St.prp. nr. 69 (2008-2009)

Om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av europaparlaments- og rådsbeslutning 1098/2008/EF om det europeiske året for bekjempelse av fattigdom og sosial eksklusjon (2010)

Til innholdsfortegnelse

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1098/2008/EF av 22. oktober 2008 om Det europeiske året for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting (2010)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 137 nr. 2,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting er eit av dei viktigaste innsatsområda til Den europeiske unionen og medlemsstatane.

  2. I 1997 vart det ved Amsterdam-traktaten lagt til nye føresegner for motkjemping av sosial utstøyting lagde til dei eksisterande tiltaksområda som høyrer inn under føresegnene om sosialpolitikk i EF-traktaten, særleg artikkel 136 og 137, og desse gav ei ny rettsleg ramme og eit nytt rettsleg grunnlag for eit nytt politisk engasjement på dette området.

  3. Under møtet sitt i Lisboa 23. og 24. mars 2000 sannkjende Det europeiske rådet at omfanget av fattigdom og sosial utstøyting var uakseptabelt. Difor vart utviklinga av ein meir inkluderande europeisk union sett på som eit svært viktig ledd for å nå det tiårige strategiske målet til unionen om økonomisk vekst, fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning.

  4. Under møtet sitt i Lisboa oppmoda Det europeiske rådet medlemsstatane og Kommisjonen om å arbeide for å gjere verknadsfulle tiltak for å utrydde fattigdommen innan 2010. Under dette møtet vedtok difor Det europeiske rådet å innføre ein open metode for samordning på dette området.

  5. Den opne metoden for samordning når det gjeld sosial tryggleik og sosial integrasjon har heile tida vore eit viktig verktøy for å støtte dette politiske engasjementet og styrkje den evna EU har til å støtte medlemsstatane i arbeidet deira for større sosial utjamning i Europa.

  6. Den opne metoden for samordning medverkar til å styrkje den ymsesidige læringa, og har ført til auka medvit om dei ulike sidene ved utstøyting og fattigdom. Den opne metoden for samordning kan såleis skape føresetnader for å oppnå større praktiske verknader og for å gjere det engasjementet som EU har når det gjeld sosiale verdiar, meir synleg for borgarane.

  7. Trass i desse resultata er det store grupper blant borgarane som framleis er fattige, har avgrensa og ulik tilgang til tenester eller er utstøytte frå samfunnet. Fellesrapporten om sosial tryggleik og sosial integrasjon 2008 strekar under at 78 millionar menneske i Den europeiske unionen lever på fattigdomsgrensa, og av desse er 19 millionar barn. Skilnaden mellom kvinner og menn utgjer om lag to prosentpoeng.

  8. I tillegg gjev ulik fordeling av rikdom og alvorleg fattigdom grunn til stadig større uro i heile unionen.

  9. For å skape sosial og økonomisk utjamning er det naudsynt med støtte til vanskelegstilte område, til område som har varige strukturelle ulemper, til dei mest fjerntliggjande regionane, til visse øyar og øystatar blant medlemsstatane og til område som nyleg er vortne utsette for avindustrialisering eller omlegging av industrien.

  10. Sosial utstøyting skadar velferda til borgarane og hemmar evna deira til å uttrykkje seg og ta del i samfunnet. Dette aspektet bør difor gjerast meir synleg gjennom Det europeiske året for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting (heretter kalla «Det europeiske året»).

  11. I resolusjonen sin av 15. november 2007 om kartlegging av den sosiale røyndommen la Europaparlamentet vekt på at styrking av den sosiale utjamninga og utrydding av fattigdom og sosial utstøyting må verte eit prioritert område for politikken til Den europeiske unionen.

  12. Fattigdom og sosial utstøyting skal motkjempast både innanfor Den europeiske unionen og internasjonalt, i samsvar med tusenårsmåla for utvikling som Dei sameinte nasjonane har fastsett, og som Den europeiske unionen og medlemsstatane har slutta seg til.

  13. Problemet med fattigdom og sosial utstøyting er omfattande, samansett og har mange ulike sider. Desse har samanheng med mange ulike faktorar, t.d. inntekt og levestandard, behov for utdanning og høvelege arbeidsplassar, effektive ordningar for sosial tryggleik, bustader, tilgang til helsetenester og andre tenester av høg kvalitet, og eit aktivt medborgarskap. Difor bør aktørar på alle dei relevante politikkområda trekkjast inn.

  14. For å kunne førebyggje og motkjempe fattigdom er det difor naudsynt med ein fleirsidig politikk på nasjonalt, regionalt og lokalt plan som sikrar ei jamvekt mellom den økonomiske og sosiale politikken og målretta strategiar for dei gruppene eller personane som er særleg utsette. Det europeiske året kan medverke til å stimulere både ein slik fleirsidig politikk og ei vidareutvikling av relevante indikatorar.

