St.prp. nr. 58 (1997-98)

Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel (1998-2000)

Til innholdsfortegnelse

3 Bakgrunn

3.1 Utviklinga av alkohol- og narkotikaforbruket i Noreg

3.1.1 Alkohol

Noreg ligg lågt samanlikna med andre land i Europa når det gjeld omsetnad av alkohol. Likevel har også vi eit høgt tal på alkoholrelaterte problem. I 1996 var det årlege gjennomsnittsforbruket (registrert forbruk) i Noreg av rein alkohol per innbyggjar (15 år og over) 5,04 liter. Til samanlikning har land som Frankrike, Portugal, Ungarn, Spania og Danmark ein omsetnad på over 10 liter per innbyggjar. Forbruket i Noreg nådde eit toppunkt på 5,98 liter i 1980. I perioden frå 1980 og fram til i dag, har det totalt sett vore ein stagnasjon og nedgang på ca. 16 % målt i liter alkohol. Dei siste åra kan det sjå ut som om denne trenden har snudd noko, og at forbruket igjen kan vere aukande.

Øl er den dominerande alkoholtypen i Noreg med 57,4 % av omsetnaden rekna i rein alkohol. Sidan 1980 har brennevinsomsetnaden vist sterk nedgang, medan vinomsetnaden derimot har stige. Sidan 1992 har omsetnaden av brennevin per vaksen innbyggjar vore lågare enn nokon gong sidan ein begynte å lage alkoholstatistikk i 1851, om vi ser bort frå forbodstida og eitt år under siste verdskrigen (1942). I 1995 var vinomsetnaden, for første gong sidan forbodstida, høgre enn brennevinsomsetnaden, rekna i rein alkohol per vaksen innbyggjar. Ølomsetnaden steig òg nesten kontinuerleg frå like etter krigen og fram til midten av 1970-åra. Deretter flata kurva ut, og ølomsetnaden har vore nokså stabil det siste tiåret.

«Rusbrus» eller «alcopops» er samlenamnet for ein ny type alkoholdrikk med alkoholstyrke om lag som pils, men som smakar som leskedrikk. Rusbrusen kom til Noreg i 1996 og har på kort tid fått ei ikkje uvesentleg utbreiing. Drikken har særleg slått an blant ungdom. Det ser òg ut som om emballasje, etikett og smak er retta inn mot denne målgruppa. Regjeringa vil følgje nøye med i utbreiinga, og frå og med 1998 vil dette bli teke med i dei årlege ungdomsundersøkingane som Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking (SIFA) gjennomfører. I oktober 1997 gjennomførte SIFA ei mindre intervjuundersøking for å få eit visst bilete av situasjonen. I denne undersøkinga svarte 61 % i alderen 15-30 år ja på spørsmålet om dei nokon gong hadde drukke rusbrus. Det var ingen klar skilnad mellom menn og kvinner. Prosentdelen som svarte at dei hadde drukke rusbrus, var størst i aldersgruppa 20-24 år (74 %) og lågast i gruppa 25-30 år (55 %). I all hovudsak ser det ut til at rusbrus blir drukke i tillegg til annan alkohol. Det er berre eit lite mindretal som oppgir at dei drikk rusbrus i staden for annan alkohol. Det er fleire kvinner enn menn som svarer at dei drikk rusbrus i staden for annan alkohol, og fleire blant dei yngste enn blant dei som er noko eldre. Det er likevel så godt som ingen som oppgir at dei ikkje hadde drukke alkohol før dei begynte å drikke rusbrus. Men når ein skal tolke desse tala, lyt ein vere merksam på at rusbrus berre har vore på marknaden i kort tid og såleis blei introdusert etter at det store fleirtalet blant dei spurde allereie hadde begynt å drikke andre typar alkohol.

Den registrerte omsetnaden omfattar den alkoholen som blir lovleg omsett på sals- og skjenkjestader. I tillegg blir det drukke monalege mengder uregistrert alkohol i form av legalt eller illegalt heimeprodusert alkohol og alkohol importert som reisegods. I Noreg reknar ein med, mellom anna på bakgrunn av intervjuundersøkingar, at det uregistrerte forbruket er relativt stort, rundt rekna 25-30 % av totalforbruket.

