St.prp. nr. 74 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 32/2002 av 19. april 2002 om innlemmelse av barnematdirektivene (96/5/EF, 98/36/EF og 99/39/EF) i EØS-avtalen

Til innholdsfortegnelse

3 Kommisjonsdirektiv 98/36/EF av 2. juni 1998 om endring av direktiv 96/5/EF om bearbeidede kornbaserte næringsmidler og barnemat for spedbarn og småbarn

KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet,

med tilvising til rådsdirektiv 89/398/EØF av 3. mai 1989 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om næringsmidler beregnet på spesielle ernæringsmessige behov 1

, endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 96/84/EF 2

, særleg artikkel 4 nr. 1,

etter å ha rådspurt Vitskapsutvalet for næringsmiddel om dei føresegnene som kan ventast å ha innverknad på folkehelsa, og

ut frå desse synsmåtane:

Dei grunnleggjande kriteria for samansetnad av foredla kornbaserte næringsmiddel og for barnemat er oppførde høvesvis i vedlegg I og II til kommisjonsdirektiv 95/5/EF 3

.

På grunn av den særskilde næringsmessige samansetnaden av og dei kjemiske, fysiske og organoleptiske eigenskapane til ost vil produkt som berre er framstilte av ost og andre ingrediensar, ha for høgt feittinnhald og ein lite tiltalande smak for spedbarn og småbarn dersom dei skulle stette dei krava til proteininnhald som er nemnde i vedlegg II til direktiv 96/5/EF.

Difor bør det fastsetjast nye krav til proteininnhaldet i desse produkta.

Dei ulike matvanane i Fellesskapet har ført til marknadsføring av sausar som vert nytta som tilhøyrsle til eit måltid, og som organoleptisk sett er viktige, men som ikkje utgjer noko viktig kosttilskot. For desse sausane bør det difor gjerast unntak frå dei krava til proteininnhald som er fastsette i vedlegg II til det førnemnde direktivet.

I vedlegga til direktiv 96/5/EF er det fastsett øvre grenser for innhald av visse stoff som er tilsette for næringsføremål. I artikkel 5 i det førnemnde direktivet er det fastsett at det om naudsynt kan fastsetjast fleire øvre grenser enn dei som alt finst.

Direktiv 96/5/EF bør difor endrast.

Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå Det faste næringsmiddelutvalet -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Vedlegga til direktiv 96/5/EF vert endra i samsvar med vedlegget til dette direktivet.

Artikkel 2

Medlemsstatane skal innan 31. desember 1998 setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette. Desse lovene og forskriftene skal nyttast på ein slik måte at

  • det frå 1. januar 1999 er tillate å drive handel med produkt som er i samsvar med dette direktivet,

  • det frå 1. januar 2000 er forbode å drive handel med produkt som ikkje er i samsvar med dette direktivet.

Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

Artikkel 3

Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Artikkel 4

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 2. juni 1998.

For Kommisjonen

Martin BANGEMANN

Medlem av Kommisjonen

Vedlegg I

I vedlegga til direktiv 96/5/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I vedlegg II nr. 1 vert følgjande nye punkt 1.3a, 1.4a og 1.4b sette inn:
«1.3a.Dersom ost er nevnt sammen med andre ingredienser i produktnavnet til et usukret produkt, enten produktet presenteres som et måltid eller ikke,
-skal protein fra meieriprodukter utgjøre minst 0,5 g/100 kJ (2,2 g/100 kcal),
-skal det samlede proteinet i produktet fra alle kilder utgjøre minst 0,7 g/100 kJ (3 g/100 kcal).»
«1.4a.Kravene omhandlet i punkt 1.1-1.4 får ikke anvendelse på sauser som er tilbehør til et måltid.
1.4b.I søte retter der et meieriprodukt er nevnt som viktigste eller eneste ingrediens, skal melkeproteinet utgjøre minst 2,2 g/100 kcal. Kravene omhandlet i punkt 1.1-1.4 får ikke anvendelse på andre søte retter.»
2.Nytt vedlegg VI skal lyde:

«Vedlegg VI

Øvre grenser for tilsetning av vitaminer, mineraler og mikronæringsstoffer i bearbeidede kornbaserte næringsmidler og barnemat beregnet på spedbarn og småbarn

Kravene til næringsstoffer får anvendelse på bruksferdige produkter som markedsføres som dette, eller som rekonstitueres etter produsentens anvisninger, med unntak av kalium og kalsium, hvor kravene gjelder produktet slik det selges.

NæringsstofferØvre grense

per 100 kcal

Vitamin A (μg RE)1801
Vitamin E (mg a-TE)3
Vitamin C (mg)12,5/252/1253
Tiamin (mg)0,25/0,54
Riboflavin (mg)0,4
Niacin mg (NE)4,5
Vitamin B6 (mg)0,35
Folinsyre (μg)50
Vitamin B12 (μg)0,35
Pantotensyre (mg)1,5
Biotin (μg)10
Kalium (mg)160
Kalsium (mg)80/1805/1006
Magnesium (mg)40
Jern (mg)3
Sink (mg)2
Kobber (μg)40
Jod (μg)35
Mangan (mg)0,6

1 I samsvar med bestemmelsene i vedlegg I og II.

2 Grensen gjelder for produkter som er tilsatt jern.

3 Grensen gjelder for næringsmidler som bare inneholder frukt, fruktjuicer, nektarer og grønnsakjuicer.

4 Grensen gjelder for kornbaserte næringsmidler.

5 Grensen gjelder for produkter omhandlet i artikkel 1 nr. 2 bokstav a) i) og ii).

6 Grensen gjelder for produkter omhandlet i artikkel 1 nr. 2 bokstav a) iv).»

Fotnoter

1.

TEF L 186 av 30.6.1989, s. 27.

2.

TEF L 48 av 19.2.1997, s. 20.

3.

TEF L 49 av 28.2.1996, s. 17.

Til forsiden