Det norske alderspensjonssystemet – kva du treng å vite
Artikkel | Sist oppdatert: 25.01.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Det norske pensjonssystemet er bygd opp for å sikre deg inntekt når du blir eldre og sluttar å jobbe. Systemet består av tre hovuddelar: folketrygda, tenestepensjon frå arbeidsgjevar og eventuell eiga pensjonssparing. For å få ei god oversikt over kva du vil få i pensjon, er det viktig å kjenne til dei ulike delane, og korleis du sjølv kan påverke pensjonsutbetalinga di.
Folketrygda – grunnmuren i pensjonssystemet
Folketrygda er den offentlege pensjonsordninga som – som hovudregel – omfattar alle som bur eller jobbar i Noreg.
Denne pensjonen byggjer på inntekta di gjennom livet og kor lenge du har vore i arbeidslivet. Det er eit breitt politisk ønskje at pensjonssystemet oppmuntrar til lengre yrkeskarrierar. Hovudregelen er at jo lenger du jobbar, desto meir pensjon opptener du. Det er mogleg å ta ut alderspensjon fleksibelt frå fylte 62 år. Samla pensjon gjennom åra som pensjonist skal vere den same uavhengig at tidspunktet pensjonen blei tatt ut. Jo seinare du tar ut pensjon, desto høgare blir den årlege pensjonen, sidan pensjonen blir fordelt over færre år. Du kan også velje å jobbe mens du tar ut pensjon utan at det reduserer utbetalinga frå folketrygda.
Omsorgsarbeid og mottak av uføretrygd gir også opptening av alderspensjon. Har du hatt lite eller inga arbeidsinntekt, tener du opp rett til alderspensjon frå folketrygda ut frå kor lenge du har vore medlem av folketrygda (trygdetid).
Tenestepensjon – pensjon frå arbeidsgjevar
Dei fleste arbeidsgjevarar i dag tilbyr ein tenestepensjon i tillegg til folketrygda. Alle som jobbar i privat sektor, har krav på obligatorisk tenestepensjon. Denne er avhengig av kor du jobba, og kva avtale din arbeidsgjevar har. Jobbar du i offentleg sektor, er du dekt av ei offentleg tenestepensjonsordning, som gir ein pensjon som står i forhold til inntekta som yrkesaktiv. Offentleg tenestepensjon er livsvarig, noko som betyr at du får utbetalt pensjon så lenge du lever.
Tenestepensjon kjem som eit tillegg til pensjonen frå folketrygda, og utgjer ein viktig del av den samla pensjonen din.
Eiga sparing – din moglegheit til å auke pensjonen
Sjølv om folketrygda og tenestepensjonen gir deg ein solid grunnmur, kan du velje å spare ekstra til pensjon på eiga hand. Dette kan gjerast gjennom individuell pensjonssparing (IPS) eller anna form for langsiktig sparing.
Pensjon og skatt
Pensjonsinntekter er skattepliktige i Noreg. Skatten på pensjon blir rekna ut på same måte som for lønnsinntekter, men det er nokre særreglar og frådrag som gjeld spesielt for pensjonistar. For eksempel kan du ha rett til eit særskilt skattefrådrag for pensjonsinntekt, som reduserer den totale skatten du må betale. Det er viktig å vere klar over desse reglane og frådraga for å sikre at du betalar riktig skatt på pensjonen din
Kva er ditt ansvar?
Sjølv om pensjonssystemet automatisk registrerer inntekta di og reknar pensjonsoppteninga di, er det viktig at du held deg oppdatert. Du kan når som helst logge inn på Norsk pensjon eller NAVs pensjonskalkulator for å sjå kor mykje du har tent opp i pensjon så langt, og rekne ut kva du kan forvente å få i framtida. Dette gir deg eit godt grunnlag for å få oversikt over kva val som påverkar din framtidige pensjon, vurdere om du ønskjer å jobbe lenger, ta ut pensjon tidlegare, eller spare ekstra.