3.1.2 Narkotika

I internasjonal samanheng er narkotikaproblemet relativt avgrensa i Noreg. Nye undersøkingar tyder likevel på at narkotikamisbruket er aukande også hos oss. Det typiske norske misbruket er eit blandingsmisbruk der alkohol, vanedannande lækjemiddel og ulovlege stoff blir misbrukte saman eller kvar for seg.

Det er introdusert nye stoff i ungdomsmiljø, gjerne knytte til visse ungdomskulturelle trendar. Undersøkingar viser at ungdommar har ei meir liberal haldning til bruk enn før. Stadig fleire ungdommar oppgir å ha brukt ulike narkotiske stoff. I 1997 sa til dømes 26 % av ungdommen i alderen 15-20 år i Oslo at dei hadde brukt cannabis, som er det mest utbreidde narkotiske stoffet, medan den tilsvarande prosenten på landsbasis var 13. I 1991 var dei tilsvarande prosentane 17 og 8. Også bruk av amfetamin, ecstasy og liknande stoff har vist ein markert auke blant ungdom.

Brukargruppa av tyngre stoff er eldre, og talet på dødsfall på grunn av misbruk av slike stoff har auka. I 1997 blei det på landsbasis registrert 177 narkotikarelaterte dødsfall. Også den gruppa som bruker dei tyngre stoffa, ser ut til å ha blitt større dei siste åra. Det kjem truleg først og fremst av at medan heroinmisbruk tidlegare har vore rekna for å vere eit Oslo-fenomen, har heroinet i dei seinare åra også fått innpass i dei fleste større byar og utover i landet. Det ser ut til å vere stor tilgang på harde narkotiske stoff.

Det har dei siste ti åra vore ein markant auke av narkotikarelatert kriminalitet og i talet på narkotikabeslag i Noreg. I dei siste åra gjeld dette først og fremst for stoff som LSD, kokain, ecstasy og amfetamin.

3.2 Samanhengen mellom ulike rusmiddel

Den nye bølgja av narkotikabruk blant ungdom skylde over den vestlege verda på slutten av 1960-åra. Først såg ein auka bruk av cannabis. Nokre år seinare kom det andre illegale stoff, som LSD og amfetamin og opiat som heroin. I første omgang rekna ein med at det var få fellestrekk mellom brukarane av desse nye rusmidla og brukarane av legale rusmiddel, særleg alkohol. Ein såg på narkotikabruk som eit nytt og heilt anna fenomen enn alkoholbruk. Ein meinte òg at metodane for å førebyggje bruk og behandle misbrukarar i dei to kategoriane hadde lite til felles.

Midt i 1970-åra blei det for første gong reist alvorleg tvil om dette synspunktet. I fleire studiar blei det nemleg vist at sosialiseringa til narkotikabruk gjekk gjennom fleire stadium, der ungdom først eksperimenterte med sigarettar og alkohol, dernest cannabis, så andre illegale stoff som LSD, amfetamin og kokain, og til slutt opiat som heroin. Medan ein først hadde trudd at dei nye narkotiske stoffa kunne ramme blindt og tilfeldig, blei det etter kvart klart at så å seie ingen ungdommar begynte å bruke cannabis utan at dei hadde vesentleg erfaring med sigarettar og alkohol. Motsett hadde ungdommar med høgt forbruk av desse legale rusmidla dramatisk auka risiko å begynne å bruke cannabis. Det viste seg òg at bruk av cannabis nesten alltid i tid kom før bruk av andre illegale stoff.