  15. Den sosiale dagsordenen 2005 - 2010, som utfyller og støttar Lisboa-strategien, spelar ei svært viktig rolle når det gjeld fremjing av den sosiale dimensjonen ved økonomisk vekst og borgarane si aktive deltaking i samfunnslivet og på arbeidsmarknaden. Eit av dei prioriterte områda til den sosiale dagsordenen 2005-2010 er fremjinga av like høve for alle som eit middel for å fremje solidaritet på tvers av sosial bakgrunn og generasjonar og for å skape eit meir inkluderande samfunn utan fattigdom.

  16. I dei nasjonale handlingsplanane sine for sosial integrasjon er det fleire medlemsstatar som legg vekt på den store risikoen for fattigdom og/eller utstøyting som visse grupper står overfor, medrekna barn, unge som sluttar skulen tidleg, einslege foreldre, store familiar, familiar med éi inntekt, ungdom, særleg unge kvinner, eldre, innvandrarar og etniske minoritetar, personar med funksjonshemming og pleiarane deira, heimlause, arbeidsledige, særleg langtidsledige, innsette, valdsutsette kvinner og barn og narkomane. Politikk og støttetiltak på nasjonalt plan som er retta mot dei mest utsette gruppene, vil kunne spele ei viktig rolle i motkjempinga av fattigdom og sosial utstøyting.

  17. Risikoen for fattigdom kan reduserast svært mykje ved at einskildpersonar får ei høveleg sysselsetjing. Sysselsetjing i seg sjølv er likevel ikkje alltid tilstrekkeleg for å hjelpe folk ut av fattigdom, og risikoen for fattigdom er framleis nokså høg jamvel for dei som har arbeid. Fattigdom blant yrkesaktive er knytt til låg løn, kjønnsskilnader når det gjeld løner, dårlege kvalifikasjonar, avgrensa tilgang til yrkesretta opplæring, behov for å kombinere arbeid og familieliv, usikre sysselsetjings- og arbeidsvilkår og vanskelege tilhøve i heimen. Sysselsetjing av høg kvalitet og sosial og økonomisk støtte er difor svært viktig for å hjelpe einskildpersonar ut av fattigdom.

  18. Mangelen på grunnleggjande kompetanse og kvalifikasjonar som er tilpassa dei ulike behova på arbeidsmarknaden, er òg ei stor hindring for integrasjon i samfunnet. Det finst ein aukande fare for nye kløfter skal oppstå i samfunnet mellom dei som har tilgang til livslang læring slik at dei kan betre evna si til å få arbeid og tilpasse seg, og lettare vil kunne utvikle seg personleg og ta aktivt del i samfunnet, og dei som held fram med å vere utanfor og vert utsette for ulike former for skilnadshandsaming. Dei som ikkje har tilstrekkelege kvalifikasjonar, vil få større problem med å kome inn på arbeidsmarknaden og finne eit godt arbeid, og vil meir sannsynleg måtte gå lange periodar utan arbeid, og dersom dei har arbeid, er det meir sannsynleg at dette arbeidet er dårleg betalt.

  19. Tilgang til og evne til å nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) vert i aukande grad ein føresetnad for integrasjon. I ei ministerfråsegn som vart vedteken 11. juni 2006 i Riga, vert det oppmoda om å innføre eit informasjonssamfunn for alle.

  20. For at fellesskapstiltaket for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting skal kunne gjennomførast på ein vellukka måte, er det svært viktig at tiltaket får brei folkeleg og politisk støtte. Ei effektiv gjennomføring av EU-regelverket for like høve og lik handsaming støttar òg måla for Det europeiske året. Det europeiske året bør difor fungere som ein katalysator for haldningsskapande tiltak, for intensivering og for utveksling av beste praksis mellom medlemsstatane, lokale og regionale styresmakter og internasjonale organisasjonar som tek del i motkjempinga av fattigdom. Det bør medverke til å fokusere den politiske merksemda og mobilisere alle dei som det gjeld, til å fremje og styrkje den opne metoden for samordning når det gjeld sosial tryggleik og sosial integrasjon, og å fremje fleire tiltak og initiativ på fellesskapsplan og nasjonalt plan på dette området, i samarbeid med personar som er råka av fattigdom og representantane deira.

  21. Det europeiske året bør fremje ein aktiv integrasjonspolitikk som ein måte å førebyggje fattigdom og sosial utstøyting på, og bør medverke til å fremje best mogleg praksis på dette området innanfor den opne metoden for samordning.

  22. Dei ulike nivåa for framgang som er gjort på nasjonalt plan og innanfor ulike nasjonale sosioøkonomiske og kulturelle samanhengar og tankemåtar, gjer det naudsynt at ein stor del av verksemda innanfor ramma av Det europeiske året vert desentralisert på nasjonalt plan gjennom ei ordning for indirekte, sentralisert forvalting i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 54 nr. 2 bokstav c) i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 4 og i kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 5.

