St.prp. nr. 78 (1997-98)

Om endringar i statsbudsjettet for 1998 under kapitla 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta m v og 2755 Helsetenesta i kommunane

Til innholdsfortegnelse

1 Rammeavtale og tidlegare forhandlingar

I samsvar med rammeavtalen om forhandlingsordninga for privatpraktiserande helsepersonell (legar, fysioterapeutar og psykologar) som blei inngått hausten 1987, er det ordinære avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om driftstilskot og takstar for dei respektive gruppene 1. juli.

Ved oppgjeret pr 1. juli 1997 blei det gitt eit tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 3,3 pst. for legane, 5,3 pst. for fysioterapeutane og 4,4 pst. for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten har nå ført forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 1998-30. juni 1999. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og driftstilskot med 4,4 pst, for fysioterapeutane ein auke med 4,0 pst og for psykologane ein auke med 4,0 pst. Rammejusteringane er rekna pr 1. juli 1998.

Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 1998, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Eigenbetalinga frå pasientane er halden uendra ved oppgjeret. Auken i takstane som følgje av dei nye avtalene kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.