St.prp. nr. 58 (1997-98)

Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel (1998-2000)

Til innholdsfortegnelse

2 Mål og strategiar i alkohol- og narkotikapolitikken

Målet for alkoholpolitikken står fast. Vi ønskjer i størst mogleg grad å avgrense dei skadane som bruk og misbruk kan føre til. Dette gjeld både dei samfunnsmessige og dei individuelle skadane.

Målet for narkotikapolitikken står òg fast: Eit samfunn fritt for narkotikamisbruk. Det er eit ambisiøst mål. Det må vi ha på eit område som har så store skadeverknader både for den einskilde og for heile samfunnet. Regjeringa meiner målet gir uttrykk for ei nødvendig haldning til narkotika. Vi aksepterer ikkje at narkotika blir ein del av kvardagslivet, og vi vil arbeide for å skape eit samfunn der misbruk av narkotika er marginalt og uakseptabelt.

Narkotika- og alkoholpolitikken har i nokon grad ulike mål, ettersom utgangspunktet er ulikt. Alkohol er ei lovleg vare, medan bruk av narkotika er illegalt. Det er likevel behov for å sjå rusmiddelpolitiske tiltak i samanheng. Denne handlingsplanen er eit uttrykk for dette.

Regjeringa har formulert desse måla for ein meir offensiv rusmiddelpolitikk:

  • reduksjon av det totale alkoholforbruket med 25 % innan år 2000, slik Verdshelseorganisasjonen tilrådde i 1980 i samband med planen «Helse for alle år 2000»

  • reduksjon av misbruket av illegale stoff, herunder cannabis, ecstasy og liknande stoff blant ungdom og yngre vaksne

  • auka medvit om samanhengane mellom bruk og misbruk av ulike rusmiddel

  • heva debutalder for bruk av alkohol

  • styrkte negative haldningar til bruk av narkotika og misbruk av alkohol

  • eit betra og meir effektivt behandlings-, etterverns- og omsorgstilbod for rusmiddelmisbrukarar, inkludert rusmiddelmisbrukarar med born og gravide rusmiddelmisbrukarar

Strategiar regjeringa legg opp til for å nå måla:

  • samarbeid med heim og skule og fritidstiltak i det holdningsskapande arbeidet

  • brei mobilisering av frivillige krefter, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø

  • la kommunane, det lokale politiet og lokalmiljøa spele ei sentral rolle i det førebyggjande arbeidet

  • la det førebyggjande arbeidet ha eit langsiktig perspektiv

  • rette innsatsen både mot heile befolkninga og mot risikogrupper

  • la ungdom og unge vaksne vere viktige målgrupper for innsatsen

  • syte for at behandlings- og omsorgstiltak speler på lag med frivillige organisasjonar, grupper og einskildpersonar

  • styrking av ettervernet

Til forsiden