  23. Fastlegginga av politiske prioriteringar på nasjonalt plan bør likevel overvakast av Kommisjonen for å sikre at det er samsvar med dei strategiske måla som er fastsette for Det europeiske året og med dei felles måla som er fastsette for den opne metoden for samordning.

  24. Ei effektiv samordning av alle deltakarane som medverkar på fellesskapsplan og på nasjonalt, regionalt og lokalt plan er ein grunnleggjande føresetnad for å sikre at Det europeiske året skal verte verksamt. Lokale og regionale deltakarar har ei særleg rolle å spele når det gjeld fremjing av interessene til personar som lever i fattigdom eller er sosialt utstøytte.

  25. Det europeiske året bør vere ope for deltaking for medlemsstatane, dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i den nemnde avtala, kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmeldinga, statane på Vest-Balkan i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i medhald av dei høvesvise avtalene deira, og dei statane som er omfatta av den europeiske naboskapspolitikken i samsvar med føresegnene i strategidokumentet av mai 2004 og i handlingsplanane for kvar einskild stat.

  26. Det europeiske året kan medverke til å betre samordninga mellom eksisterande program og initiativ for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting på fellesskapsplan, medrekna den opne metoden for samordning når det gjeld sosial tryggleik og sosial integrasjon.

  27. Det bør sikrast at det finst samanheng og komplementaritet med andre fellesskapstiltak, særleg med PROGRESS-programmet, strukturfonda og Det europeiske fondet for utvikling av landdistrikta, tiltak som gjeld motkjemping av skilnadshandsaming, tiltak som kan fremje likestilling mellom kvinner og menn og grunnleggjande rettar, og tiltak på områda utdanning og opplæring, kultur og tverrkulturell dialog, ungdom, borgarskap, innvandring og asyl, og dessutan forsking.

  28. Det europeiske året bør byggje på beste praksis frå tidlegare europeiske år, medrekna Det europeiske året for like høve for alle (2007) og Det europeiske året for tverrkulturell dialog (2008).

  29. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta, slik det er definert i nr. 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 6.

  30. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7.

  31. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, m.a. fordi det trengst fleirsidige partnarskap, utveksling av informasjon over landegrensene og spreiing av god praksis i heile Fellesskapet, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Det europeiske året

For å støtte fellesskapstiltaket for motkjemping av sosial utstøyting skal 2010 peikast ut som «Det europeiske året for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting» (heretter kalla «Det europeiske året»).

Artikkel 2

Mål og retningslinjer

  1. Måla og retningslinjene for Det europeiske året skal vere som følgjer:

    1. Sannkjenning av rettar - å sannkjenne at personar som lever i fattigdom og er sosialt utstøytte, har ein grunnleggjande rett til å leve eit verdig liv og ta del fullt ut i samfunnslivet. Det europeiske året skal gjere borgarane meir medvitne om situasjonen til dei som er fattige, særleg dei gruppene eller personane som er særleg utsette, og medverke til at desse får ein effektiv tilgang til sosiale, økonomiske og kulturelle rettar, tilstrekkelege ressursar og tenester av høg kvalitet. Det europeiske året skal òg medverke til å motkjempe stereotypiar og stigmatisering.

    2. Felles ansvar og deltaking - å auke den offentlege deltakinga i politikk og tiltak for sosial integrasjon, med vekt både på eit kollektivt og eit individuelt ansvar i kampen mot fattigdom og sosial utstøyting, i tillegg til å leggje vekt på å fremje og støtte frivillig verksemd. Det europeiske året skal fremje medverknaden frå offentlege og private aktørar, m.a. gjennom ein aktiv bruk av partnarskap. Dette skal gje auka medvit og engasjement, og gjere det mogleg for alle borgarar å medverke, særleg personar som har direkte eller indirekte røynsler med fattigdom.

    3. Utjamning - å fremje eit meir solidarisk samfunn ved å gjere ålmenta meir medviten om korleis det kan gagne alle å ha eit samfunn der fattigdommen er utrydda, der ei rettferdig fordeling er mogleg og der ingen er marginaliserte. Det europeiske året skal fremje eit samfunn som held ved lag og utviklar livskvalitet, medrekna kvalitet på kvalifikasjonar og sysselsetjing, sosial velferd, medrekna velferda til barn, og like høve for alle. I tillegg skal det sikre ei berekraftig utvikling og solidaritet mellom og innanfor generasjonane og politisk samsvar med innsatsen til EU på verdsplan.

