Meld. St. 15 (2016–2017)

Eit moderne og framtidsretta NRK — Finansiering og innhaldsplikter

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

I kapittel 2 konkluderer departementet med at endringar i teknologi og mediebruk gjer det nødvendig med ein ny modell for offentleg finansiering av NRK. Departementet varslar på bakgrunn av dette at det vil arbeide vidare med ein modell for framtidig finansiering av NRK gjennom ei øyremerkt medieavgift. Når utgreiinga er ferdig vil departementet vurdere innkrevjingsmodellen opp mot ordinær finansiering over statsbudsjettet, før eit lovforslag blir fremja for Stortinget. Arbeidet vil bli gjennomført innanfor dei eksisterande budsjettrammene. Ein ny finansieringsmodell for NRK kan tidlegast innførast i 2019. I mellomtida vil departementet sende på høyring eit forslag om at plombering ikkje skal gi fritak for kringkastingsavgift. Tiltaket kan bidra til at inntektsgrunnlaget til NRK blir halde oppe i noko større grad i perioden fram til ein ny finansieringsmodell er innført.

Kapittel 3 inneheld forslag til ny NRK-plakat. NRK-plakaten er forenkla samanlikna med den noverande plakaten. Føresegner som er tekne ut av plakaten vil i hovudsak bli vidareførte i NRK-vedtektene. I plakaten er det fastsett eit generelt prinsipp om at allmennkringkastingstilbodet til NRK ikkje skal innehalde reklame. NRK kan i dag ha reklame på nettilbodet sitt. Selskapet har likevel ikkje gjort seg nytte av dette sidan 2010. Endringa har i praksis ingen økonomiske konsekvensar for NRK. Det same er tilfellet for andre justeringar i plakaten.

I kapittel 4 varslar departementet at det vil innføre eit system der det kvart fjerde år vil leggje fram eit styringssignal om storleiken på NRK sine økonomiske rammer for den kommande fireårsperioden. Det vil gi NRK eit betre grunnlag for å planleggje langsiktig, og det vil truleg gi ei meir effektiv ressursutnytting. Departementet vil i samband med utarbeidinga av styringssignalet vurdere allmennkringkastingsoppdraget og korleis NRK si verksemd verkar inn på konkurransen i mediemarknadene. Det vil bli gjort innanfor dei gjeldande budsjettrammene.

Kapittel 5 inneheld ei drøfting av korleis eigarskapet i NRK bør forankrast. Departementet varslar ingen endringar, og det blir derfor heller ingen økonomiske eller administrative konsekvensar. Tilsvarande gjeld for kapitla 7 og 8, som tek for seg høvesvis direktesending av store idrettshendingar og vidarebruk av NRK-arkivet.

Til forsida