Introduksjonsprogram
Artikkel | Sist oppdatert: 15.11.2018 | Kunnskapsdepartementet
Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.
Kven er omfatta av ordninga?
Målgruppa er personar mellom 18 og 55 år som:
- Har fått asyl og dermed status som flyktningar
- Er overføringsflyktningar
- Har fått opphald på humanitært grunnlag etter en søknad om asyl
- Er familiegjenforeina til dei gruppene som er nemnde over
- Er personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet (frå 1. juli 2011)
Dei som er i målgruppa for ordninga og som har behov for grunnleggande kvalifisering, har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.
Kommunane sitt ansvar
Kommunen har plikt til å syte for introduksjonsprogram til nyankomne innvandrarar i målgruppa som er busette i kommunen. Introduksjonslova gir samstundes kommunane ei rettsleg ramme i integreringsarbeidet. Retten til deltaking i introduksjonsprogram gjeld berre i den fyrste busettingskommunen.
Innhaldet i programmet
Introduksjonsprogrammet er individuelt tilpassa kvalifisering på fulltid, og målsettinga er å styrke moglegheitene for deltaking i yrkes- og samfunnsliv for innvandrarar, samt å styrke deira økonomiske sjølvstende. Hovudinnhaldet i programmet er opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og tiltak som førebur til vidare opplæring eller jobb.
Deltaking utløyser rett til introduksjonsstønad
Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gongar folketrygdas grunnbeløp på årsbasis. Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad. Stønaden er skattepliktig.
Nyttig informasjon om introduksjonsprogrammet på IMDis sider