Meld. St. 13 (2019–2020)

Noregs fiskeriavtalar for 2020 og fisket etter avtalane i 2018 og 2019

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2018 og 2019

Dette kapittelet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2018 og 2019. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalane og i kva grad partane som får tildelt kvotar i havområda under norsk jurisdiksjon, faktisk nyttar desse kvotane.

Norske fiskarar nyttar generelt kvotane godt. For dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1. For mange fiskeartar er det innført kvotefleksibilitet over år, dette gjeld mellom anna torsk, hyse, sei, norsk vårgytande sild, kolmule, sild sør for 62°N og makrell. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte år vil difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjeld er markert i fotnotane i tabellane i dette kapittelet. Innføring av kvotefleksibilitet over år har gjort at kvotane i dei fleste tilfella blir fullt utnytta av alle partar Variasjon i kvoteutnytting kan til dømes reflektere fiskeflåten si tilpassing til prisvariasjon over år, prioritering av anna aktivitet eller dårlege fangstforhold.

Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2018 og 2019

Utnyttingsgrad1

2018

2019

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

105 %

98 %

Hyse

93 %

108 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

94 %

91 %

Sei

72 %

105 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild

90 %

109 %

Makrell

99 %

104 %

Kolmule

97 %

104 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

På dei bestandane som vi deler med Russland nyttar Noreg kvotane stort sett godt. Russland fiskar store delar av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS) og fiskevernsona ved Svalbard.

Noreg nyttar kvotane på fellesbestandane i Nordsjøen godt med unntak av hyse og raudspette. Torskebestanden er i nedgang og kvoten for 2019 vart senka med ein tredjedel samanlikna med kvoten i 2018.

Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU dei seinare åra hatt relativt god utnytting av dei fleste fellesbestandane i Nordsjøen, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

Med unntak av hyse og kviting har Sverige nytta sine kvotar, som dei får ut frå nabolandsavtalen i norsk økonomisk sone, godt.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane og sonetilgangen av dei pelagiske artane makrell, nordsjøsild, kolmule og havbrisling, i tillegg til blåkveite og lange, spesielt godt nytta. Årsaka til dette var mellom anna fiskeflåten sitt driftsmønster.

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og torsk, mens EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak.

Noreg sitt hovudfiskeri i Færøysonen er brosme og lange/blålange. Norske fartøy har ikkje nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i særleg grad dei siste åra. Noko av forklaringa er høge kvotar av torsk og hyse i Norskehavet og Barentshavet. Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk og sei i NØS begge åra. Hysekvoten vart dårleg nytta i 2019. Når det gjeld pelagiske fiskeri, har dei god tilgang i andre soner.

Noreg har hatt godt utbyte av kvotane i Grønland si sone i 2018 og 2019. Det same har Grønland i NØS nord for 62°N. Grønland har fiska med tre fartøy i åra 2018 og 2019.

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket, noko som gjer reguleringa meir rettferdig.

Island har tradisjonelt nytta torskekvoten som dei er tildelt i NØS nord for 62°N godt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst.

Sett bort frå sesongen 2018/2019, då det ikkje vart opna for fiske, har Noreg nytta heile loddekvoten sin ved Island, Grønland og Jan Mayen. Dette har mellom anna samanheng med at Noreg dei siste åra har hatt full sonetilgang til islandsk sone. Sidan det ikkje har vore opna for eit sommarfiske på fleire år, har det berre vore mogleg å fiske lodde ved Island om vinteren. Per 10. februar 2020 er det ikkje klart om det blir opna for eit loddefiske sesongen 2019/2020.

