PM-2025-6 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2025 m.m.
Dato: 02.06.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Resultatet av mellomoppgjeret 2025
Til: Statsforvaltninga og Riksrevisjonen
Gjeld: Statens personalhandbok punkt 24
I hovudtariffoppgjeret 2024 blei det inngått likelydande hovudtariffavtalar mellom staten (ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet) og Akademikerne og Unio, og likelydande hovudtariffavtalar mellom staten og LO Stat og YS Stat.
Avtalane gjeld frå 1. mai 2024 til 30. april 2026 og inneheld ei føresegn om at det i andre avtaleår skal forhandlast om løn – eit såkalla mellomoppgjer.
Årets mellomoppgjer starta 24. april. Staten blei 30. april einig med Akademikerne, Unio og YS Stat. Forhandlingane med LO Stat førte ikkje fram, og gjekk til mekling. Meklinga starta 6. mai, med frist 27. mai kl. 24.00. Etter mekling på overtid kom partane til einigheit 28. mai.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil leggje forhandlingsløysingane, meklingsforslaget og dei budsjettmessige konsekvensane for dei bruttobudsjetterte verksemdene fram for Stortinget i ein eigen proposisjon. Iverksetjing av endringane i hovudtariffavtalane må derfor skje med atterhald. Oppgjeret i 2025 er i alle avtalar innanfor ei økonomisk ramme som gir ein årslønsvekst frå 2024-2025 på 4,4 prosent (frontfaget).
Nedanfor blir det gjort greie for endringane. For ytterlegare informasjon viser vi til sida om lønsoppgjeret 2025 på regjeringa.no.
1. Økonomi
A. Endringar i hovudtariffavtalane med Akademikerne og Unio:
I avtalane med Akademikerne og Unio skal det lokalt forhandlast innanfor ei ramme på 3,3 prosent av lønsmassen. Den lokale avsetninga utgjer 100 prosent av den disponible økonomiske ramma.
Tillegga gjeld frå 1. mai 2025.
B. Endringar i hovudtariffavtalen med LO Stat:
I avtalen med LO Stat blir alle gitt eit generelt sentralt kronetillegg på 6 600 og eit likt prosentvis tillegg på 1,5 prosent av fastløna. I tillegg skal det forhandlast lokalt innanfor ei ramme på 1,35 prosent av lønsmassen. Den sentrale avsetninga utgjer 60 prosent av den disponible økonomiske ramma, og den lokale avsetninga utgjer 40 prosent.
Tillegga gjeld frå 1. mai 2025.
C. Endringar i hovudtariffavtalen med YS Stat:
I avtalen med YS Stat blir det gitt eit sentralt generelt tillegg til alle på 1,05 prosent av fastløna. I tillegg skal det forhandlast lokalt innanfor ei ramme på 2,7 prosent av lønsmassen. Den sentrale avsetninga utgjer 25 prosent av den disponible økonomiske ramma, og den lokale avsetninga utgjer 75 prosent.
Tillegga gjeld frå 1. mai 2025.
2. Lokale forhandlingar hausten 2025
Forhandlingane skal vere avslutta innan 31. oktober 2025.
Brev om dei lokale forhandlingane vil bli sendt ut medio juni månad.
Etter fullmakt
Gisle Norheim
statens personaldirektør
Ragnar Ihle Bøhn
avdelingsdirektør
Eventuelle spørsmål kan rettast til Statens arbeidsgivarportal