Introduksjonsprogram

Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.

Kven er omfatta av ordninga?

Målgruppa er personar mellom 18 og 55 år som:

  • Har fått asyl og dermed status som flyktningar
  • Er overføringsflyktningar
  • Har fått opphald på humanitært grunnlag etter en søknad om asyl
  • Er familiegjenforeina til dei gruppene som er nemnde over
  • Er personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet

For personar som har fått opphaldsløyve før 1. januar 2021, gjeld framleis introduksjonslova frå 2003.

Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) gjeld for:

  • Personar som får opphaldsløyve etter 1. januar 2021.
  • Personal som får opphaldsløyve før 1. januar 2021 men kjem til Noreg etter 1. januar 2021.

 

For personar omfatta av ny integreringslov gjeld følgande

Kompetansekartlegging og karriererettleiing

Deltakarar i målgruppa for introduksjonsprogram har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing. Dette skal bidra til introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskilde sitt behov. Kommunen skal sørge for kompetansekartlegging og fylkeskommunen skal sørge for karriererettleiing.

Kommunane sitt ansvar

Kommunen har plikt til å syte for introduksjonsprogram til nyankomne innvandrarar i målgruppa som er busette i kommunen. Introduksjonslova gir samstundes kommunane ei rettsleg ramme i integreringsarbeidet. Retten til deltaking i introduksjonsprogram gjeld berre i den fyrste busettingskommunen.

Innhaldet i programmet

Introduksjonsprogrammet er individuelt tilpassa kvalifisering på fulltid, og målsettinga er å styrke moglegheitene for deltaking i yrkes- og samfunnsliv for innvandrarar, samt å styrke deira økonomiske sjølvstende. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde:

  1. opplæring i norsk
  2. opplæring i samfunnskunnskap
  3. kurs i livsmestring
  4. arbeids- eller utdanningsretta element

Deltakarar som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrerettleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.

Sluttmål og varigheit for programmet

Kommunen skal setje eit sluttmål for den einskilde sitt program. Det er utdanningsbakgrunn som er førande når ein set sluttmål og varigheit for programmet.

Integreringsplan og integreringskontrakt

Kommunen skal i samarbeid med deltakaren utarbeide ein integreringsplan og ei integreringskontrakt (jf. §§ 15 og 16 i integreringslova)

Deltaking utløyser rett til introduksjonsstønad

Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gongar folketrygdas grunnbeløp på årsbasis. Deltakarar under 25 år som ikkje bur saman med foreldre mottek 2/3 stønad. Deltakarar under 25 år som bur saman med ein eller begge foreldre mottek 1/3 stønad. Stønaden er skattepliktig.