Mange ungdommar som røykjer og drikk, får aldri noko med hasj å gjere. Likevel er det altså slik at ungdommar som kjem i kontakt med illegale rusmiddel, gjerne først har starta med alkohol, dernest sigarettar, så sniffestoff, så hasj og til slutt andre illegale stoff. Medan hasjbruk er så å seie fråverande blant ungdom som ikkje røykjer eller drikk alkohol, viser fleire studiar at om lag halvparten av dei som tidleg blir daglegrøykjarar og tidleg utviklar eit høgt forbruk av alkohol, også prøver hasj. I ein heilt fersk studie som blei gjennomført for å kaste lys over bruken av det nye stoffet ecstasy, viste det seg at også dette stoffet fall inn i den same sekvensen - etter hasj og saman med amfetamin. Også dette stoffet hadde ein rekna med appellerte til mange unge utan nemnande erfaring med andre rusmiddel. Men det viste seg altså at rekrutteringsbasen til ecstasy tvert imot var ungdom med høgt forbruk av sigarettar, alkohol og hasj. Også hos oss er dessutan bruk av hasj sterkt knytt til bruk av andre illegale stoff. Fleire studiar viser at om lag halvparten av dei som har eit jamt forbruk av hasj, også bruker andre narkotiske stoff, som amfetamin, kokain og heroin. Bruken av hasj kjem først i tid. Ofte utviklar hasjbrukarane eit alkoholproblem òg. I aukande grad vev hasj seg altså inn i eit blandingsmisbruk saman med alkohol, vanedannande lækjemiddel og andre narkotiske stoff.

Det er også andre bakanforliggjande kjenneteikn ved ungdommar som utviklar eit høgt forbruk av både hasj og andre rusmiddel: Dei fleste finn rollemodellar for rusmiddelbruk i familie og venneflokk. Mange søkjer risiko og spenning, og somme strir med psykososiale problem. Dei som kjem i kontakt med hasj, har også andre kjenneteikn enn bruk av legale rusmiddel, men det vi i alle høve kan slå fast som nokså sikkert, er at rusmidla i aukande grad har kome til å utgjere ein heilskap. Medan det tidlegare var tydelege skott mellom dei illegale og dei legale rusmidla, er skiljelinjene no begynt å bli viska ut. Tidleg debut og høgt forbruk av sigarettar og alkohol er i dag dei sterkaste teikna på at ungdom er i risikosona for misbruk av narkotiske stoff. Dette er kanskje det som utgjer den mest utfordrande endringa i forbruksmønsteret av rusmiddel dei seinare åra. På den eine sida er det gode grunnar til å halde fast ved skiljet mellom legale og illegale rusmiddel; på den andre sida ser vi at legale rusmiddel i aukande grad dannar grunnlag for bruk av illegale rusmiddel. Dessutan blir dei ulike rusmiddeltypane i aukande grad brukte saman og i blanding. Dette gjeld også for dei som utviklar alvorleg misbruk. Misbruksmønster der det berre er alkohol med i biletet, blir stadig meir sjeldsynte. Eit teikn på dette finn vi i gruppa av promillemistenkte, der i dag om lag 40 % også har spor av cannabis, amfetamin eller vanedannande lækjemiddel i blodet.

Det har lenge vore klart at dei som utviklar problem med og misbruk av rusmiddel, ofte har hatt eit uvanleg tidleg første møte med dei same rusmidla. Der bruk og misbruk starta tidlegast, har prognosen vore dårlegast. Grunnen til dette er truleg at identiteten og sjølvbiletet er sårbart og lett påverkeleg i den tidlegaste tenårsperioden. Det er dessutan verd å merke seg at mange ungdommar har feilaktige førestellingar om kva som er eit «vanleg» debuttidspunkt når det gjeld alkohol, noko som ofte blir omtalt som den såkalla «majoritetsmistydinga». Ein reknar med andre ord med at andre ungdommar debuterer tidlegare, bruker meir rusmiddel og generelt er mindre lovlydige enn det som faktisk er tilfellet.

