Meld. St. 13 (2019–2020)

Noregs fiskeriavtalar for 2020 og fisket etter avtalane i 2018 og 2019

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapitelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra. Havforskingsinstituttet har meir utfyllande informasjon om bestandane på si heimeside.

Dette kapitlet presenterer også fiskedødeligheita (for dei fleste bestandar for 2008–2016 og noverande verdi i perioden [2017–2018]) i forhold til dagens forvaltingsplan (Fmgt), der ein har ein forvaltningsplan på plass, eller sist estimerte verdi av maksimalt langtidsutbytte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har vorte endra i siste 10-års periode for fleire av bestandane. På grunn av at ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga av bestanden seg, spesielt for dei siste åra. Dette er illustrert i ICES sitt råd, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødeligheit og rekruttering). I tillegg til effekten av nye data, reflekterer desse figurane også metodeendringar.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2019 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Også hysebestanden står det godt til med, og det er fleire gode årsklassar på veg inn i bestanden slik at ein reknar med at den vil vekse dei komande åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017 og minka noko att i 2018. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden. Fisket vart så stengt igjen i 2019 og 2020.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Det står bra til med vågekval og grønlandssel i Barentshavet, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i dette området. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for grønlandssel er avtalt med Russland og omtalt i kap. 3.2.1, medan kvoten for vågekval vert fastsett av Noreg basert på metoder utvikla i IWC slik det er omtalt i kap. 3.4.3. Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2018

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2018

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka sterkt i 2018–2019. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet, og eit kommersielt fiske på denne bestanden har utvikla seg dei siste åra.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2018

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2018

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2018. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stogga. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Av figuren ser vi at torsken konsumerte meir enn 9 millionar tonn mat rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. I 2018 var konsumet minka til vel 5 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua.

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg.

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 2,6 millionar tonn

Kvote for 2020: 738 000 tonn, av dette 313 277 tonn til Noreg (eksklusiv kysttorsk). Etter justering for kvotefleks vart kvoten 303 091 tonn.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 7,1 mrd. kroner.

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 670 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa, og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2019 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko, og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er no gytebestanden på veg nedover.

Uttaket (den faktiske fiskeridødeligheita) var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan den no er nær det som forvaltingsplanen tilseier.

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere under føre-var nivået. ICES tilrådde ein kvote for 2020 på 689 672 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Kvoten for 2020 vart sett til 738 000 tonn, omtrent 48 000 tonn over gjeldande haustingsregel.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil halde fram med å minka.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC1, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<805

894

849

1 700

2017

Følg den avtalte2 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<890

890

868

1 821

2018

Følg den avtalte2 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<712

775

779

1 526

2019

Følg den avtalte2 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<675

725

1 496

2020

Følg den avtalte2 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<690

738

1 Totalkvotane er fastsatt etter avtale med Russland, sjå kapittel 3

2 Det vart avtalt ein ny forvaltingsplan hausten 2016

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 0,7 millionar tonn

Kvote for 2020: 215 000 tonn, av dette 105 159 tonn til Noreg. Etter justering for kvotefleks: 107 375 tonn.

Norsk fangstverdi (2019): 1,5 mrd. kroner.

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 140 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Dei sterke årsklassene 2016 og 2017 vil føre til auke i bestanden dei komande åra. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2020 er basert på den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 215 000 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Kvoterådet for 2020 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 25 prosent endring i kvoterådet frå år til år, utan denne klausulen hadde rådet blitt 231 352 tonn. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan i åra etterpå har den vore litt i overkant av det forvaltingsplanen tilseier.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<244

244

233

526

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<233

233

228

388

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<202

202

191

280

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<152

172

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<215

215

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens.

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 30 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 900 000 tonn.