    4. Engasjement og konkrete tiltak - å stadfeste det sterke politiske engasjementet til EU og medlemsstatane når det gjeld å ha ein avgjerande innverknad på utryddinga av fattigdom og sosial utstøyting, og å fremje dette engasjementet og desse tiltaka på alle forvaltingsnivå. Med utgangspunkt i det som er og kan verte oppnådd gjennom den opne metoden for samordning når det gjeld sosial tryggleik og sosial integrasjon, skal Det europeiske året styrkje det politiske engasjementet for å førebyggje og motkjempe fattigdom og sosial utstøyting ved å samle den politiske merksemda og mobilisere alle dei partane som det gjeld, og styrkje tiltaka til medlemsstatane og Den europeiske unionen på dette området.

  2. Ved gjennomføringa av desse måla skal Fellesskapet og medlemsstatane ta omsyn til dei prioriteringane som er førde opp i del IV i vedlegget.

Artikkel 3

Innhaldet i tiltaka

  1. Tiltaka på fellesskapsplan og nasjonalt plan, som er utarbeidde for å nå dei måla som er fastsette i artikkel 2, kan særleg omfatte følgjande:

    1. Møte og tilskipingar.

    2. Opplysnings-, reklame- og utdanningskampanjar.

    3. Rundspørjingar og granskingar på fellesskapsplan eller nasjonalt plan, eventuelt på grunnlag av innsamling av data som er fordelte på kjønn.

  2. I vedlegget vert det gjort nærmare greie for dei tiltaka som er nemnde i nr. 1.

  3. Alle tiltak som er retta mot ein større del av ålmenta, skal vere lett tilgjengelege for alle, medrekna fattige og personar med funksjonshemmingar.

Artikkel 4

Integrering av likestillingsaspektet

Innanfor ramma av Det europeiske året skal det takast omsyn til at kvinner og menn har ulik risiko og vert råka på ulike måtar av fattigdom og sosial utstøyting. Fellesskapet og medlemsstatane skal ta omsyn til integreringa av likestillingsaspektet ved gjennomføringa av Det europeiske året.

Artikkel 5

Samarbeid og gjennomføring på fellesskapsplan

  1. Dei andre tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda, skal vedtakast etter den framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 7 nr. 2.

  2. Kommisjonen skal syte for at dei fellesskapstiltaka som er omfatta av denne avgjerda, vert gjennomførde i samsvar med vedlegget.

  3. Kommisjonen skal særleg gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at det er samsvar og komplementaritet med dei fellesskapstiltaka og - initiativa som er nemnde i artikkel 10, med sikte på å nå dei måla som er fastsette i artikkel 2.

  4. Kommisjonen skal, særleg på europeisk plan, jamleg utveksle synspunkt med dei partane som det gjeld, medrekna dei som arbeider med personar som lever i fattigdom, om utforminga, gjennomføringa, oppfølginga og vurderinga av Det europeiske året. Han skal gjere alle relevante opplysningar tilgjengelege for ålmenta.

  5. Kommisjonen skal ved utarbeidinga og gjennomføringa av Det europeiske året ha eit nært samarbeid med Utvalet for sosial tryggleik, og eventuelt melde frå til eller samarbeide med andre relevante utval.

  6. Kommisjonen skal eventuelt samarbeide med andre organ, institusjonar, kontor og byrå i EU.

Artikkel 6

Samarbeid og gjennomføring på nasjonalt plan

  1. Kvar einskild medlemsstat skal oppnemne eit nasjonalt gjennomføringsorgan som skal organisere deltakinga til medlemsstaten i Det europeiske året og sikre samordninga på nasjonalt plan. Det nasjonale gjennomføringsorganet skal ha ansvaret for å definere det nasjonale programmet og prioriteringane for Det europeiske året, og for å velje ut dei einskilde tiltaka som skal kunne få fellesskapsfinansiering. Den nasjonale strategien og dei nasjonale prioriteringane for Det europeiske året skal fastsetjast i samsvar med dei måla som er førde opp i artikkel 2.

  2. Framgangsmåten for tildeling av fellesskapsfinansiering til tiltak på nasjonalt plan er fastsett i del II i vedlegget.

  3. Når dei skal utføre oppgåvene sine, særleg når dei utarbeider det nasjonale programmet og elles når det er høveleg i samband med gjennomføringa av Det europeiske året, skal det nasjonale gjennomføringsorganet rådføre seg og samarbeide nært med ei rekkje aktørar på området, medrekna organisasjonar frå det sivile samfunnet og organisasjonar som arbeider for eller representerer interessene til dei som er fattige og sosialt utstøytte, partane i arbeidslivet og regionale og lokale styresmakter.

Artikkel 7

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval (heretter kalla «utvalet»).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Dersom det er mogleg, skal den som vert oppnemnd som representant for medlemsstaten i utvalet, helst vere blant medlemmene av det nasjonale gjennomføringsorganet som er nemnt i artikkel 6 nr. 1.