Rusmiddelbruken blir forma i ein sosial samanheng. Det er ei rad nærståande personar som speler ei rolle i sosialiseringa av ein ungdom. Foreldra er særleg viktige. Det har lenge vore klart at born av foreldre med rusmiddelproblem er meir utsette enn andre for å bli misbrukarar sjølve. Men også foreldre med eit meir vanleg forbruksmønster påverkar ungdommar i stor grad, og det gjennom fleire kanalar: For det første kopierer ungdommar forbruksmønsteret til foreldra. Men også den breiare sosialiseringa til normer og verdiar har vist seg å vere svært viktig, til liks med generell oppfølging og tilsyn med ungdommane frå foreldra si side. I dei seinare åra har vi dessutan fått godt dokumentert kor avgjerande det er når og på kva måte foreldra introduserer borna sine til alkohol. Svært mange får alkohol heime lenge før dei sjølve kan skaffe seg slike varer på lovleg vis. Men i staden for å lære seg å drikke varsamt og kontrollert, som gjerne er det motivet foreldra har for å gi ungdommar alkohol, viser det seg at ungdommar som på denne måten tidleg møter alkohol heime, også utviklar eit risikofylt forbruk ute blant jamaldringar. Heimen er kanskje den viktigaste arenaen når det gjeld å forme det forholdet born og ungdom får til rusmiddel, og foreldra er dei som er best i stand til å gjere noko for å førebyggje ei uheldig utvikling. Ofte vil dette måtte innebere at foreldra sjølve må stille spørsmål ved eige konsum og eigne normer.

3.3 Haldningar til alkohol og narkotika. Legitimiteten til alkohol- og narkotikapolitikken

3.3.1 Alkohol

Undersøkingar utførte av Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking (SIFA) viser at haldningane til alkoholbruk og alkoholpolitiske lover og reglar har endra seg i liberal retning gjennom ein lang periode, truleg i mesteparten av etterkrigstida. Til dømes har oppfatninga av kva som kan kallast misbruk, endra seg vesentleg sidan 60-åra. Folk aksepterer no både mykje hyppigare alkoholbruk og at det blir drukke meir per gong før dei reknar det som misbruk. Haldningane til omsetnadsreglane har òg endra seg i liberal retning gjennom ein lang periode, trass i at også sjølve reglane er blitt meir liberale, også samanlikna med resten av Europa. Særleg gjeld dette på lokalplanet, der mykje av den praktiske alkoholpolitikken blir utforma, til dømes når det gjeld sals- og skjenkjeløyve, sals- og skjenkjetider, o.l.

Likevel synest det som eit fleirtal i befolkninga er rimeleg nøgd med hovudlinjene i norsk alkoholpolitikk. Til dømes meiner eit fleirtal at reglane for omsetnad av alkohol stort sett er passe strenge. Eit stort fleirtal er nøgd med dei gjeldande aldersgrensene, og eit stort fleirtal er mot illegal produksjon, import og omsetning av alkohol i stor skala for vidaresal. Berre om lag 20 % av den vaksne befolkninga ønskjer at brennevin skal kunne seljast i vanlege kolonialforretningar.

Norsk alkoholpolitikk kjem etter alt å dømme til å bli sterkare utfordra i åra framover som ei følgje av auka internasjonalisering. Det blir ei viktig utfordring å synleggjere samanhengen mellom den norske alkoholkulturen og alkoholpolitikken.

3.3.2 Narkotika

Dagens narkotikapolitikk har stor oppslutning hos folk flest. Undersøkingar utførte av SIFA viser at klart restriktive holdningar til bruk og omsetning av narkotika dominerer blant folk. Ei undersøking frå 1993 viste til dømes at berre 2 % meinte at hasj og marihuana skulle kunne omsetjast fritt på apotek. Berre 4 % meinte at slike stoff skulle kunne skrivast ut av lege. Heile 84 % var mot alle former for legal omsetning av hasj og marihuana. Haldningane blant ungdom ser likevel ut til å ha endra seg i noko meir liberal retning i 1990-åra, men framleis er det store fleirtalet sterkt restriktive også i denne gruppa. Blant ungdommen seier til dømes ca 12 % på landsbasis og ca 20 % i Oslo i 1997 at dei ville ha prøvd cannabis dersom det kunne skje utan fare for å bli arrestert - men denne prosentdelen har auka i 90-åra. Det er noko færre som vil at cannabis skal kunne seljast fritt, ca 11 % på landsbasis og 16 % i Oslo, men også denne gruppa er veksande, både på landsbasis og i Oslo.

Det er ei klar oppslutning om ein aktiv verkemiddelbruk i narkotikapolitikken. Det blir uttrykt stor vilje til å «gripe inn» både med førebyggjande, terapeutiske og repressive tiltak.

Til forsiden