St.prp. nr. 71 (1997-98)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99

Til innholdsfortegnelse

5 Nasjonal opning

5.1 Nasjonal opning fram til og med opptak til studieåret 1997-98

Nasjonal opning av HF-, SV- og MN-fakulteta blei innført første gong ved opptak til studieåret 1995-96. Frå og med opptaket til studieåret 1996-97 var óg dei statlege høgskolane omfatta av ordninga. Ordninga vart skipa til slik at dei søkjarane som ikkje fekk tilbod på eit prioritert ønske på eit allmennfakultet ved eit universitet, fekk eige brev med tilbod om plass ved det universitet eller den høgskolen som hadde ledig kapasitet ved det aktuelle fakultetet eller faget. Slik ville ein oppnå ei betre utnytting av studiekapasiteten i landet samla sett.

Universitet og høgskolar som hadde ledige studieplassar var forplikta til å ta opp søkjarar som var omfatta av den nasjonale opninga før dei la studieplassane ut på det såkalla «restetorget», organisert av Samordna opptak. På «restetorget» annonserer alle utdanningsinstitusjonane ledige studieplassar så snart det ikkje er fleire kvalifiserte søkjarar som har søkt til vanleg frist, 15. april. Plassane blir annonsert på Tekst-TV og ei automatisert telefonteneste, og det blir opplyst om ordninga i brev til alle søkjarar som ikkje får tilbod ved dei ordinære opptaka.

Dei to parallelle ordningane førte med seg ein del administrative problem. Fleire av dei studia som var omfatta av den nasjonale opninga hadde ledige studieplassar etter hovudopptaket 25. juli, og lærestadene ønskte å tilby desse på «restetorget» så raskt som mogleg. Jo tidlegare ledige studieplassar blir kjent, jo lettare er det å få søkjarar, og med det ei effektiv utnytting av studiekapasiteten. Søkjarar som var omfatta av den nasjonale opninga hadde likevel prioritet, og desse var ikkje klåre før det nasjonale suppleringsopptaket var kjørt omkring 10. august. Difor måtte lærestadene anten vente med å fylle opp dei ledige plassane til etter at dei som var omfatta av den nasjonale opninga hadde svart, eller dei måtte spekulere i kor mange ledige plassar det ville stå att etter at svara på den nasjonale opninga var registrert.

I 1996 fekk 2 142 søkjarar tilbod om studieplass gjennom den nasjonale opninga, og av desse møtte 49 til studiestart. Tilsvarande tal for 1997 var 160 og 6. Til «restetorget» melde det seg 1024 søkjarar i 1997, og 801 av desse møtte til studiestart.

5.2 Ny ordning for den nasjonale opninga for opptak til studieåret 1998/99

Den nasjonale opninga vart skipa for å nytte landets samla studiekapasitet betre. Det er likevel administrative problem knytt til ordninga. Det er no så få søkjarar som nyttar ho, at det etter departementet si vurdering ikkje lenger er tenleg å oppretthalde ordninga i si noverande form.

Årsakene til at så få nytter ordninga er fleire. For det første gjeld tilbodet berre søkjarar som ved utløpet av søknadsfristen 15. april ikkje var interessert i det studiet/den lærestaden som dei no får tilbod om. For det andre har talet på kvalifiserte søkjarar som står utan studieplass etter dei ordinære opptaka gått ned dei siste åra, slik at færre søkjarar er omfatta av ordninga no enn da ho blei starta.

For studieåret 1998-99 er det gjort reduksjonar i opptaksrammene ved allmennfakulteta. Dette kan gjere at fleire søkjarar til desse fakulteta vert ståande utan studieplass etter dei ordinære opptaka enn året før. Med den sterke nedgangen i søkinga til høgre utdanning i 1998, er det likevel lite truleg at talet på søkjarar som blir omfatta av den nasjonale opninga, vil auke.

Departementet meiner at dei studia som i dag er omfatta av nasjonal opning godt kan annonserast som ledige studieplassar på «restetorget». Det vil seie at ledige studieplassar, ved til dømes Universitetet i Tromsø, blir annonsert på same måte som ledige studieplassar på utdanningar ved dei statlege høgskolane. I praksis vil dette seie at søkjarar som tidlegare fekk eige brev om at dei var omfatta av den nasjonale opninga, no må orientere seg på «restetorget» sjølve, og at dei ikkje har prioritet framfor heilt nye søkjarar. Med den låge utnyttinga ordninga med nasjonal opning har i dag, er det lite truleg at dette vil ha praktiske følgjer for søkjarane. Samstundes vil lærestadene og dei einskilde søkjarane få ei, og ikkje to, ordningar å forhalde seg til.