Artikkel 8

Finansielle føresegner

  1. Tiltak som omfattar heile Fellesskapet, slik det er fastsett i del I i vedlegget, kan få støtte med opptil 80 %, eller gje høve til at det vert gjort avtale om offentlege innkjøp over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen.

  2. Lokale, regionale eller nasjonale tiltak kan samfinansierast over det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen med opptil 50 % av dei samla konsoliderte utgiftene i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i del II i vedlegget.

Artikkel 9

Framgangsmåte for innsending og utveljing av søknader

  1. Avgjerder om finansiering av tiltak i medhald av artikkel 8 nr. 1, skal takast av Kommisjonen i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 7 nr. 2.

  2. Søknader om finansiell støtte til tiltak i medhald av artikkel 8 nr. 2, skal sendast over til Kommisjonen av dei nasjonale gjennomføringsorgana i samsvar med den framgansmåten som er fastsett i del II i vedlegget.

Artikkel 10

Samanheng og komplementaritet

  1. Kommisjonen skal, i samarbeid med deltakarstatane, syte for at det er samanheng mellom dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, og andre tiltak og initiativ på fellesskapsplan og på nasjonalt og regionalt plan.

  2. I tillegg skal dei sikre at Det europeiske året fullt ut utfyller andre eksisterande initiativ og ressursar på fellesskapsplan og på nasjonalt og regionalt plan der dei kan medverke til å nå måla for Det europeiske året.

Artikkel 11

Deltakarstatar

Det europeiske året skal vere ope for deltaking for

  1. medlemsstatar,

  2. kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmelding, i samsvar med dei allmenne prinsippa og vilkåra for deltaking for desse statane i fellesskapsprogram, som er fastsette høvesvis i rammeavtala og i avgjerder i assosieringsråda,

  3. statane på Vest-Balkan, i samsvar med ordningar som skal avtalast med desse statane i medhald av rammeavtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

  4. EFTA-statar som er part i EØS-avtala, i samsvar med føresegnene i den nemnde avtala,

  5. statar som er omfatta av den europeiske naboskapspolitikken, i samsvar med dei allmenne prinsippa og vilkåra for deltaking for desse statane i fellesskapsprogram, slik det er fastsett i strategidokumentet av mai 2004 og handlingsplanane for kvar einskild stat. All finansiell støtte frå Fellesskapet til relevante tiltak i statar som er omfatta av naboskapspolitikken, skal dekkjast gjennom ordninga for den europeiske naboskapspolitikken i samsvar med dei prioriteringane og framgangsmåtane som er fastsette i det overordna samarbeidet med desse statane.

Artikkel 12

Budsjett

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i denne avgjerda for tidsrommet 1. januar 2009 - 31. desember 2010, er 17 000 000 euro, der 6 500 000 euro skal vere for tidsrommet fram til 31. desember 2009.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga for 2007-2013.

Artikkel 13

Internasjonalt samarbeid

Innanfor ramma av Det europeiske året kan Kommisjonen samarbeide med relevante internasjonale organisasjonar, særleg Europarådet, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen og Dei sameinte nasjonane.

Artikkel 14

Vern av dei økonomiske interessene til Fellesskapet

Kommisjonen skal ved gjennomføringa av tiltak som vert finansierte i samsvar med denne avgjerda, sikre at dei økonomiske interessene til Fellesskapet vert verna ved bruk av førebyggjande tiltak mot svik, korrupsjon og anna ulovleg verksemd, ved effektiv kontroll og tilbakebetaling av midlar som er utbetalte på urettkome vis og, dersom det vert oppdaga avvik, ved sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot, i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 8 og (EF, Euratom) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å verne De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 9 og med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1073/1999 av 25. mai 1999 om undersøkelser som foretas av Det europeiske kontor for bedrageribekjempelse (OLAF) 10.

Artikkel 15

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal innan 31. desember 2011 leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om gjennomføringa, resultata og den samla vurderinga av dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda.

  2. Rapporten skal òg gje opplysningar om korleis kjønnsdimensjonen er vorten integrert i verksemda innanfor ramma av Det europeiske året, og korleis Det europeiske året har vore til gagn for grupper eller einskildpersonar som er særleg utsette.

Artikkel 16

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 22. oktober 2008.