Kvote for 2020: 171 982 tonn. Etter justering for kvotefleks og bytte av kvotar: 142 470 tonn.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 1,1 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2018 var på 161 000 tonn, og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen tatt seg opp, og ser no ut til å stabilisere seg i underkant av 900 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte (Fmsy). ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2020 på 171 982 tonn, og det vart også totalkvoten fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet. Kvoterådet for 2020 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 25 prosent endring i kvoterådet frå år til år. Utan denne klausulen hadde rådet blitt 189 419 tonn. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2014–2018.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

140

140

413

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

146

432

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<173

173

181

495

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

555

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<172

172

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides.

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: Truleg meir enn 30 år.

Bestandstorleik: Ukjend.

Kvote for 2020: 27 000 tonn, av dette 13 755 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 600 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember-januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2018 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gjev difor råd basert på føre-var-basis. Sidan blåkveite er ein langliva art som er relativt gamal før den rekrutterer til fisket, har ein brukt ei føre-var-tilnærming som baserer ein seg på ein 5-års prognose for fiskbar biomasse. Dette gav eit fiske på maksimalt 23 000 tonn for 2020, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

1 Sidan det er stor uvisse knytte til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje vist i Figur 4.16 og Tabell 4.4.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst1

Gytebestand

2016

Føre-var tilnærming

<20

22

25

-

2017

Føre-var tilnærming

<20

24

26

-

2018

Føre-var tilnærming

<23

27

29

-

2019

Føre-var tilnærming

<23

27

2020

Føre-var tilnærming

1 Inkludert fangst i EU-sonen nord for 62°N (sjå Tabell 3.5)

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella.

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg.

Levetid: Over 70 år.

Bestandstorleik (2019): Om lag 1,3 millionar tonn

Kvote for 2020: 55 860 tonn, av dette 38 219 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 300 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og krill. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2017 var på om lag 15 000 tonn jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore rundt 800 000 tonn (jf. figur 4.18). Sidan snabelueren blir kjønnsmoden først i 12-årsalderen, og årsklassane fødde mellom 1996 og 2004 er svake, vil gytebestanden kunne auke monaleg når dei større årsklassane fødde etter 2004 byrjar å rekruttere til gytebestanden. Det er ikkje vedteken nokon forvaltingsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2020 ikkje bør overstige 55 860 tonn, jf. tabell 4.5. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluert. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vurderte det slik at ein forvaltingsregel med fiskedødeligheit F=0,06 og triggerpunkt Btrigger på 450 000 tonn var å føretrekke. Ein forvaltingsregel for denne bestanden bør likevel ikkje vedtakast før 2020 slik at ein kan ta omsyn til resultata for snabeluer frå toktet i Norskehavet 2019.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2016

Føre-var tilnærming

<30

30

34

767

2017

Føre-var tilnærming

<30

30

31

773

2018

Føre-var tilnærming

<33

33

39

794

2019

Føre-var tilnærming

<54

54

2020

Føre-var tilnærming

<56

56

1 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote lik rådet frå ICES, men det er ikkje fastsett noko regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus.

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g.

Levetid: Maks 5 år.

Bestandstorleik (2019): Om lag 0,4 millionar tonn.

Kvote for 2020: 0 tonn.

Norsk fangstverdi (2019): 0 kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyt ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars–april, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2018 er på 675 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på 5 år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017) og fisket vart opna igjen i 2018, men vart på nytt stengt i 2019 og 2020. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Etter at bestanden vart målt til å vere låg både i 2015 og 2016, målte ein monaleg meir lodde enn venta på det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2017. Hausten 2018 fann ein igjen mindre lodde, og nedgangen heldt fram i 2019. Årsakene til det store spriket mellom målingane hausten 2016 og 2017 er ikkje klarlagde, men ein reknar med at målinga hausten 2016 var eit underestimat. Hausten 2019 estimerte ein den modnande delen av loddebestanden til å vere 302 000 tonn, og i følgje forvaltingsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gav dette ikkje rom for ein loddekvote i 2020.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2016

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

147

2017

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1723

2018

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<205

205

195

1056

2019

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

302

2020

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Både sildebestanden og makrellbestanden er nå på nedtur, mens kolmulebestanden framleis viser positiv bestandsutvikling. Makrellen har hatt svært god rekruttering fram til 2014, men rekrutteringa har blitt dårlegare dei siste åra basert på tilgjengelege data. Etter ein historisk ekspansjon inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har makrellbestanden si utbreiing og mengde minka ein del i vestlege og nordlege områdar dei siste åra.

Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. Førebels berekningar tyder på at 2016-årsklassen er over middels stor.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010 sidan bestandssituasjonen for både sild og kolmule vart vesentleg dårlegare. I dei seinare åra har den samla fangsten tatt seg opp igjen sjølv om sildebestanden fortsett er på eit lavt nivå.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2018

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2018

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre; eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og krill, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeden. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet (som alt er nemnt i det førre delkapittelet), er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å auke svakt. Også blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog, og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sild

Figur 4.25 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus.

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g.

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 4,0 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: 525 594 tonn av dette 399 451 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 1,58 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars, og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2018 er om lag 708 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden no er estimert til å være over 3.184 millionar tonn, som er den nye føre-var-grensa etablert i 2018. Tilrådd totalkvote for 2020 er på 525 594 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, i snitt så å sei på Fmgt (0.14) i perioden 2008–2016, slik den også er no.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<317

3172

383

4 535

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<437 2 (<646)

6853

722

4 490

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<384

4374

593

4 103

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen (ny av 2018)

<589

5895

3 965

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<526

5266

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordeling av TAC.

2 Korrigert råd i oktober 2017, opphavleg råd i parentes.

3 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2017, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC frå 61 til 67 prosent.

4 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2018, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC frå 61 til 70 prosent.

5 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2019, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC til 73 prosent.

6 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2020, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC til 76 prosent.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus.

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 4,4 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: 922 064 tonn (Noreg, EU og Færøyane), av dette 207 551 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 2,5 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad også gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2019 er 745 000 tonn, og uttaket har auka dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1.4 millionar tonn, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen vandra langt mot nord og vest, og nokre fangstar har vore tekne utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island, Færøyane, Russland og dei seinaste åra også Grønland.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå i 2014, men har sidan minka og stabilisert seg på om lag 4.4 millionar tonn i 2019. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødeligheten har minka sidan 2003, men er framleis høgare enn FMSY. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, der årsklassane frå og med 2011 er estimert til å være over gjennomsnittet. ICES sitt råd om fiske i 2020 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvarar ein fangst på 922 064 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, omtrent 20 prosent over Fmsy (0.27) i perioden 2008–2016, medan den no ligg litt over (4 prosent).

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Dette er på grunn av at Island, Grønland og Russland har gitt seg sjølve større kvoter enn det kyststatsavtalen mellom Norge, EU og Færøyane legg opp til.

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2016

MSY tilnærming

<7742

1 057

1 094

4 897

2017

MSY tilnærming

<857

1 021

1 156

4 692

2018

MSY tilnærming

<551

817

1 026

4279

2019

MSY tilnærming

<7703

653

835

4390

2020

MSY tilnærming

<922

922

1 Det var ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar. Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

2 Korrigert september 2016.

3 ICES rådet blei korrigert frå 318 000 tonn i oktober 2018 til 770 000 tonn mai 2019.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou.

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g.

Levetid: Sjeldan over 10 år, opptil 20 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 5,6 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: 1 161 615 tonn (Noreg, EU, Færøyane og Island), av dette 360 283 til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 883 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyt vest av Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2019 er 1 014 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende, og Island, EU, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. No er denne trenden snudd, og gytebestanden er attende på omlag same nivå som tidleg på 2000-talet. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og var over gjennomsnittsnivå fram til 2015. Rekrutteringa etter dette er estimert til å vere under gjennomsnittet igjen. Den auka rekrutteringa saman med lågare fiskepress i perioden etter 2010 førte til ein auke i bestanden. Bestanden har no stabilisert seg.

