St.prp. nr. 70 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 152/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennom­føringstiltak for direktiv 2005/60 EF – definisjon av «politisk utsett person» m.v.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 8. desember 2006 å endre vedlegg IX til EØS-avtala slik at det òg omfattar direktiv 2006/70/EF av 1. august 2006 om gjennomføringstiltak for direktiv 2005/60/EF, m.a. med definisjon av «politisk utsett person» og tekniske kriterium for prosedyrar rundt forenkla kundeidentifikasjon og for unntak for finansiell verksemd som vert driven sporadisk eller i svært avgrensa omfang. Direktivet gjer det klart kven som er «politisk utsette personar» og kva kundar som representerer låg risiko m.v. etter tredje kvitvaskingsdirektivet.

Ettersom gjennomføringa av rettsakta i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2006/70/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.