For EuropaparlamentetFor Rådet
H.-G. PÖTTERINGJ.-P. JOUYET
PresidentFormann

Vedlegg

Nærmare opplysningar om dei tiltaka som er nemnde i artikkel 3 i denne avgjerdaI. Tiltak på fellesskapsplan

1. Møte og tilskipingar

Tilrettelegging av møte og tilskipingar på fellesskapsplan som tek sikte på å auke medvitet om Det europeiske året og om fattigdom og sosial utstøyting, og som skal vere eit forum for utveksling av idear. Desse møta og tilskipingane skal samle dei partane som det gjeld, og skal planleggjast saman med personar som lever i fattigdom og med organisasjonar frå det sivile samfunnet som representerer dei. Møta og tilskipingane skal medverke til at det vert utarbeidd tiltak og praksis som kan føre til større medråderett for alle og til å avhjelpe manglar i politikken på dette området, i tillegg til å auke medvitet blant aktørar og institusjonar som det kjem ved, om dei ulike sidene ved fattigdom og sosial utstøyting (særleg blant kvinner og barn), medrekna faktorar som t.d. tilgang til sysselsetjing, bustader, sosial tryggleik, støtte til familiar, helsetenester og sosial velferd.

2. Opplysnings- og reklamekampanjar som omfattar:

  • Tilrettelegging av ulike solidaritetsinitiativ for å lette fattigdom og sosial integrasjon, med sikte på at alle borgarar skal få høve til å medverke direkte eller gjennom organisasjonane sine, òg i mindre omfang og på alle moglege måtar. Mediekampanjar på fellesskapsplan og nasjonalt plan kan nyttast som støtte for innsamling av midlar innanfor ramma av Det europeiske året.

  • Utarbeiding av ein logo som er tilgjengeleg i ei rekkje ulike format, og slagord for Det europeiske året, som begge kan nyttast i samband med alle tiltak som er knytte til Det europeiske året.

  • Ein opplysningskampanje på fellesskapsplan, med oppfølging på nasjonalt og lokalt plan, på grunnlag av både tradisjonelle og nye kommunikasjonskanalar og ny teknologi.

  • Framstilling av kommunikasjons- og medieverktøy som skal finnast tilgjengelege i heile Fellesskapet for å stimulere interessa til ålmenta.

  • Føremålstenlege tiltak og initiativ som skal gje informasjon, gjere kjende resultata og synleggjere fellesskapsprogramma, -tiltaka og - initiativa, for såleis å medverke til at måla for Det europeiske året vert nådde.

  • Føremålstenlege initiativ frå utdanningsinstitusjonar, ikkje-statlege organisasjonar og velgjerdsorganisasjonar på fellesskapsplan og på nasjonalt plan, for å spreie informasjon om Det europeiske året og om tiltak for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting.

  • Tilrettelegging av europeiske konkurransar der resultata og røynslene innanfor temaområda for Det europeiske året vert framheva.

  • Eit sterkt samband med organisasjonar og sektorar som vanlegvis ikkje arbeider med spørsmål som gjeld fattigdom og sosial utstøyting (t.d. idrett, kunst), medrekna bruk av «vitnemål» og «ambassadørar».

  • Innføring av ein nettstad med informasjon om Europa.

3. Andre tiltak

  • Rundspørjingar og granskingar på fellesskapsplan, eventuelt på grunnlag av innsamling av data som er fordelte på kjønn, med sikte på å vurdere og rapportere om førebuingane til, effektiviteten og dei direkte og langsiktige verknadene av Det europeiske året. For å gjere det mogleg å identifisere nyskapande løysingar, kjem ei av granskingane òg til å omfatte spørsmål til ålmenta om politiske tiltak for å førebyggje og motkjempe fattigdom og sosial utstøyting, eventuelt medrekna ordningar for sosial tryggleik, og om kva rolle unionen kan spele i kampen mot fattigdom og utstøyting. Denne granskinga vil verte gjennomførd i 2009, slik at resultata kan leggjast fram på opningskonferansen for Det europeiske året.

  • Fremjing av studiar av sambandet mellom djup fattigdom og grunnleggjande rettar.

  • Samarbeid med den private sektoren, radio- og fjernsynsstasjonar og andre medium som kan vere partnarar når det gjeld spreiing av informasjon om Det europeiske året, i tillegg til tiltak som tek sikte på ein langsiktig dialog om sosiale spørsmål.

  • Teknisk hjelp for å lette kunnskapsoverføringa.

  • Ein vurderingsrapport om effektiviteten og verknadene til Det europeiske året.

Det kan eventuelt skipast særlege samband når det gjeld tilrettelegginga av tilskipingar på europeisk og internasjonalt plan, særleg ved å skape samverknad med Det europeiske året og den verksemda som finn stad i samband med den årlege internasjonale SN-dagen for utrydding av fattigdom, som er 17. oktober.

kan nytte seg av teknisk og/eller administrativ hjelp som er til felles nytte både for Kommisjonen og deltakarstatane, t.d. for å finansiere ekstern sakkunne om eit særskilt tema.

