St.prp. nr. 48 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet) vart formelt vedteke i EU 8. desember 2003 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2007.

Ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av forbrukarprogrammet inneber ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte det fireårige rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fleire år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.