden vert vurdert.

11. Støtte til førebuing, utarbeiding og spreiing av rapportar, analysar og annan informasjon som hjelp til å lage samanlikningar som gjeld helsetilstand, utviklingstrekk, avgjerande helsefaktorar og verknader av helsepolitikken.

2B Undervedlegg 2

FØREBELS LISTE OVER OMRÅDE SOM DET KAN FASTSETJAST HELSEINDIKATORAR FOR

A. Helsetilstand

  1. Pårekna levetid:

    • pårekna levetid på ulike alderssteg,

    • pårekna levetid med god helse.

  2. Dødstal:

    • samla dødstal,

    • dødsårsaker,

    • overlevingsprosent for særskilde sjukdommar.

  3. Sjukdomstal:

    • sjukdomstal for særskilde sjukdommar,

    • sjukdomstal for samanfallande sjukdommar (co-morbidity).

  4. Funksjonsevne og livskvalitet:

    • oppfatning av eigen helsetilstand,

    • fysisk funksjonshemming,

    • avgrensingar i aktivitetsnivå,

    • funksjonstilstand/-evne

    • avgrensa yrkesverksemd av helsemessige årsaker

    • mental helse

  5. Antropometriske kjenneteikn.

B. Livsstil og vanar som verkar inn på helsa

  1. Forbruk av tobakk.

  2. Forbruk av alkohol.

  3. Forbruk av narkotika.

  4. Fysisk aktivitet.

  5. Kosthald.

  6. Seksualliv.

  7. Anna.

C. Leve- og arbeidsvilkår

  1. Sysselsetjing/arbeidsløyse:

    • arbeidssituasjon.

  2. Arbeidsmiljø:

    • ulukker,

    • utsetjing for kreftframkallande og andre farlege stoff,

    • yrkessjukdommar.

  3. Butilhøve

  4. Heime- og fritidsaktivitetar:

    • ulukker i heimen,

    • fritid.

  5. Transport:

    • trafikkulukker.

  6. Utandørs miljø:

    • luftureining,

    • vassureining,

    • andre typar ureining,

    • stråling,

    • utsetjing for kreftframkallande og andre farlege stoff utanfor arbeidsmiljøet.

D. Helsevern

  1. Finansieringskjelder.

  2. Infrastruktur/personale:

    • bruk av helseressursar,

    • helsepersonell.

  3. Kostnader/utgifter:

    • pleie av sjukehuspasientar,

    • pleie av polikliniske pasientar,

    • lækjemiddel.

  4. Forbruk/bruk:

    • pleie av sjukehuspasientar,

    • pleie av polikliniske pasientar,

    • lækjemiddel.

  5. Helsefremjande tiltak og førebygging av sjukdom.

E. Demografiske og sosiale faktorar

  1. Kjønn.

  2. Alder.

  3. Sivilstand.

  4. Bustadsregion.

  5. Utdanning.

  6. Inntekt.

  7. Folkesetnadsundergrupper.

  8. Status med omsyn til sjukeforsikring.

F. Ymse

  1. Produkttryggleik.

  2. Anna.

Fråsegner frå Kommisjonen

Ved gjennomføringa av statistikkprogrammet til Fellesskapet (1998-2002) skal Kommisjonen, med sikte på å styrkje det inneverande programmet, sikre at det vert lagt tilstrekkeleg vekt på å utvikle statistikkar på området helseovervaking.

Artikkel 5 nr. 4

Kommisjonen pliktar seg til kvart år å gje Europaparlamentet dei same opplysningane om vedtak som er gjorde.

Fråsegn frå Europaparlamentet

Europaparlamentet merkjer seg fråsegna frå Kommisjonen, og pliktar seg til å støtte denne innsatsen under budsjetthandsaminga.

Fotnoter

1.

TEF nr. C 338 av 16.12.1995, s. 4, og TEF nr. C 214 av 24.7.1996, s. 6.

2.

TEF nr. C 174 av 17.6.1996, s. 3.

3.

TEF nr. C 129 av 2.5.1996, s. 50.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 17. april 1996 (TEF nr. C 141 av 13.5.1996, s. 94),felles haldning frå Rådet av 18. juni 1996 (TEF nr. C 220 av 29.7.1996, s. 36) og europaparlamentsavgjerd av 23. oktober 1996 (TEF nr. C 347 av 18.11.1996, s. 73). Rådsavgjerd av 5. juni 1997 og europaparlamentsavgjerd av 10. juni 1997.

5.

TEF nr. C 174 av 25.6.1993, s. 1.

6.

TEF nr. C 329 av 6.12.1993, s. 375.

7.

TEF nr. C 165 av 17.6.1994, s. 1.

8.

TEF nr. L 219 av 28.8.1993, s. 1.

9.

TEF nr. L 361 av 31.12.1994, s. 40.

10.

TEF nr. L 281 av 23.11.1995, s. 31.

11.

TEF nr. L 151 av 15.6.1990, s. 1. Forordninga endra ved tilmeldingsakta av 1994.

12.

TEF nr. C 102 av 4.4.1996, s. 1.