Figur 5.1 Fiske er viktig for livet langs kysten

Figur 5.1 Fiske er viktig for livet langs kysten

Foto: Johan Wildhagen Norges Sjømatråd

5.1 Tosidige avtalar

5.1.1 Noreg – Russland

Noreg har i all hovudsak ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russisk sone. Justert for kvotefleksibilitet ligg utnyttingsgraden på 100 prosent for torsk og hyse, bortsett frå at utnyttingsgraden på hyse var på 91 prosent i 2018. Dette skuldast i all hovudsak høg torskekvote og liten interesse i kystfiskeflåten for å fiske hyse kombinert med låg tilgang på hyse i kystnære strok. Fiskeridirektoratet har i samråd med fiskerinæringa justert reguleringa i løpet av åra ved å innføre høg overregulering og fritt fiske for å legge til rette for at norsk hysekvote kan nyttast fullt ut. Noreg utnytta berre 67 prosent av kvoten på snabeluer i 2019, og dette skuldast truleg stor auke i totalkvoten dei siste åra.

Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk3

356 418

333 956

373 850

326 498

Hyse3

101 605

86 689

94 072

93 996

Blåkveite

13 755

13 755

13 749

13 909

Uer (Sebastes Mentella)

19 514

34 705

18 368

11 341

Lodde4

122 500

-

123 460

-

1 Etter tilbakeføring av uutnytta kvote avsett til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15. januar 2020, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det blei ikkje opna opp for kommersielt fiske etter lodde i 2019, berre tildelt forskingskvantum.

Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandene i Barentshavet

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk3

338 159

316 697

340 359

306 470

Hyse3

90 230

76 080

90 486

71 079

Blåkveite

12 225

12 225

12 072

Uer (Sebastes Mentella)

7 878

7 696

Lodde4

82 500

-

65 934

-

1 Etter overføring til Noreg, men før eventuell tilbakeføring av uutnytta tredjelandskvote.

2 For 2017 vart fangsttala utveksla i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Fangsttala for 2018 er rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite og uer er ikkje med i dei rapportane.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det blei ikkje opna opp for kommersielt fiske etter lodde i 2019, berre tildelt forskingskvantum.

Tabell 5.4 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk

200 000

200 000

7 086

5 293

Hyse

47 000

47 000

7 206

4 556

Blåkveite

13 005

13 005

28

3

Uer (Sebastes Mentella)

21 514

36 705

-

Lodde

120 000

-

2

-

Reker

4 000

6 000

3 923

6 032

Grønlandssel2

7 000

7 000

2 241

602

Steinbit

2 500

1 000

411

163

Flyndre

200

200

-

Bifangstkvote

500

500

42

17

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 3. februar 2020.

2 Talet på dyr, ikkje tonn.

Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS Nord for 62°N

Torsk

200 000

200 000

99 873

115 841

Hyse

47 000

47 000

19 170

11 680

Blåkveite

11 475

11 475

692

1 978

Lodde

80 000

-

53 916

-

Sei2

12 000

12 000

11 945

11 858

Steinbit

5 000

5 000

4 895

3 167

Uer3

2 000

2 000

2 200

1 124

Snabeluer3

7 878

11 626

3 612

6 981

Kolmule

24 157

19 906

-

-

Norsk vårgytande sild

55 990

75 806

995

413

Andre artar

2 500

2 500

342

453

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

55 990

75 806

-

-

Kolmule

24 157

19 906

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 3. februar 2020.

2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 3 000 (2 000) tonn verte fiska i eit direktefiske i 2018 (2019).

3 Russiske fartøy kunne fiske snabeluerkvoten i eit direktefiske i NØS nord for 62°N; resterande uer kunne berre takast som bifangst.

Russland utnyttar også kvotane sine godt, dei fiskar betydelege delar av sine kvotar av torsk, sei, steinbit og uer i norsk økonomisk sone. Når det gjeld det russiske fisket av norsk vårgytande sild i 2018 og 2019 fiska dei derimot ein svært liten del i norske farvatn. Årsaka til dette var dårleg tilgang på sild i norske farvatn og at silda oppheldt seg store delar av hausten i internasjonalt farvatn.

5.1.2 Noreg – EU

Tabell 5.8 viser fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Det er til dømes tilfellet med kolmule, makrell og fellesbestandane i Nordsjøen. Avvik kan komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske arten. I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei fleste viktige bestandane godt nytta.

Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk

6 955

4 622

5 577

4 531

Hyse

9 306

5 652

1 434

1 519

Sei4,6

54 382

47 999

39 164

50 369

Kviting

1 906

1 219

1 031

1 106

Raudspette5

7 585

8 480

69

57

Nordsjøsild3,6

176 162

112 722

164 945

128 761

1 Etter overføringar til/frå EU og tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. januar 2020.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.

4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.

5 Etter at 300 tonn overført til Skagerrak.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk

35 819

24 433

30 054

23 205

Hyse

32 461

22 591

27725

23 857

Sei4

50 531

44 735

41 759

37 348

Kviting

20 651

15 972

12 625

14 089

Raudspette

104 758

116 655

49 507

39 230

Nordsjøsild3,4

426 417

273 356

406 549

242 978

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala vart utlevert under forhandlingane mellom Noreg og EU 13. desember 2019.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 9 669 i 2018 og 13 190 i 2019. Av desse vart høvesvis 8 549 tonn og 5 079 tonn fiska (tall frå Fiskeristyrelsen i Danmark).

4 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar og fangstar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

EU-farvatn

Makrell2,10

183 857

147 085

156 884

129 355

Sild3

60 000

60 000

57 592

55 684

Augepål

15 000

14 500

12 666

14 839

Kolmule

337 975

287 755

345 267

267 251

Havbrisling9

10 000

10 000

9 776

10 588

Hestmakrell

2 550

2 550

72

78

Torsk3

6 955

4 622

2 624

2 091

Hyse3

8 599

5 652

570

496

Sei3,4

55 022

48 939

16 942

17 682

Blålange

150

250

134

212

Lange5

7 500

8 000

6 578

5 774

Brosme5

2 923

2 932

1 426

1 284

Kviting3

1 406

1 219

837

545

Raudspette3

7 585

8 480

11

10

Sjøtunge

10

10

3

1

Blåkveite6

1 100

1 250

916

844

Kombinert kvote

250

280

230

188

Andre artar8

5750

6 750

2 604

2 344

Vest-Grønland

Blåkveite

575

575

575

575

Skolest/Isgalt

80

40

8

4

Aust-Grønland7

Reker

1 500

1 200

-

-

Blåkveite

575

575

575

575

Uer7

628

561

628

561

Skolest/Isgalt o.a.

20

25

13

-

1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak bortsett frå sei.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. januar 2020.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sona og i NØS. Berre fangstar frå EU-sona vert rapportert.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område 6a.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan førast mellom brosme- og langekvotane.

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområde 2a og 6, i område 6 berre med line.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg verte fiska i internasjonalt farvatn.

8 Område 4 og 2a.

9 Havbrisling i EU-sona tildelt i 2018 og 2019 kan verte fiska i perioden 1. juli – 31. mars. Dette er reflektert i fangsttala.

10 Noreg kan fiske heile sin kyststatsdel av makrell i EU-farvatn. I 2018 var dette 183 857 tonn. Av dette kunne Noreg fiske 36 771 tonn i EU-farvatn i ICES statistikkområde 6a (nord for 56º30’N). Av dette kunne Noreg fiske 14 609 tonn i EU-farvatn i ICES statistikkområde 2a, og 7 d, e, f og h. Vidare kunne Noreg fiske 3 000 tonn av totalkvoten i ICES statistikkområde 3a (Skagerrak).

Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1(tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS, Nord for 62°N

