St.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007 vart formelt vedteke i EU 16. desember 2002 ved europaparlaments- og rådsvedtak 2367/2002/EF. Statistikksamarbeidet mellom EFTA-statane og EU starta allereie i 1989 ved at dette samarbeidet vart ein del av «Oslo-Brussel-prosessen» som førde fram til EØS-avtala. Eit eige kontor for statistikksamarbeidet vart oppretta i Luxembourg i 1991.

Statistikksamarbeidet vart formalisert i EØS-avtala gjennom artikkel 76, som fastset at avtalepartane skal sjå til at det vert utarbeidd og spreidd samanhengande og samanliknbare statistiske opplysningar med sikte på å gjere greie for og overvake alle relevante økonomiske, sosiale og miljømessige sider ved Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Vidare vert det nemnt at avtalepartane skal utvikle og nytte harmoniserte metodar, definisjonar og klassifikasjonar i tillegg til felles program og framgangsmåtar for å organisere statistikksamarbeidet på høvelege administrative nivå. Det skal òg takast omsyn til at statistiske data må handsamast konfidensielt. Artikkelen viser endeleg til vedlegg XXI, som inneheld særlege føresegner om statistikk, og til protokoll 30 som handlar om organiseringa av statistikksamarbeidet.

Statistikkprogrammet er ei vidareføring av tidlegare tilsvarande femårige program som har vore av mindre bindande karakter. Samarbeidet, medrekna budsjettet, har hovudsakleg vore basert på dei årlege programma. Ettersom det dreier seg om vidareføring av eit etablert samarbeid, har Noreg teke del på vanleg måte i 2003. Endringa inneber at programmet i tillegg får eit bindande fleirårig perspektiv gjennom eit budsjettanslag, og at EØS/EFTA-statane får høve til framleis å ta del i statistikksamarbeidet til EU i programperioden.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak for femårsperioden, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala må difor Stortinget gi sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet frå 1. januar 2004, fremjast proposisjonen før avgjerda vert teken i EØS-komiteen 7. november 2003. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som følgjer med proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på ny.

Europaparlaments- og rådsvedtaket og utkastet til avgjerda i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til forsida