St.prp. nr. 76 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 vart vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala endra. Endringa omfatta innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF av 15. juli 2003 om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer. Endringa vert gjord ved at det i vedlegg XXII nr. 1 vert lagt til eit nytt strekpunkt som viser til det nye direktivet.

Føremålet med direktivet er å lette og effektivisere innsendinga av og tilgangen til opplysningar om selskap, og direktivet tek sikte på å forenkle dei formalitetane rundt offentleg innsyn som selskap vert pålagde. Dette føremålet skal nåast gjennom betre tilgang til bruk av elektronisk kommunikasjon. Bakgrunnen for direktivet er eit mål som vart fastsett av Kommisjonen i oktober 1998, om forenklingar av den lovgjevinga som er knytt til den indre marknaden.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.