Torsk4

23 008

21 518

25 572

24 985

Hyse

1 200

1 100

1 014

1039

Sei

2 550

2 550

2 522

2555

Blåkveite

50

50

117

66

Uer

1 500

1 500

1 086

1445

Kolmule

227 975

187 855

5

30

Makrell

14 609

11 687

-

-

Norsk vårgytande sild

25 487

34 484

18 880

14876

Andre artar

350

350

348

403

NØS, Nordsjøen

Torsk2

31 132

21 236

8 419

4 625

Hyse2

24 146

16 804

4 540

3 734

Sei2

50 531

58 524

12 381

11 219

Kviting2

13 991

10 821

508

622

Lange

1 350

1 350

980

836

Brosme

170

170

35

43

Breiflabb

1 700

1 700

1 500

1 487

Raudspette2

42 986

47 868

8 062

6 919

Makrell3

402 596

21 494

17

30

Nordsjøsild2

50 000

50 000

776

-

Kolmule

227 975

187 855

-

-

Reker

211

200

70

75

Sjøkreps

800

600

41

92

Andre artar

10 000

11 000

8 828

6 529

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

25 487

34 484

-

-

Kolmule

227 975

187 855

-

-

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 3. februar 2020. Tala er basert på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU har full sonetilgang på sin kyststatsdel i 4a, ytterlegare avgrensa av kva EU sjølv fastsetje sonetilgang til å vera.

4 På grunn av uvisse om kvaliteten på elektroniske rapportar har ikkje fisket vore stoppa sjølv om registrerte fangstar har vore høgare enn kvoten. Frå og med 2020 vil Noreg stoppe fisket trass i slik uvisse.

Noreg får også kvotar i grønlandsk farvatn gjennom forhandlingane med EU, jf. tabell 5.8. Tradisjonelt har blåkveitekvoten på Vest-Grønland vore best nytta, men dei siste åra har også blåkveitekvoten på Aust-Grønland vore nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker, dette på grunn av at det har vore vanskeleg å finne denne arten.

Tabell 5.9 viser EU sine kvotar og fangstar i norske havområde. I NØS i Nordsjøen er kvotar både i 2018 og 2019 sett saman av fleire kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg, «kolmuleavtalen», «makrellavtalen» og den bilaterale soneadgangsavtalen mellom EU og Noreg.

Fisket i Skagerrak og Kattegat

I Skagerrak og Kattegat har EU dei siste åra nytta best kvotane på torsk, sild og reker. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk2

7 736

4 069

5 036

3 184

Hyse

2 461

1 706

742

590

Kviting

1 031

1 630

213

103

Raudspette2

15 036

16 446

5 976

7 402

Sild3

41 968

25 415

39 549

22 460

Brisling

24 627

24 627

4 100

5 616

Reker2

3 327

2 304

2 887

2 646

1 Fangsttala vart utlevert under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2019.

2 Torsk, raudspette og reker kan berre verte fiska i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote på sild på 6 659 tonn i 2018 og 2019. Av desse er høvesvis 365 tonn og 363 tonn fisket (tall frå Fiskeristyrelsen i Danmark).

Det norske fisket i Skagerrak har i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. Noreg har til døme ein ganske stor kvote på kystbrisling som blir lite nytta. Dette fiskeriet har vore eit kombinasjonsfiskeri av brisling og sild som har funne stad på dei tradisjonelle felta i Oslofjorden. Det var i 2018 berre éin brislingfiskar i dette området, medan det var tre fiskarar som fiska etter brisling i 2019. På grunn av store område og tilgang på brisling vert denne kvota difor dårleg nytta.

Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2018 og 2019.

Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk4

259

136

108

38

Hyse

108

75

36

27

Kviting

19

30

5

3

Raudspette3

607

636

23

8

Sild2,6

3 229

1 955

3 411

2 472

Brisling

1 997

1 997

315

252

Reker5,6

5 239

3 859

5 122

4 117

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. januar 2020.

2 Tabellen viser Skagerrakkvoten eksklusive den delen av kvoten som kan takast ut i Nordsjøen.

3 Av dette 300 tonn overført frå Nordsjøen.

4 Utanfor grunnlinjene.

5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne verte fiska i Skagerrak utgjorde i 2018 og 2019 høvesvis 2 903 og 2 10 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak vert difor forvalta som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2018 fiska norske fartøy 3 665 tonn i Skagerrak og 1 457 tonn i Nordsjøen. I 2019 vart det av norske fartøy fiska 2 898 tonn i Skagerrak og 1 219 tonn i Nordsjøen

6 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

Noreg – Sverige

Noreg har ein nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gir svenske fiskarar rett til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2018 og 2019 er vist i tabell 5.12. Med unntak av hyse og kviting nyttar Sverige desse kvotane godt.

Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

235

315

Hyse

707

707

92

102

Sei

880

880

76

872

Kviting/lyr

190

190

32

40

Industrifiske2

800

800

743

800

Makrell

354

253

354

253

Sild

1 239

886

1 239

886

Reker

123

123

94

104

Andre artar3

-

-

74

131

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket per 13. januar 2020.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kan maksimalt 400 tonn vere hestmakrell.

3 Det blir ikkje tildelt ein fast kvote av andre artar, men fangstane skal vere på tradisjonelt nivå.

5.1.3 Noreg – Færøyane

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i større grad dei siste åra, og norske fartøy sitt fiske etter botnfisk i færøysk sone blei stoppa 6. september 2019.

Færøyane har nytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska noko særleg makrell i NØS nord for 62°N, eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2018 eller 2019. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Lange/blålange

2 200

2 300

1 227

2 686

Brosme

1 801

1 921

985

1 460

Sei

150

100

15

36

Makrell

42 002

34 798

-

-

Kolmule2

32 640

30 000

8 726

2 452

Andre artar

800

800

206

372

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 2. februar 2020. Fangst justert som følgje av fiske i det sørlige området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2020.

Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

8 365

8 060

8 001

7 970

Hyse2

1 400

1 375

1 093

588

Sei

500

500

421

491

Makrell

36 023

28 819

4 723

6 249

Andre artar3

200

400

194

220

NØS, Nordsjøen

Makrell

36 023

28 819

-

-

Fiskerisona ved Jan Mayen

Makrell

36 023

28 819

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 2. februar 2020.

2 Inkluderer kvotar overført frå russisk økonomisk sone.

3 Inkluderer uer, sei og blåkveite.

5.1.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2018 og 2019 går fram av tabell 5.15. I tillegg kunne norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU, sjå tabell 5.8.

Kvotane på torsk og blåkveite vart godt nytta. Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan óg verte fiska i internasjonalt farvatn. Desse kvotane blir godt nytta.

Grønland sine kvotar i NØS blir som regel godt utnytta, jf. tabell 5.16. I 2018 og 2019 var det tre fartøy som fiska dei grønlandske kvotane i norske havområde.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

916

922

Aust-Grønland:

Blåkveite

400

400

350

385

Kveite

10

10

6

17

Uer

1 000

1 000

643

984

Brosme

340

340

228

311

Skolest

100

100

100

78

Bifangst av andre artar

150

150

32

95

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

1 200

1 200

1 118

1 189

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2020

Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområder

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 450

8 166

8 298

7 535

Hyse

1 450

1 503

1 158

1 002

Sei

500

500

464

414

Andre artar

300

300

253

189

1 Grønland overførte 4 450 torsk og 550 tonn hyse frå Russland til NØS i 2018. I 2019 vart 4 166 tonn torsk og 603 tonn hyse overført fra Russland.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 3. februar 2020.

5.1.5 Noreg – Island

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra, jf. tabell 5.17 som viser norske kvotar og fangstar i islandsk sone. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. To nye fartøy får vere med i dette fisket kvart år.

Island har tradisjonelt nytta godt torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan takast som bifangst. Tabell 5.18 gir eit oversyn over islandske kvotar og fangstar i norske havområde.

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Brosme, lange, blålange

500

500

526

504

Uer2

-

-

31

43

Anna2

-

-

73

36

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2020.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

NØS, Nord for 62°N

Torsk

7 055

6 592

7 036

6 583

Hyse2

-

-

718

391

Sei2

-

-

112

136

Andre artar2

2 117

1 978

102

91

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 3. februar 2020.

2 Bifangst inntil 30 prosent. Fangst av hyse og sei blir belasta kvoten for andre artar.

5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.2.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.