ICES sitt råd om fiske i 2020 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarar til ein fangst på 1 161 615 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, nesten 40 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2008–2013, medan den etter 2013 har lagt rundt 30 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0.32).

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

MSY-tilnærming

<776

1 1471

1182

5 018

2017

MSY-tilnærming

<1 342

1 6751

1 558

6 296

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 388

1 7281

1 711

6 315

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 144

1 444

5 577

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 162

1 1621

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore kring 500–700 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2018

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2018

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sild

Figur 4.37 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus.

Maksimal storleik: 35 cm og 400 gram.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2018): Om lag 1,9 millionar tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: 385 008 tonn, av dette 111 652 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 690 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2018 er kring 492 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn og er i gjennomsnitt på 117 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES ga i 2019 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 418 649 tonn i direktefisket i 2020, jf. tabell 4.10. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, heile 70 prosent under Fmsy (0.26) i perioden 2009–2011. I 2008 og 2012–2016, låg den i snitt 35% under, medan den no er rundt 25 prosent lågare. Årsaka til den låge fiskedødeligheita er ein kombinasjon av at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er dekka av Fmsy (2-6), samt ein auke i estimert bestandsnivå for heile tidsserien i førre bestandsvurdering.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<518

518

564

2 597

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<426

482

499

2 215

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<491

601

604

1870

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<291

385

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<419

385

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens.

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 228 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: Nordsjøen og Skagerrak: 79 813. tonn, av dette 41 503 tonn til Noreg; vestom Skottland: 8 280 tonn.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 489 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga (februar til mars) går føre seg langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2018 er kring 160 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klåre trendar, og har vore over føre-var grensa etter 1996. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2020 er basert på maksimalt langtidsutbyte, og gjev ein totalfangst på 88 093 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest av Skottland. EU og Norge har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, noko over Fmsy (0.363) i perioden 2008–2016 (8 prosent).

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<75

73

78

191

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<141

111

95

218

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<118

116

94

224

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<103

94

228

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<88

80

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua.

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 81 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: Nordsjøen og Skagerrak: 16 821. tonn, av dette 2 570 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 124 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klare skiljeliner mellom stammane. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2018 er kring 167 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 50 000 tonn, og har lege på dette nivået dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som ein bestand i forvaltingssamanheng. Etter i ein periode å ha auka noko frå det kritiske låge nivået i 2006, vurderer ICES no på ny gytebestanden til å vere under det kritiske nivået. Tilrådd kvote for 2020 er maksimalt 13 686 tonn, jf. tabell 4.12. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0.31). I perioden 2008–2016, var fiskedødeligheita i snitt 65 prosent over Fmsy, medan den no har auka til 82 prosent over.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Maksimalt langtidsutbyte

<49

40

51

117

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<47

45

47

107

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<53

53

49

102

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<29

34

81

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<14

17

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 237 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: Nordsjøen og Skagerrak: 37 846, av dette 7 992 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 23 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2018 er vel 163 000 tonn. Fangsten er gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på rundt 45 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019 årsklassen er vurdert til å vere den største sidan 1999. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte, meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 41 818 tonn i 2020, jf. tabell 4.13. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0.194) i perioden 2008–2016 (44 prosent), medan den no ligg 21 prosent over Fmsy.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Maksimalt langtidsutbyte

< 75

72

43

117

2017

Maksimalt langtidsutbyte

< 39

47

41

207

2018

Maksimalt langtidsutbyte

< 49

49

40

187

2019

Maksimalt langtidsutbyte

< 34

34

237

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<42

42

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 237 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: Nordsjøen og Skagerrak: 37 846, av dette 7 992 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 23 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2018 er kring 56 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane i fisket, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men 2016-årsklassen var over snittet for dei siste åra. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 22 082 tonn i 2020. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, 33 prosent over Fmsy (0.172) i perioden 2008–2016, medan han no ligg 19 prosent over.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg forvaltingsplanen

<31

15

33

159

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<24

16

29

167

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<26

22

28

173

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<25

19

163

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<22

19

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa.

