St.prp. nr. 71 (1998-99)

Om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Hovudformålet med ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta er å medverke til økonomisk utvikling i dei palestinske områda ved å betre handelsvilkåra for varene deira. Det har òg vore eit sentralt poeng å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til dei palestinske områda på Vestbreidda og i Gaza. Samstundes ønskjer EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda for å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ei hovudmålsetjing med det økonomiske samarbeidet er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010. Frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og PLO/PA og dei bilaterale landbruksprotokollane, som er forhandla fram parallelt med frihandelsavtalen, må også sjåast i denne samanhengen.

Frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA er bygd over same lesten som EFTA sine frihandelsavtalar med tredjeland. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på utviklinga i det internasjonale handelsregimet i den seinare tida. Avtalen er samstundes forhandla fram på bakgrunn av Paris-protokollen (Protocol on Economic Relations, underskriven i Paris 29. april 1994) mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta (PA). Frihandelsavtalen omfattar alle dei palestinske områda som vart okkuperte i 1967, med andre ord Vestbreidda og Gaza. Israel har argumentert mot at Vestbreidda og Gaza blir handsama som eit særskilt tollområde. Frå EFTA si side har ein valt å leggje seg på samme linje som EU. Den mellombelse assosieringsavtalen mellom EU og PLO/PA inneheld like ordningar som avtalen mellom EFTA og PLO/PA. Enkelte føresegner i avtalen er utarbeidd med utgangspunkt i at PA på enkelte område har avgrensa kompetanse etter Paris-protokollen. Dette gjeld mellom anna offentlege innkjøp, immaterialrettsleg vern, konkurransereglar samt fisk og fiskeprodukter. Avtalen er ein mellombels avtale til PA sin endelege status er avklart. Handelen med uforedla landbruksvarer er omfatta av ein bilateral landbruksprotokoll som Noreg og PLO/PA har inngått. Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifisert samtidig til WTO for å tilfredsstille kravet i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av samhandelen.

Det vert oppretta ein komité som skal administrere og føre tilsyn med avtalen og jamleg vurdere behovet for vidareutvikling av avtalen.

Ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom partane. Tilleggsprotokollen inneheld presiseringar frå ein eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og uttrykkjer ein erklært vilje til å utvide avtalen på visse område.

Frihandelsavtalen inneheld ein protokoll som gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil gjere bruk av denne retten.

Frihandelsavtalen er ein multilateral avtale mellom PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta på den eine sida og EFTA-statane samla på den andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom dei einskilde EFTA-statane og PLO/PA gjennom identiske tekster.

Frihandelsavtalen vart frå norsk side underskriven av nærings- og handelsministeren under EFTA sitt ministermøte i Leukerbad 30. november 1998, i samsvar med kongeleg resolusjon av 27. november 1998. Avtalen trer i kraft 1. juli 1999 for dei partane som har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositaren, så framt avtalen trer i kraft for Den palestinske sjølvstyresmakta innan denne datoen. Om ein part ikkje har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositar innan 1. juli 1999, trer avtalen i kraft første dagen i den tredje månaden etter at parten har deponert ratifikasjons- eller godkjenningsdokumenta sine hos depositaren, så framt avtalen er tredd i kraft for Den palestinske sjølvstyresmakta.

Til forsida