Som fylgje av at Færøyane hausten 2012 fremja krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det sett av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med deira del frå 2007. Det vart ikkje semje om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med anbefalinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg fram eit forslag til forvaltingstiltak i NEAFC sitt konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det blant anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltingsplanen. Tre partar stemte for, ein imot og ein part valde å ikkje stemme. Noreg sitt forslag vart difor vedteke. For åra 2017 til og med 2019 har partane vorte samde om ei totalkvote for nvg-sild. Andelsfordelinga er det ikkje semje om og partane set seg unilaterale kvotar. Fordelinga av kvotar for 2018 og 2019 er gitt i tabell 5.19 og 5.20.

Figur 5.2 Hysefiske med line på «banken» utanfor Berlevåg. Biletet er tatt av ein kontrollør som lot seg imponere av kvaliteten på fangsten

Figur 5.2 Hysefiske med line på «banken» utanfor Berlevåg. Biletet er tatt av ein kontrollør som lot seg imponere av kvaliteten på fangsten

Foto: Norges Råfisklag

Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20181

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2019

EU

28 319

2 889

31 208

29 549

1 659

Færøyane

88 350

13 280

-11 600

90 030

81 111

8 919

Island

72 428

14 418

86 846

81 858

4 988

Noreg

304 500

23 648

328 148

332 028

-3 880

Russland

55 767

223

9 100

65 090

64 184

352

Totalt

549 364

54 458

-2 500

601 322

588 730

12 038

Grønland

25 000

2 500

27 500

2 891

2 500

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane i oktober 2019.

Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvoten i eiga sone. EU tok tidlegare størstedelen av kvoten sin i norsk sone. I dei siste åra har EU, som Russland, i hovudsak fangsta i norsk sone og internasjonalt farvatn. Grunna god tilgang på sild i internasjonalt farvatn fiska Russland i 2018 og 2019 svært lite i norske farvatn. Noreg har tradisjonelt fiska nesten heile kvoten i eiga sone, men i 2018 og 2019 vart drygt 11 og 26 prosent av all fangst av norske fartøy tatt i internasjonalt farvatn. Årsaka var at silda stod langt til havs.

Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20191

Stat

Kvote

Balanse 2018

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

38 315

1 659

39 974

35 354

Færøyane

124 657

8 919

-11 755

121 821

97 304

Island

102 174

4 988

107 162

108 406

Noreg

429 650

-3 880

425 770

451 166

Russland

75 454

352

8 555

84 361

83 224

Totalt

770 250

12 037

-3 200

779 087

775 094

Grønland

25 000

3 200

28 200

3 323

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane i oktober 2019. Islandske fangstar er frå fiskistofa.is og Noreg sine frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 30. januar 2020. Andre fangsttal er førebelse tal frå NEAFC sin fangststatistikk.

5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Etter mange forhandlingsrundar sidan 2015, inngjekk kyststatane ein ny trepartsavtale juni 2018.

Hausttoktet i 2018, samt tokt gjennomført i januar og februar 2019 gav dårleg resultat, slik at det ikkje vart funne grunnlag for å opne for eit loddefiske, sesongen 2018/2019.

5.2.3 Kolmule

Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.

I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule, byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.

Noreg fiska både i 2018 og 2019 på forskot på neste års kvote – som i føregåande år. I begge åra fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i EU-sona vest av og nord for Irland. Trass i kyststatsavtalar utan fordeling av totalkvoten og unilateral kvotefastsetjing dei siste åra, har Noreg gjennom bilaterale avtalar med EU og Færøyane tilgang til å fiske delar av kvoten i sonene til EU og Færøyane. Sonetilgang i EU-sona vart, som normalt, godt nytta begge åra, medan tilgangen til Færøy-sona vart nytta i liten grad.

Tabell 5.21 og 5.22 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane nyttar kvotane godt.

