Utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker
Høyring | Dato: 25.06.2012 | Kulturdepartementet
Status: Ferdigbehandlet
Høyringsfrist: 01.10.2012
Kulturdepartementet vedtok nye vedtekter for Språkrådet 5. desember 2012.
Dei nye reglane regulerer først og fremst arbeids- og ansvarsdelinga mellom departementet og Språkrådet i slike spørsmål. Det er derfor foreslått å innarbeida dei aktuelle reglane i gjeldande vedtekter for Språkrådet.
-
Høyringsbrev
Vår ref.: 2009/00739Høyringsbrev om utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker
Vedlagt følgjer høyringsnotat med utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i saker om utfylling og endring av gjeldande rettskriving i bokmål og nynorsk, med tilhøyrande skrivereglar, også kalla normeringsspørsmål.
Dei nye reglane regulerer først og fremst arbeids- og ansvarsdelinga mellom departementet og Språkrådet i slike spørsmål. Det er derfor foreslått å innarbeida dei aktuelle reglane i gjeldande vedtekter for Språkrådet.
Oppgåver og fullmakter for Språkrådet i normeringsspørsmål er foreslått regulert i ein eigen paragraf, jf. ny § 3 i det vedlagde utkastet, mens behandlingsprosedyren i Språkrådet er regulert gjennom tillegg og justeringar i dei to påfølgjande paragafane, jf. særleg ny § 5 tredje ledd. Tillegg og endringar er markerte ved kursiv.[1]
Vi ber høyringsinstansane vurdera om det er behov for å senda saka vidare til underliggjande eller andre tilknytte organ som ikkje er oppførte på høyringslista.
Vi ber om at høyringssvara blir sende elektronisk til følgjande e-postadresse: postmottak@kud.dep.no.
Høyringsfristen er 1. oktober 2012.
Med helsing
Christine Hamnen (e.f.)
avdelingsdirektørIngvar Engen
seniorrådgjevarVedlegg:
Høyringsnotat
Gjeldande vedtekter for Språkrådet
Høyringsliste
[1] I vedtekstutkastet er elles talet på styremedlemmer oppdatert frå sju til ni i samsvar med ei endring som alt er gjennomført, jf. ny § 4 andre ledd med tilhøyrande justeringar i tredje og fjerde ledd. Likeins er oppnemningsperioden for fagråda auka frå to til fire år, jf. ny § 5 nytt sjuande ledd.
-
Høyringsnotat
-
Høyringsinstansar
Høyringsliste
Departementa
Universiteta
Statlege høgskolarSpråkrådet
Utdanningsdirektoratet
Universitets- og høgskolerådetLandslaget for norskundervisning
Norsk Lektorlag
UtdanningsforbundetDen norske Forleggerforening
Den norske Forfatterforening
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Norsk Oversetterforening
Statsautoriserte translatørers foreningDet Norske Akademi for Sprog og Litteratur
Riksmålforbundet
Bokmålsforbundet
Norsk Språkforening
Landslaget for språklig samling
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Noregs Mållag
Norsk Målungdom
Nynorsklaget
Ivar Aasen-sambandet
Høgnorskringen
Norsk Bokreidingslag
Norskt MåldyrkingslagAschehoug Forlag
Kunnskapsforlaget
Det Norske SamlagetNorsk Presseforbund
Norsk Redaktørforning
Norsk Journalistlag
Landslaget for lokalaviser
Norsk Telegrambyrå
Nynorsk pressekontor
Norsk rikskringkastingNynodata
Nynorsk Kultursentrum
Nynorsk mediesenter -
Høyringssvar
- Arbeidsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Bokmålsforbundet (PDF)
- Det Norske Akademi (PDF)
- Fiskeri- og kystdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (PDF) (utan merknader)
- Forsvarsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Helse- og omsorgsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Høgnorskringen (PDF)
- Ivar Aasen-sambandet (PDF)
- Justis- og beredskapsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Kunnskapsforlaget (PDF)
- Landbruks- og matdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Miljøverndepartementet (PDF) (utan merknader)
- Noregs mållag (PDF)
- Norskt Måldyrkingslag (PDF)
- NRK (PDF)
- NTNU (PDF)
- Nynodata (PDF)
- Nærings- og handelsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Riksmålsforbundet (PDF)
- Samferdselsdepartementet (PDF) (utan merknader)
- Språkrådet (PDF)
- Universitetet for miljø- og biovitskap (PDF) (utan merknader)
- Universitetet i Agder (PDF)
- Universitetet i Bergen (PDF)
- Universitetet i Oslo (PDF)
- Universitets- og høgskolerådet (PDF) (utan merknader)
- Utenriksdepartementet (PDF) (utan merknader)