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 1 052 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2020: 166 499 tonn, av dette 10 673 tonn til Noreg.

Norsk fangstverdi (2019): Om lag 1,1 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2019 var den norske fangsten på 59 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2017 er kring 163 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2020 ikkje bør overstige 166 499 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, omtrent 10 prosent under Fmsy (0.21) i perioden 2008–2016, som no.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2016

Følg andre steg i forvaltingsplanen

<216

144

137

929

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<158

148

114

1002

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<142

128

106

968

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<143

142

1052

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<166

166

Boks 4.16 Kysttorsk

Sør for 62°N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk i Sør-Noreg har over tid vorte dårlegare, spesielt frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført ei rekkje tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlinja frå Telemark til svenskegrensa. I same område er det og forbod mot å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket med garn og botntrål har dispensasjon frå tiltaka. I områda der torsken gyt er det totalt fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og anna anadrom fisk samt undervassjakt. I tillegg vert selkvota i området auka med 20 prosent for å minke konkurransen om byttedyr. Tiltaka vil vurderast av departementet etter tre år.

I prosjektet «Krafttak for kysttorsken» (2017–2020) er målet å auke kunnskapen for gjenoppbygging av bestandar som dei siste åra har minka i Ytre Oslofjord, særleg torskefiskane torsk, lyr, sei og kviting. I same periode har den menneskelege påverkinga auka og svekka miljøtilstanden i fjorden. Torsk er dessutan ein art som lever i kaldt vatn, så i Skagerrak lever fisken i den sørlege delen av sitt utbreiingsområde. Temperaturauken ein har observert her siste tiåret ser ut til å påverke bestanden negativt (direkte og indirekte gjennom mellom anna på tilgang på føde). Det er difor usikkert om Oslofjorden i dag kan «bere» like store fiskebestandar som ein hadde i tiåra før fisken byrja å forsvinne på 1990-talet. Ei sterk torskestamme i Øresund, med låg fiskedødelegheit og brei samansetning i alder og storleik, gir likevel grunn til forsiktig optimisme. Botntråling har vore forbode i Øresund sidan 1932. Torsk rekrutterer framleis til oppvekstområde i ytre Oslofjord, men forskingsfangstane vert dominert av 0–2 år gamle individ – med svært få torsk over 40 cm (eldre enn 2 år). Yrkesfisket med botntrål etter reke i indre Oslofjord har dispensasjon frå kravet om sorteringsrist, noko som fører til fangst av potensielt gytande torsk utanfor tiltaksområda/forbodstida.

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget om tilstanden til kysttorsk vesentleg dårlegare, då ein manglar standardisert overvaking.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvaka med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober-november, og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. Det ligg føre ein gjenoppbyggingsplan, og det har blitt innført tekniske reguleringar som mellom anna fjordlinjer, men desse ser ikkje ut til å ha hatt den ønska effekten. ICES har difor tilrådd at det blir utvikla ein ny gjenoppbyggingsplan, og det er sett ned eit utval som skal vurdere og komme med forslag til dette. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaust-arktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skapar problem for fisket etter nordaust-arktisk torsk.

Bestandsmålinga hausten 2019 viste ein betydeleg oppgang i gytebestanden frå året før. Frå 2013 til 2014 vart det observert ein liknande sterk oppgang, men bestandsmålingane i 2015 viste så ein nedgang til nivået i 2013. Ein bør difor vere varsame med tolkinga av resultatet i eit enkelt år. Rapporten frå kysttoktet 2019 vil som vanleg bli oversendt NFD når den er klar.

Til forsida