EU-fartøy og færøyske fartøy har dei siste åra fiska den største delen av sine kvotar i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i færøysk sone og i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.21 Kvotar og fangstar av kolmule i 20181

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2019

EU

574 836

55 597

-117 500

512 933

432 081

80 852

Færøyane

493 081

15 599

-89 500

419 180

352 496

66 684

Island

293 000

18 821

-1 500

310 321

287 092

23 229

Noreg

335 257

-26 406

85 843

394 694

438 426

-43 732

Totalt

1 696 174

63 611

-122 657

1 637 128

1 510 095

127 033

Russland

102 945

8 779

106 657

218 381

170 892

47 489

Grønland

7 514

153

16 000

23 667

23 333

334

1 Tala er innrapportert frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2019.

Tabell 5.22 Kvotar og fangst av kolmule i 20191

Stat

Kvote

Balanse 2018

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

473 691

57 484

-107 400

423 775

327 827

Færøyane

406 307

64 064

-87 000

383 371

317 240

Island

241 000

23 229

-2 000

262 229

268 351

Noreg

276 257

-43 732

79 994

312 519

351 292

Totalt

1 397 255

101 045

-116 406

1 381 894

1 264 710

Russland

84 828

8 795

102 906

196 529

182 230

Grønland

6 192

334

13 500

20 026

18 272

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2019. Islandske fangstar er frå fiskistofa.is, og Noreg sine frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 30. januar 2020. Andre fangsttal er førebelse tal frå NEAFC sin fangststatistikk.

5.2.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.23 og 5.24 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane, og overføringane over år. Noreg fiska både i 2018 og 2019 på forskot på neste års kvote medan dei andre partane tok med seg unytta kvantum til neste år.

Den norske kvoten vert fiska opp kvart år. Det har likevel vore utfordrande undervegs i fisket, særleg i kystgruppa. For å få ei enklare regulering og sikre at kvoten i kystgruppa vore tatt har det dei seinare åra vorte jobba med ei samanslåing i denne gruppa. Dette arbeidet vart sluttført i 2018 og kystgruppa si regulering vart endra frå 2019.

Figur 5.3 

Figur 5.3

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Tabell 5.23 Kvotar og fangstar av makrell i 20181

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2019

EU

402 599

44 564

354

447 517

404 382

43 135

Færøyane

102 924

6 508

-20 879

88 553

80 929

7 624

Island

134 772

9 049

-200

143 621

140 716

2 905

Noreg

183 857

-8 531

5 625

180 951

187 222

-6 271

Grønland

66 365

0

0

66 365

62 979

0

Totalt for kyststatane

890 517

51 590

-15 100

927 007

876 228

47 393

Russland2

109 415

125

15 100

124 640

118 255

6 385

1 Tala er innrapportert frå deltakande parter under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2019.

2 Kvote- og fangsttal for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC.

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 201912

Stat

Kvote

Balanse 2018

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

322 077

43 135

253

365 465

322 541

Færøyane

82 339

7 624

-19 779

70 184

58 108

Island

140 240

2 905

-200

142 945

125 521

Noreg

147 085

-6 271

5 726

146 540

160 649

Grønland

70 411

0

0

70 411

29 728

Totalt for kyststatane

762 152

47 393

14 000

795 545

696 547

Russland

108 840

6 152

-14 000

114 992

126 544

1 Kvotar er innrapportert frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2019.

2 Fangsttala er basert på foreløpige innrapporterte tal til NEAFC. For Russland er både kvote- og fangsttal basert på innrapporterte tal til NEAFC.

5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltingsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU. Deltakinga i fisket har variert frå år til år. Dei to siste åra har eitt norsk fartøy deltatt i fisket, og kvoten har vorte godt utnytta, jf. tabell 5.25.

Tabell 5.25 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1,2 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Snabeluer

878

792

870

772

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2020.

2 I fisket etter snabeluer i NEAFC-område har partane bestemt at omrekningsfaktoren 1,7 skal nyttast ved fangstrapportering til NEAFC-sekretariatet. Det er óg dette som ligg til grunn for Fiskeridirektoratet si vurdering av kva tid fisket må stoppast samt fangsttala i tabell 5.25.

5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Sidan 2010 har det vore stor interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2018 deltok tre norske fartøy i dette fisket, medan to norske fartøy deltok i 2019. Kvoten vart fullt utnytta i begge åra.

Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2018

2019

2018

2019

Torsk

1 031

1 619

1 043

1 634

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2020.

Til forsida