St.prp. nr. 77 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av Kvammapakken i Hordaland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på rv 7 og rv 49 i Kvam kommune i Hordaland. Det er også lagt opp til eit tiltak i Granvin kommune. Ein stor del av investeringane er planlagt mellom dei to tettstadane Øystese og Norheimsund. Kvammapakken skal i hovudsak finansierast med bompengar. I tillegg er det lagt til grunn statlege midlar. Som følgje av forvaltningsreforma er rv 49 og dei delane av rv 7 som inngår i Kvammapakken føresett omklassifiserte til fylkesvegar frå 2010. Det er difor lagt til grunn at føresette statlege midlar til Kvammapakken etter 2009 blir dekka av Hordaland fylkeskommune.