Meld. St. 22 (2014-2015)

Finansmarknadsmeldinga 2014

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram Finansmarknadsmeldinga 2014.

Kapittel 2 handlar om struktur og trendar i den norske finanssektoren og utsiktene for finansiell stabilitet. Kapittelet inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve, det makroøkonomiske biletet, risikoutviklinga og soliditet og resultat i finansinstitusjonane.

Kapittel 3 handlar om ein heilskapleg politikk for finansmarknaden, og gjev mellom anna eit oversyn over nokre av dei verkemidla styresmaktene tek i bruk for å sikre god handsaming av risiko og eit godt kundevern på finansmarknaden. Kapitlet omhandlar også korleis finanssektoren medverkar til effektiv ressursbruk i økonomien, og føresetnadane for produksjon av finansielle tenester i Noreg.

Kapittel 4 gjev eit oversyn over viktige internasjonale avtalar og korleis dei set rammer for finansmarknadsreguleringa i Noreg.

Kapittel 5 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2014.

Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2014 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vart utøvd. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2014.

Kapittel 8 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet i 2014, medan kapittel 9 inneheld ei omtale av verksemda til Statens finansfond i 2014. Kapittel 10 omhandlar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2014.

Til forsida