PM-2026-6 Statlege verksemder kan søkje om midlar til kompetanseutviklingstiltak for tariffperioden 2026-2028
Personalmelding | Dato: 11.09.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Statlege verksemder kan søkje om kompetansemidlar avsett i hovudtariffavtalane.
Til: Statsforvaltninga og Riksrevisjonen
Gjeld: Statens personalhandbok pkt. 11.4.2
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og hovudsamanslutningane har gjennom hovudtariffavtalane i staten (HTA) pkt. 5.3.2 sett av inntil 20 millionar kroner til kompetanseutvikling for å:
- utvikle og effektivisere staten,
- fremje eit godt samarbeid mellom leiinga og medarbeidarane,
- bidra til gode partssamarbeid, og
- utvikle attraktive arbeidsplassar i staten
Statlege verksemder kan søkje om midlar til kompetanseutviklingstiltak. Søknaden må utarbeidast i samarbeid med dei tillitsvalde, og dei skal også vere involverte i gjennomføringa av tiltaket. Tillitsvalde blir oppmoda til å ta initiativ til tiltak, men verksemda må stå som søkjar.
Verksemder kan også samarbeide om tiltak og søkje om støtte til eit felles tiltak. Merk at dei tillitsvalde i alle verksemdene som samarbeider, må involverast i arbeidet med både søknaden og tiltaket.
Tiltak som kan få støtte:
- Utvikle digital kompetanse og grunnleggjande kompetanse om kunstig intelligens
Til dømes- kompetanseutvikling for å lære meir om nye digitale verktøy slik at partane lokalt får felles kunnskap og kan utøve medråderett og tilrettelegging på ein god måte ved til dømes innføring av bruk av kunstig intelligens i verksemda,
- auka kunnskap om kunstig intelligens, og korleis dette kan brukast, for å utføre noverande og framtidige arbeidsoppgåver på ein god måte.
- Kompetanseutvikling som bidrar til lokale miljøretta tiltak som vil kunne gi auka berekraft for statlege verksemder.
Til dømes- bistand til at verksemda kan utvikle kompetanse til å oppfylle FNs berekraftsmål, der dette er ein relevant del av oppgåveløysinga,
- kompetansetiltak som kan bidra til å redusere verksemda sitt klimaavtrykk .
- Forsøk med alternative arbeidsformer.
Til dømes prosjekt som tek for seg heimekontor, rammevilkår og ulike aspekt som organisering av arbeid, arbeidsmiljø og fjernleiing. - Livsfaseorienterte tiltak, jf. HTA pkt. 5.6.
- Felles tiltak knytte til eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv i staten
Til dømes- tiltak for å førebyggje sjukefråvær og fråfall og fremje inkludering,
- tiltak for å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og unge menneske som har utfordringar med å komme seg i arbeid.
- Tiltak for fleire lærlingar i staten.
Til dømes tiltak som bidreg til å oppnå mål i lærlingestrategien i staten. - Tiltak som ivaretar medråderetten hos tillitsvalde og medarbeidarar i organisasjonsutvikling, omstilling og endring.
Til dømes kompetansetiltak for ulike grupper tilsette i samband med omstilling og endringar. - Fellesopplæring i partssamarbeid og medråderett.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar i hovudavtalen. - Fellesopplæring i hovudtariffavtalane, jf. HTA pkt. 2.1.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar om aktuelle tema i hovudtariffavtalane i staten. - Fellesopplæring om aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova.
Til dømes fellesopplæring for tillitsvalde og arbeidsgivar om korleis kartleggje likelønn i verksemda, eller korleis følgje opp aktivitets- og utgreiingsplikta generelt. - Andre kompetanseutviklingstiltak som bidrar til å nå målsetjinga med ordninga.
Verksemder kan søkje om midlar sjølv om dei har fått tildelt midlar tidlegare.
Verksemder som får kompetansemidlar skal kunne dele erfaringar frå kompetanseutviklingstiltaket for å oppnå kunnskapsdeling på tvers av statlege verksemder.
Søknadsfrist: 4. november 2026
Finn informasjon om krav til søknader og retningslinjer for ordninga på Statens arbeidsgivarportal.
DFD, hovudsamanslutningane i staten og DFØ vil halde eit seminar 9. oktober kl. 9-11, der fem verksemder, som fekk kompetansemidlar i førre tariffperiode, vil dele sine erfaringar. Nærare informasjon om dette kjem via andre kanalar.
Etter fullmakt
Bente J. Kraugerud
statens personaldirektør
Helene Marie Lassen
avdelingsdirektør
Eventuelle spørsmål kan rettast til Statens arbeidsgivarportal