4. Finansiering

Med atterhald for føresegnene i artikkel 8 og 12 i denne avgjerda kan finansieringa finne stad i form av

  • kjøp av varer og tenester, særleg innanfor kommunikasjon, gjennom innbydingar til tilbodskonkurransar,

  • kjøp av rådgjevingstenester gjennom innbydingar til tilbodskonkurransar,

  • tilskot til å dekkje kostnader til særskilde tilskipingar på fellesskapsplan for å framheve og auke medvitet om Det europeiske året. Slik finansiering skal ikkje overstige 80 % av dei samla utgiftene til mottakaren.

II. Samfinansiering av tiltak på nasjonalt plan

Desse tiltaka bør ta omsyn til behovet for å gje tilbod om støtte som kan sikre tilgang for organisasjonar «på bakkenivå» og for prosjekt der dei mest marginaliserte gruppene er tekne med.

  1. Tiltak på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan kan stette vilkåra for å verte finansierte over fellesskapsbudsjettet med opptil 50 % av dei samla utgiftene per deltakarstat. Den nasjonale delen av støtta bør svare til EU-støtta med minst 50 % frå offentlege eller private kjelder. Når tiltaka skal veljast ut, står dei nasjonale gjennomføringsorgana fritt til å velje om og i kor stor grad dei vil be om samfinansiering frå den organisasjonen som har ansvaret for å gjennomføre dei einskilde tiltaka.

  2. Etter at denne avgjerda er vedteken, skal Kommisjonen utarbeide eit strategisk rammedokument som saman med dei måla som er fastsette i artikkel 2 i denne avgjerda, skal danne grunnlaget for dei prioriterte innsatsområda som skal gjennomførast i Det europeiske året, medrekna minstestandardar for deltaking i nasjonale organ og tiltak.

  3. Som oppfølging av det strategiske rammedokumentet skal kvart av dei nasjonale gjennomføringsorgana, etter samråd med det sivile samfunnet, leggje fram eit nasjonalt program for gjennomføringa av Det europeiske året, i nær samordning og nært samsvar med dei nasjonale strategiane for sosial tryggleik og sosial integrasjon.

  4. Kvart nasjonale gjennomføringsorgan ska sende over éin søknad om fellesskapsfinansiering. I denne søknaden om tilskot skal det gjerast greie for det nasjonale programmet og dei nasjonale prioriteringane for Det europeiske året, og for dei tiltaka som det er gjort framlegg om å finansiere. Saman med søknaden om tilskot skal det leggjast fram eit detaljert budsjett som inneheld dei samla utgiftene til dei tiltaka som det er gjort framlegg om, saman med opplysningar om omfanget av og kjeldene til samfinansiering. Blant dei utgiftene som det kan gjevast støtte til, er eventuelle utgifter til personale og administrasjon som det nasjonale gjennomføringsorganet har hatt.

  5. Tildelinga av eit samla tilskot til deltakarstatane vil vere avhengig av i kor stor grad dei måla som er fastsette i artikkel 2 i denne avgjerda, og som det er nærmare gjort greie for i det nasjonale programmet for gjennomføring av Det europeiske året, er stetta.

  6. Kommisjonen skal vurdere dei søknadene om fellesskapsfinansiering som vert sende inn av dei nasjonale gjennomføringsorgana, og vil samstundes kontrollere om dei stettar dei måla som er nemnde i artikkel 2 i denne avgjerda. Dersom det er naudsynt, skal Kommisjonen be om at søknadene vert endra.

  7. Tiltak i medhald av nr. 1 ovanfor kan omfatte:

    1. Møte og tilskipingar som er knytte til måla for Det europeiske året, medrekna nasjonale tilskipingar for å lansere og fremje Det europeiske året, ha ein katalyserande verknad og gje rom for drøfting av konkrete tiltak for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting.

    2. Seminar for ymseidig læring på nasjonalt, regionalt og lokalt plan.

    3. Andre tilskipingar som er knytte til utarbeidinga av initiativ på fellesskapsplan (t.d. den årlege europeiske rundebordskonferansen om fattigdom og sosial utstøyting og det europeiske møtet mellom personar som er råka av fattigdom).

    4. Opplysnings-, utdannings- og reklamekampanjar og andre tiltak på skulane, og tiltak som har ein sterk mangfaldiggjerande verknad og tek sikte på å spreie dei prinsippa og verdiane som ligg til grunn for Det europeiske året på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, medrekna prisutdelingar og konkurransar.

    5. Aandre granskingar og studiar enn dei som er nemnde i del I nr. 3, med sikte på ein meir grundig analyse av dei viktigaste spørsmåla i samband med Det europeiske året.

    6. Tilbod om opplæring for statstenestemenn, partane i arbeidslivet, media, representantar for ikkje-statlege organisasjonar og andre aktørar, for å auke kunnskapen deira om fenomenet fattigdom og sosial utstøyting, om den europeiske og den nasjonale politikken for sosial integrasjon og om ulike tilgjengelege politiske verktøy, slik at dei kan verte betre rusta til å handtere spørsmål som er knytte til fattigdom, og for å oppmuntre dei til å spele ei aktiv rolle for å motkjempe fattigdom og sosial utstøyting.

