Forslag til vedtak om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

I

Stortinget samtykkjer i at:

  1. bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga for hovudvegutbygginga i Trondheimområdet (Trondheimspakka) med seks nye bomstasjonar på vilkår av lokalpolitisk tilslutning.

  2. bompengeselskapet får rett til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av prosjekt og tiltak på riksveg 45 i Gjesdal kommune. Vilkåra framgår av denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.