5 Vurderingar og tilråding

Den mellombelse frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA og den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA får ikkje særlege budsjettmessige følgjer for Noreg.

Utover vanlege oppgåver i samband med Den blanda komitéen og toll- og opphavsrelaterte oppgåver vil ikkje avtalen og landbruksprotokollen medføre administrative følgjer.

Spørsmålet om underskriving av frihandelsavtalen med tilhøyrande vedlegg og protokollar er lagt fram for Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet, som alle tilrår ratifikasjon. Den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA er lagd fram for Landbruksdepartementet, som tilrår ratifikasjon. Utanriksdepartementet sluttar seg til standpunktet til dei nemnde departementa.

Avtalen ligg føre i engelsk. Avtrykk av avtalen i engelsk språkversjon og uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.