    7. Samarbeid med media.

    8. Utarbeiding av nye handlingsplanar på regionalt og lokalt plan for sosial integrasjon.

III. Ikkje-finansiell støtte

Fellesskapet vil gje ikkje-finansiell støtte, medrekna godkjenning av bruken av den særskilte logoen som er utforma for Det europeiske året, og anna materiale som er knytt til Det europeiske året, til initiativ frå offentlege eller private organisasjonar, i den grad desse kan garantere overfor Kommisjonen - på grunnlag av dei særlege kriteria som er fastsette i det strategiske rammedokumentet - at dei aktuelle initiativa er eller vil verte utførde i Det europeiske året, og at dei kan ventast å medverke monaleg til å nå eitt eller fleire av måla for året.

Initiativ som vert gjennomførde i tredjestatar i samband eller samarbeid med Det europeiske året, kan òg få ikkje-finansiell støtte frå Fellesskapet og nytte logoen og anna materiale som er knytt til Det europeiske året.

IV. Prioriterte innsatsområde for det europeiske året

Samstundes som det vert teke omsyn til dei ulike sidene ved fattigdom og sosial utstøyting, og med sikte på å integrere førebygginga av og kampen mot fattigdom og sosial utstøyting med annan politikk, bør innsatsen i samband med Det europeiske året ta sikte på å gje ein klar tilleggsverdi og på ein effektiv måte utfylle den opne metoden for samordning når det gjeld sosial tryggleik og sosial integrasjon. Denne innsatsen bør difor vere retta mot ei avgrensa mengd med prioriterte område.

I samsvar med den analysen som er gjord og dei prioriteringane som er fastlagde i den felles rapporten om sosial tryggleik og sosial integrasjon, bør Det europeiske året leggje vekt på dei følgjande emna:

  • Fremjing av fleirsidige integrerte strategiar for å førebyggje og redusere fattigdom, særleg alvorleg fattigdom, og metodar som kan innarbeidast på alle dei relevante politikkområda.

  • Motkjemping av fattigdom blant barn, medrekna fattigdom som går i arv frå éin generasjon til den neste, saman med fattigdom innanfor familiar, med særleg vekt på store familiar, einslege foreldre og familiar som tek seg av ein pleietrengjande person, i tillegg til fattigdom blant barn i institusjonar.

  • Fremjing av ein inkluderande arbeidsmarknad, der det vert lagt vekt på fattigdom blant arbeidstakarar og at det skal løne seg å arbeide.

  • Fjerning av ulikskapar i utdanning og opplæring, medrekna utvikling av digital kompetanse og fremjing av lik tilgang for alle til IKT, med særleg vekt på dei særlege behova til personar med funksjonshemming.

  • Handtering av kjønns- og aldersdimensjonen ved fattigdom.

  • Sikring av lik tilgang til dei ressursane og tenestene som er naudsynte, medrekna bustad, helse og sosial tryggleik.

  • Fremjing av tilgangen til kultur- og fritidsaktivitetar.

  • Motkjemping av skilnadshandsaming og fremjing av sosial integrasjon av innvandrarar og etniske minoritetar.

  • Fremjing av integrerte metodar for aktiv integrasjon.

  • Avhjelping av behova til personar med funksjonshemming og familiane deira, heimlause og andre grupper eller personar som er særleg utsette.

I planlegginga av innsats innanfor ramma av Det europeiske året skal deltakarstatane, i tråd med dei prioriteringane som er nemnde ovanfor, tilpasse desse til dei nasjonale, regionale og lokale situasjonane og utfordringane sine, samstundes som dei tek omsyn til utjamning innanfor sitt eige territorium.

I lys av dei måla som er fastsette i artikkel 2 i denne avgjerda, bør spørsmålet om deltaking integrerast i alle prioriteringane.

I gjennomføringa av innsatsen for Det europeiske året og i medhald av artikkel 4 i denne avgjerda skal Kommisjonen og medlemsstatane ta omsyn til dei ulike måtane kvinner og menn kan oppleve fattigdom og sosial utstøyting på. Dei skal òg sikre at det vert teke omsyn til kjønnsdimensjonen i alle dei prioriterte områda innanfor Det europeiske året, med sikte på å fremje likestilling mellom menn og kvinner.

Fotnoter

1.

TEU C 224 av 30.8.2008, s. 106.

2.

Fråsegn gjeven 18. juni 2008 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

3.

Europaparlamentsfråsegn av 17. juni 2008 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 2. oktober 2008.

4.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

5.

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1.

6.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.

9.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

10.

TEF L 136 av 31.5.1999, s. 1.

Til forsiden