St.prp. nr. 62 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av Tiltak 1 av 20. juni 2003 om oppretting av eit sekretariat under Antarktistraktaten av 1. desember 1959

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Antarktistraktaten er av 1. desember 1959. Noreg ratifiserte traktaten 24. august 1960, og han vart sett i verk 23. juni 1961. Antarktistraktaten regulerer det internasjonale samarbeidet om Antarktis. Det gjeld eit forbod mot verksemd av militær art på Sørpolkontinentet og i havområda sør for den 60. breiddegraden og forbod mot kjernefysiske prøver og lagring av kjernefysisk avfall. Samstundes legg traktaten til rette for eit breitt internasjonalt forskingssamarbeid. Suverenitetsspørsmåla er ikkje regulerte i traktaten.

Det formaliserte samarbeidet under traktaten skjer gjennom samrådsmøte mellom samrådspartane i traktaten, som Noreg er ein av. Det er no i alt 28 statar som har status som samrådspartar, dvs. at dei har monaleg vitskapleg verksemd i Antarktis. I tillegg til desse kjem 17 statar som er partar i traktaten.

Traktaten er supplert med ein protokoll om ­miljøvern av 4. oktober 1991, som også Noreg er part i.

På det 26. samrådsmøtet vedtok partane i Antarktistraktaten den 20. juni 2003 samrøystes å skipa eit sekretariat i Buenos Aires for gjennomføring av traktaten. Vedtaket vart gjort ved eit såkalla tiltak (eng. «Measure»). Det er til no godkjent av desse fjorten statane: Argentina, Belgia, Bulgaria, Finland, India, Japan, Kina, Nederland, New Zealand, Russland, Sambandsstatane, Sverige, Sør-Afrika og Tyskland.

Sekretariatet skal mellom anna førebu møte, omsetje dokument og vere ansvarleg for tolketenesta under møta, hjelpe til kontorteknisk og utarbeide dokument til møta og rapportar frå desse. Sekretariatet skal vidare assistere med informasjonsutveksling mellom dei ymse partane i traktaten og med relevante internasjonale organisasjonar. Sekretariatet skal også fremje arbeidet med informasjonsflyten i Samrådsmøtet etter Antarktistraktaten (Antarctic Treaty Consultative Meeting , ATCM) og Miljøvernkomiteen (Committee for Environmental Protection , CEP). Likeins skal det assistere ATCM i arbeidet med å gjennomgå status for vedtekne tilrådingar og tiltak. Sekretariatet skal også stå praktisk ansvarleg for oppdateringa av «handboka» for samarbeidet innan antarktistraktatsystemet, og det skal generelt stå til teneste for ATCM.

I medhald av Antarktistraktaten artikkel IX nr. 4 vil tiltaket tre i kraft når det er godkjent av alle samrådspartane. Det vert no gjort framlegg om at Noreg godkjenner Tiltak 1 (2003) om sekretariatet. I og med at norsk deltaking i sekretariatet krev årlege økonomiske utgifter, er samtykke frå Stortinget til godkjenning av vedtaket naudsynt i medhald av Grunnlova, § 26 andre leddet.

Tiltaket frå samrådsmøtet i engelsk originalversjon og norsk omsetjing følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.